Hopp til innhold
Nytt: prøv API og MCP gratis.Kom i gang →

Ledig stilling i Etne kommune

Etne Kommune Enge Barnehage · Etne, Vestland

VikariatDeltidOffentligUtdanningFrist 30.10.2026

AI-sammendrag

Om stillingen

Etne kommune, Enge barnehage, søkjer vikar til pedagogisk stilling i deltid for perioden 01.01.2027–31.12.2027. Stillinga er i hovudsak knytt til Naturavdelinga, ein friluftsavdeling som brukar eigen minibuss og har fast base på Osnes. Arbeidsoppgåvene omfattar å planleggja, gjennomføra og vurdera det pedagogiske arbeidet i tråd med barnehagelova og rammeplanen, bidra til eit trygt og inkluderande miljø, og samarbeida med foreldre og kollegaer. Det krevst godkjend utdanning som barnehagelærar, gode norskkunnskapar og gyldig politiattest. Arbeidsstad er Etne.

Om arbeidsgjevaren

Enge barnehage er ei underining til næringsdrivande og offentleg forvaltning, innanfor bransjen førskuleundervisning og drift av barnehagar. Verksemda har 46 tilsette, og høyrer til Etne kommune.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 30. oktober 2026.

Om stillingen

Vil du vere med å skapa ein trygg, utviklande og inspirerande kvardag for barna våre?

Ved Enge barnehage har me ledig eit vikariat i perioden 01.01.2027 - 31.12.2027

Arbeidsoppgåver

  • Planleggja, gjennomføra og vurdera det pedagogiske arbeidet i samsvar med barnehagelova og rammeplanen.
  • Bidra til eit trygt, inkluderande og utviklande miljø for barna.
  • Samarbeida tett med foreldre, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
  • Delta aktivt i barnehagen sitt utviklingsarbeid.
  • Vera ein positiv og engasjert bidragsytar i personalgruppa.

Kvalifikasjonar

  • Godkjend utdanning som barnehagelærar.
  • Søkjarar med anna relevant pedagogisk utdanning kan verta vurderte.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Gyldig politiattest må leggjast fram før tilsetjing

Eigenskapar

  • Er engasjert og oppteken av barna si utvikling og trivsel.
  • Er fagleg bevisst og utviklingsorientert.
  • Har gode samarbeidsevner.
  • Er fleksibel, løysingsorientert og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
  • Kan arbeide sjølvstendig og ta ansvar.

Me tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar.
  • Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver.
  • Moglegheit for fagleg utvikling.
  • Løn etter gjeldande tariffavtale.

Annan informasjon

Stillinga er i hovudsak knytt til Naturavdelinga ved Enge barnehage. Naturavdelinga er ein friluftsavdeling som nyttar eigen minibuss tre til fire dagar i veka. Barnegruppa reiser i hovudsak til si faste base på Osnes, der dei får utforska naturen gjennom leik, læring og varierte aktivitetar. Avdelinga gjennomfører også ekspedisjonar til ulike turmål både i og utanfor kommunen.

Som barnehagelærar på Naturavdelinga vil du få ei sentral rolle i arbeidet med å leggja til rette for gode naturopplevingar, utforsking, fysisk aktivitet og læring i autentiske miljø. Du må trivast ute i all slags vêr, vera glad i friluftsliv og sjå moglegheitene som ligg i naturen som arena for leik og utvikling.

Dette er ei spennande stilling for deg som ønskjer å kombinera pedagogisk arbeid med natur- og friluftsliv, og som ser verdien av å gje barn rike opplevingar utanfor barnehagegjerdet.

For nærare opplysningar om stillinga, ta kontakt med styrar Torhild Molland på telefon 97980115.

Me ser fram til å høyra frå deg!

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Link til søknadsskjema: Søk her

Søk på jobben
Søk senest 30.10.2026
Søk på stillingen →

Lignende stillinger

Fosterhjem og spesialiserte fosterhjem
Omsorgsgruppen AS · ØSTFOLD

Omsorgsgruppen AS i Østfold søker 5 fosterhjem og spesialiserte fosterhjem på heltid (engasjement) innen barneverntjenester.

EngasjementHeltid5 stillingerUtdanning