Ekspertundervisning søker 3 privatlærere i realfag til frilansoppdrag på heltid i Oslo.
Barne- og ungdomsarbeidarar
Gulen Kommune · Gulen, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Gulen kommune søkjer barne- og ungdomsarbeidarar til Dalsøyra barnehage og skule. Det er to stillingar: 100% fast stilling frå 01.10.2026 knytt til Dalsøyra barnehage, og eit vikariat i inntil 100% frå snarast/etter avtale til medio august 2027 knytt til Hovden barnehage, med moglegheit for forlenging. Arbeidsstad er Gulen kommune. Arbeidsoppgåvene omfattar tilsyn, omsorg og pedagogisk arbeid med barna, samt planlegging, rettleiing, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske tilbodet. Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ønskt, men søkjarar utan fagbrev kan vurderast for mellombels tilsetjing dersom ingen kvalifiserte melder seg. Politiattest krevst før oppstart.
Om arbeidsgjevaren
Stillingane er knytte til Dalsøyra barnehage, ei underining til næringsdrivande og offentleg forvaltning innan førskuleundervisning og drift av barnehagar, med 20 tilsette. Verksemda ligg i Gulen kommune, og tenestespråket er nynorsk.
Søknad og frist
Søknadsfristen er 27.08.2026.
Om stillingen
Om stillingane
Vil du vere med og skape ein trygg, leiken og meiningsfull kvardag for barna våre?
I Gulen kommune har vi barnehagar kor omsorg, leik, læring og gode relasjonar står i sentrum. No søkjer vi engasjerte og varme barne- og ungdomsarbeidarar som ynskjer å vere med og gi barna ein trygg start, gode opplevingar og utviklingsmoglegheiter i kvardagen. Hjå oss får du bruke kompetansen din i eit inkluderande arbeidsmiljø, kor samarbeid, nærvær og barnets beste er viktige verdiar.
Me lyser etter fylgjande, for tida ved eining Dalsøyra barnehage og skule:
- 100% fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar, frå 01.10.2026. Stillinga er, for tida, knytt til avdeling Dalsøyra barnehage
- I inntil 100% vikariat barne- og ungdomsarbeidar, frå snarast/etter avtale til medio august 2027. Kan verte moglegheit for noko forlenging av vikariatet. Stillinga er, for tida, knytt til avdeling Hovden barnehage
Barnehagane i Gulen tilbyr
- Eit sterkt fokus på fagleg utvikling, kor idear og innspel frå både nyutdanna og erfarne medarbeidarar vert verdsett
- Små og oversiktlege barnehagar som gir nærleik, gode relasjonar og ein trygg start for deg som er ny i yrket
- Eit godt, varmt og inkluderande arbeidsmiljø
- Rettleiing og støtte som del av arbeidskvardagen
- Eit godt fagleg nettverk og tett samarbeid mellom barnehagane i kommunen
Arbeidsoppgåver for ein barne- og ungdomsarbeidar
- Medverke til at barnehagen er ei god pedagogisk verksemd
- Medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk arbeid med barna
- Delta i planlegging, rettleiing, gjennomføring, evaluering og vurdering i verksemda
- Nokre av fagarbeidarstillingane i eininga er knytt til arbeid med enkeltborn
- Andre arbeidsoppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande kompetanse
- Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar med fagbrev, kan andre søkjarar verte vurderte for mellombels tilsetjing
- Erfaring frå arbeid i barnehage eller anna arbeid med barn er ynskjeleg
- Evne til å arbeide i tråd med barnehagen sitt samfunnsoppdrag og verdigrunnlag
- Grunnleggjande digital kompetanse
- Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
Det vert stilt krav om tilfredsstillande politiattest før oppstart i stilling
Personlege eigenskapar
- Du er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen
- Du tek initiativ og er aktivt med i leik og kvardagsaktivitetar
- Du samarbeider godt med barn, føresette og kollegaer
- Du er fleksibel, ansvarsmedviten og løysingsorientert
- Personlege eigenskapar vil verte lagde vekt på
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
- Løn etter tariff
Lignende stillinger
Fagskolen Viken søker fast praksiskoordinator for helse og oppvekst på heltid — arbeidssted Fredrikstad, Kjeller eller Kongsberg.
Omsorgsgruppen søker 5 beredskapshjem i Agder på heltid/engasjement for å gi barn og unge trygghet i akutte situasjoner.
Omsorgsgruppen AS i Østfold søker 5 fosterhjem og spesialiserte fosterhjem på heltid (engasjement) innen barneverntjenester.
Omsorgsgruppen AS søker 5 beredskapshjem på heltid i Akershus for barn og unge i akutte omsorgssituasjoner.