Hopp til innhold
Nytt: prøv API og MCP gratis.Kom i gang →

Miljøterapeut

Masfjorden Kommune · Masfjorden, Vestland

VikariatHeltidOffentligHelse og sosialFrist 11.10.2026

AI-sammendrag

Om stillingen

Masfjorden kommune søkjer sjukepleiar til Masfjorden bu- og aktivitetssenter på Hosteland. Stillinga er eit vikariat i 100 % stilling, med oppstart snarast eller frå 01.09.2026, og varigheit til 30.09.2027. Det er moglegheit for fast tilsetjing etter vikariatet. Arbeidet inneber turnus med dag- og kveldsvakter, inkludert langvakter på inntil 14 timar, og arbeid kvar fjerde eller sjette helg. Oppgåvene omfattar tilrettelagde tenester til brukarar, medisinsk oppfølging i samråd med heimeteneste og fastlege/spesialisthelseteneste, arbeidsretta tiltak, aktivitetsplanlegging og tverrfagleg samarbeid. Krav er autorisasjon som sjukepleiar, gode norskkunnskapar (minimum B2 for framandspråklege) og førarkort klasse B. Erfaring med funksjons- og utviklingshemma er ønskeleg. Arbeidsstad er Masfjorden kommune.

Om arbeidsgjevaren

Stillinga er knytt til Masfjorden kommune sentraladministrasjon, ei underining innan generell offentleg administrasjon med 24 tilsette. Som kommunal verksemd er dette ein del av offentleg forvaltning, ikkje ei privat verksemd med omsetningstal å samanlikne.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 27.09.2026.

Om stillingen

Om stillinga

Masfjorden kommune søkjer ein miljøterapeut med arbeidsstad ved Masfjorden bu- og aktivitetssenter. Stillinga er ei 100 % mellombels stilling med snarast mogleg oppstart og varigheit til 30.09.2027. Det kan vere moglegheit for fast tilsetjing etter vikariatet.

Har du utdanning og interesse for miljøarbeid? Kan du tenkje deg å arbeide i vårt bu- og aktivitetssenter på Hosteland? Her har me godt tilrettelagte bueiningar, eigen aktivitetsavdeling og gode personalfunksjonar.

Me har ledig

100 % mellombels stilling som miljøterapeut med tiltreding snarast mogleg. Stillinga varer til og med 30.09.2027. Det kan vere moglegheit for fast tilsetjing etter vikariatet.

Stillinga medfører turnusarbeid med dag og kveldsarbeid. I dag har me turnus med langvakter på inntil 14 timar, og gode friperiodar mellom arbeidsøktene.

Stillinga består av både langvakter i arbeid med tenestemottakar og arbeidsdagar med administrativt arbeid knytta til sjukepleiaransvaret.

Arbeid kvar fjerde eller sjette helg, avhengig av turnusbehov.

Arbeidsoppgåver

  • Gje tilrettelagde tenester til brukarane i samsvar med vedtak og plan for den enkelte
  • Ansvarleg for medisinsk oppfylging i samråd med heimetenesta og fastlege/spesialisthelsetenesta
  • Delta i arbeidsretta tiltak
  • Planlegge og gjennomføre felles aktivitetar
  • Tverrfagleg samarbeid med ergoterapeut, fysioterapeut, fastlege, heimetenesta mfl.

Kvalifikasjonskrav

  • Autorisasjon som sjukepleiar, vernepleiar eller anna helse-/sosialfagleg utdanning på høgskulenivå
  • Erfaring frå arbeid med funksjons- og utviklingshemma ynskjeleg
  • Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. For framandspråklege er det krav om bestått norsk nivå B2
  • Førarkort klasse B

Tilsette med fagbrev som helsefagarbeidar kan verte vurderte.

Personlege eigenskaper vil bli vektlagte. Menn vert oppfordra til å søkje.

Krav til personlege eigenskapar:

  • Du har gode evner til kommunikasjon, samarbeid og teamarbeid
  • Du er sjølvstendig i arbeidet
  • Du er fleksibel i forhold til oppgåveløysing, og kan tilpasse deg ulike abeidsoppgåver
  • Du er tolmodig, ansvarsfull, tydeleg og strukturert
  • Du viser initiativ til å skape ein innhaldsrik og aktiv kvardag for brukarane

Me tilbyr

  • Løn etter tariff. 10 000,- i turnustillegg for tilsette med høgskuleutdanning
  • 50,- kroner ekstra pr. time i helgetillegg
  • Tillegg på 500 kr pr langvakt lørdag og søndag over 12.5 timer
  • God pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring
  • Spennande fagleg arbeid som utfordrar og utviklar
  • Eit godt arbeidsmiljø med mykje moro
  • Frå 2026 vil dei som bur i Masfjorden og oppfyller vilkåra få sletta 25 000 kroner av studielånet kvart år til ein har betalt ned heile gjelda. Les meir om den nye ordninga her

Politiattest

Den som vert tilsett må leggja fram politiattest ikkje eldre enn 3. månader.

Søk på jobben
Søk senest 11.10.2026
Søk på stillingen →

Lignende stillinger

Sykepleier til sykehjem i Møre og Romsdal
Konstali Helsenor AS · MØRE OG ROMSDAL

Konstali Helsenor søker sykepleier til vikariat ved sykehjem i Møre og Romsdal, heltid fra 14. oktober 2026.

VikariatHeltidHelse og sosial