AllCare Solutions AS, et rekrutteringsselskap, søker 1 barnehagelærer til fast 100 % stilling i Trondheim-området. Frist 15. oktober 2026.
Barnehagelærar, i inntil 100% vikar
Gulen Kommune · Gulen, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Gulen kommune søkjer ein barnehagelærar til eit vikariat i inntil 100% stilling ved Byrknes barnehage og skule. Vikariatet varer frå rundt midten av desember og ut april 2027, med moglegheit for forlenging. Stillinga er ei heiltidsstilling, og det er 1 ledig plass. Arbeidsstad er Gulen. Arbeidsoppgåvene omfattar planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering av det pedagogiske arbeidet, leiing og involvering av personalet på avdelinga, samt samarbeid med føresette og rettleiing av kollegaer.
Om arbeidsgjevaren
Byrknes barnehage er ei underining til næringsdrivande og offentleg forvaltning, og driv innanfor bransjen førskuleundervisning og barnehagedrift. Verksemda har 12 tilsette og held til i Gulen kommune. Som ein kommunal barnehage inngår ho i eit større barnehagenettverk i kommunen, med fokus på fagleg utvikling, rettleiing og tett samarbeid mellom einingane.
Søknad og frist
Søknadsfristen er 4. oktober 2026.
Om stillingen
Om stillinga
Det er ledig i inntil 100% vikariat som barnehagelærar, for tida ved eining Byrknes barnehage og skule, frå rundt midten av desember og ut april 2027. Det kan verte aktuelt med noko forlenging av vikariatet.
Gulen kommune søkjer ein engasjert barnehagelærar med fagleg god kompetanse og eit stort hjarte for barn. Me legg vekt på at barn skal møte trygge og kompetente vaksne som gir barna ein god start på vegen vidare i livet. Ynskjer du å gi barn i barnehagen opplevingar, erfaringar, utfordringar og meistringsopplevingar, då må du søke stilling hjå oss.
Følg link for meir informasjon om barnehagen: Byrknes barnehage - Gulen kommune
Barnehagane i Gulen har:
- Eit sterkt fokus på fagleg utvikling, kor idear og innspel frå både nyutdanna og erfarne medarbeidarar vert verdsett
- Små og oversiktlege barnehagar som gir nærleik, gode relasjonar og ein trygg start for deg som er ny i yrket
- Eit godt, varmt og inkluderande arbeidsmiljø
- Rettleiing og støtte som del av arbeidskvardagen
- Eit godt fagleg nettverk og tett samarbeid mellom barnehagane i kommunen
Arbeidsoppgåver
- Planlegge, setje i verk, dokumentere og evaluere det pedagogiske arbeidet i tråd med rammeplanar, lovverk og kommunen sine strategiplanar og fokusområde.
- Leie, planlegge og involvere resten av personalet i den daglege drifta av avdelinga, i tillegg til samarbeid med føresette og andre samarbeidspartnarar.
- Bidra til rettleiing og opplæring på avdelinga
- Delta i den daglege drifta
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonar
- Utdanning som barnehagelærar eller anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk
- Erfaring frå arbeid i barnehage eller anna arbeid med barn er ynskjeleg
- Evne til å arbeide i tråd med barnehagen sitt samfunnsoppdrag og verdigrunnlag
- Grunnleggjande digital kompetanse
- Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
Det vert stilt krav om tilfredsstillande politiattest før oppstart i stilling
Personlege eigenskapar
- Du er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen
- Du tek initiativ og er aktivt med i leik og kvardagsaktivitetar
- Du samarbeider godt med barn, føresette og kollegaer
- Du er fleksibel, ansvarsmedviten og løysingsorientert
- Personlege eigenskapar vil verte lagde vekt på
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
- Løn etter tariff
Lignende stillinger
Universitetet i Bergen lyser ut 1 heltids PhD-stilling (åremål) i digital endokrinologi ved University of Athens, Hellas.
Omsorgsgruppen søker 5 beredskapshjem i Agder på heltid/engasjement for å gi barn og unge trygghet i akutte situasjoner.
Omsorgsgruppen AS i Østfold søker 5 fosterhjem og spesialiserte fosterhjem på heltid (engasjement) innen barneverntjenester.