Den Gamle Bagergaard i Maribo søker 1 baker til fast heltidsstilling med nattarbeid, oppstart 1. november 2026.
Kjøkkenassistent og vikar i Beito barnehage
Øystre Slidre Kommune · Øystre Slidre, Innlandet
Om stillingen
Beito barnehage er bygd i 2005 og har lyse lokalar utforma med større og mindre rom. Barnehagen har 55 plassar fordelt på fleire avdelingar. Barnehagen ligg plassert i eit roleg område, tett inntil skog og vatn. Vi har eit stort uteområde med naturtomt, der barna kan leike variert, utforske naturen og utfordre seg sjølv. I barnehagen møter du eit godt kvalifisert personale som har fokus på fagleg utvikling og kompetanseheving til barn sitt beste. Fleksibilitet, tillit, humor og glede bidreg til eit godt arbeidsmiljø i barnehagen. Øystre Slidre kommune har fått tilskott til "toppa bemanning" i barnehagen, og vi ønskjer å bruke tilskottet til å tilsetje ein kjøkkenassistent for barnehageåret 2026/2027. Stillinga er ledig frå dags dato og varer til og med 10.08.27. Stillinga er på 24% og har arbeidstid 3 timar 3 dagar i veka. Arbeidstida er ved lunsjtid. Stillinga kan kombinerast med vikartimar på avdeling.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge og tilbrede enkle måltid, i hovudsak lunsj
- Vaske og rydde opp etter måltid
- Andre oppgåver kan vere aktuelle, med bakgrunn i erfaring og kompetanse til den som blir tilsett
- Vikartimar på avdeling kan vere aktuelt
Kvalifikasjonar
- Vi stiller ingen formelle utdanningskrav, og vi søkjer deg som har interesse for matlaging, kan lage enkle måltid og har interesse for å jobbe med barn
- Om du har vore utanfor arbeidslivet ei periode, er du velkommen til å søke
- Du må ha grunnleggande norskkunnskapar og forstå beskjedar som blir gitt
- Det er krav om politiattest etter barnehagelova §30
- Vi vil legge stor vekt på personlege eigenskapar i tilsettinga
Personlege eigenskapar
- Kunne samarbeide med og skape gode relasjonar til barn og vaksne i barnehagen
- Vere påliteleg og pliktoppfyllande
- Vere fleksibel når det gjeld arbeidsoppgåver
- Ha humor og glede i arbeidskvardagen
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø der du er ønska i stillinga
- Lønn etter kommunal tariff
Kontaktinformasjon
Dagny Viola Björklöf, Styrar Beito barnehage, +47 99500955
Arbeidsstad
Bygdinvegen 1989 2940 HEGGENES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune Referansenr.: 5184957191 Stillingsprosent: 24, 0% Engasjement, Vikar Søknadsfrist: 15.10.2026
Lignende stillinger
Heggebø Friluftsbarnehage SA i Øystre Slidre søker kjøkkenassistent i 24 % engasjement ut barnehageåret 2026/2027.
Bakern Mo i Rana søker 1 baker på heltid, fast ansettelse, i Rana. Fagbrev ikke påkrevd.
Reine Rorbuer Drift AS i Moskenes søker 1 kokk til sesongjobb på heltid, feb–mars, med mulig forlengelse til sommeren.
Reine Rorbuer Drift AS i Moskenes søker 1 frokostkokk på heltid, sesong fra februar til mars med mulig forlengelse.
Søstrene Karlsen i Trondheim søker 4 servitører på deltid, fast ansettelse. Må være fylt 20 år.