Søvik barnehage i Haram søker barnehagelærar i fast 100 % stilling med oppstart 1. oktober 2026.
Tilkallingsvikar
Avdeling Søvik Barnehage, Haram Kommune · Haram, Møre Og Romsdal
AI-sammendrag
Om stillingen
Søvik barnehage søker 2 tilkallingsvikarar i deltidsvikariat. Stillingane inneber å arbeide med barn i alderen 0–6 år ved behov – typisk ved sjukdom eller ferie – og krev at ein kan stille på kort varsel. Arbeidsstad er Søvik i Haram kommune, Møre og Romsdal.
Hovedoppgåver er omsorg og støtte til enkeltbarn, bidrag til det pedagogiske og sosiale miljøet på avdelinga, foreldresamarbeid og oppfølging av barnehagen sine HMS-prosedyrar. Det er ønskeleg med erfaring frå barnehage, og den som vert tilsett må leggje fram politiattest og tuberkulinattest. Gode norskkunnskapar er eit krav.
Om arbeidsgivaren
Søvik barnehage er ein undereining av Haram kommune og driv innanfor bransjen førskoleundervisning og drift av barnehager. Barnehagen har 25 tilsette og tre avdelingar, og er lokalisert i naturskjønne omgjevnader med fjøra rett utanfor gjerdet og kort veg til skog og fjell – noko som pregar både kvardagen og arbeidsmiljøet.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 31. august 2026.
Om stillingen
Søvik barnehage har tre avdelingar. Barnehagen ligg i naturskjønne omgjevnader, med fjøra rett utanfor gjerdet og kort veg til skog og fjell. Barnehagen har eige naust, båt og gapahuk ved strandkanten.
Vi treng no fleire tilkallingsvikarar som har moglegheit å stille på kort varsel ved sjukdom, ferie og liknande. Vi søker etter deg som er aktiv, leiken, og engasjert og som bidrar til å skape eit trygt og godt barnehage-/ arbeidsmiljø til det beste for barna og kollegaene dine. Du er engasjert og omsorgsfull, og ønsker å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn.
Vi har eit godt fagmiljø med engasjerte tilsette med lang erfaring. Høyrest dette interessant ut, ønsker vi kontakt med deg og håper du vil søke på stillinga. Bli med i teamet vårt og ver med på å forme framtida. I Haram kommune er gode, heilskaplege tenester i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenestene, for å saman skape robuste tilbod for innbyggarar og næringsliv.
Arbeidsoppgåver
Arbeide med barn i alderen 0-6 år i tråd med barnehagelov og rammeplan for barnehagar, samt kommunen sine retningslinjer.
- Gi omsorg, støtte og vere lyttande i møte med kvart enkelt barn
- Medansvar for utvikling av det sosiale miljøet, og lærings- og danningsmiljøet i barnegruppa
- Bidra til at kvart enkelt barn får medverke og oppleve positiv grensesetting, både enkeltvis og i gruppe
- Bidra i gjennomføring av det pedagogiske arbeidet på avdelinga
- Bidra til godt foreldresamarbeid gjennom å vere lyttande, vise forståing og respekt
- Følge opp den rettleiinga ein får
- Ansvar for å sette seg inn i og følgje barnehagen sine HMS-prosedyrar
Kvalifikasjonar
Den som vert tilsett vil måtte legge fram tilfredstillande politi- og tuberkulinattest.
- Ha gode norskkunnskapar. Personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk må fylle språkkrav, jamfør Barnehagelova §18b.
- Det er ønskeleg med erfaring frå arbeid i barnehage.
- Personlege kvalifikasjonar og gode referansar vil bli vektlagt.
Personlege eigenskapar
- Vere glad i friluftsliv og uteleik
- Vere aktiv i leiken med barna
- Vere løysningsorientert, fleksibel og open for endring
- Jobbe sjølvstendig i det daglege arbeidet
- Vere ein pådrivar både i det praktiske og det faglege arbeidet
- Reflektere over eige arbeid og søke rettleiing ved behov
- Syne handlekraft, organisere og ta avgjerder med barna sitt beste i fokus
- Samarbeide med andre tilsette og eksterne samarbeidspartnarar
- Vere ein god rollemodell
- Vere ein inkluderande medarbeider og bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Eit utviklingsorientert fagleg miljø og stimulerande omgjevnader
- Ein barnehage fint plassert, nær sjø, skog og skule
- Moglegheit til å bestemme sjølv kor mykje du vil arbeide
- Løn etter gjeldande tariff
- God pensjonsordning
Kontaktinformasjon
Synnøve Standal, Styrar Søvik barnehage, 90018161, [email protected]
Arbeidsstad
Plassen 19 6280 Søvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommune Referansenr.: 5075331850 Stillingsprosent: 0% Vikar Startdato: 09.02.2026 Søknadsfrist: 31.08.2026
Flere stillinger hos Avdeling Søvik Barnehage, Haram Kommune
Haram kommune søker assistent i 30 % vikariat ved Søvik barnehage i Møre og Romsdal, fra august til desember 2026.
Lignende stillinger
Fagskolen Viken søker fast praksiskoordinator for helse og oppvekst på heltid — arbeidssted Fredrikstad, Kjeller eller Kongsberg.
Omsorgsgruppen søker 5 beredskapshjem i Agder på heltid/engasjement for å gi barn og unge trygghet i akutte situasjoner.
Sørnorsk Jazzsenter søker produsent i 10% engasjement for å planlegge ungdomsstorbandets 30-årsjubileum i 2027.
Omsorgsgruppen AS i Østfold søker 5 fosterhjem og spesialiserte fosterhjem på heltid (engasjement) innen barneverntjenester.
Omsorgsgruppen AS søker 5 beredskapshjem på heltid i Akershus for barn og unge i akutte omsorgssituasjoner.
Helse Stavanger HF søker musikkterapeut i 100 % vikariat (sept. 2026–feb. 2027) ved Engelsvoll døgnavdeling i Klepp.