UiB søker stipendiat i samfunnsgeografi og berekraftig utvikling, fast åremålsstilling i Bergen.
Ph.d.-stipendiat i algoritmar
Universitetet I Bergen · Bergen, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Universitetet i Bergen lyser ut 1 stilling som ph.d.-stipendiat i algoritmar ved Institutt for informatikk. Stillinga er eit treårig åremål, med moglegheit for eit fjerde år der 25 % av tida går til karrierefremmande arbeid som undervisning og formidling. Arbeidsstad er Bergen. Stillinga inngår i ERC Advanced-prosjektet «New Horizons of Parameterized Complexity» (NewPC), som skal utvikle nye verktøy for å løyse optimaliseringsproblem knytt til geometriske og algebraiske storleikar. Krav til søkjar er mastergrad i informatikk/datavitskap, og erfaring innan algoritmar og teoretisk informatikk. Brutto årsløn er kr. 593 700.
Om arbeidsgiveren
Universitetet i Bergen er eit av Noregs leiande universitet og ønskjer å vere blant Europas fremste. Institutt for informatikk, der stillinga er plassert, tilhøyrer eit universitetet med 736 tilsette i administrasjonen. Som offentleg utdanningsinstitusjon innan bransjen for universitetsundervisning er UiB ein solid og veletablert arbeidsgjevar med statleg lønsregulativ og medlemskap i Statens pensjonskasse.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 10. august 2026.
Om stillingen
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA
Stipendiat
Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i algoritmar. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er ein del av ERC Advanced-prosjektet «New Horizons of Parameterized Complexity» (NewPC).
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Prosjektet skal utvikle nye verktøy for å løyse optimaliseringsproblem som handlar om geometriske og algebraiske storleikar, som punkt, vektorar, lineære rom og matriser.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i informatikk (datavitskap), eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Erfaring og kompetanse innan algoritmar og teoretisk informatikk er eit krav.
- Forskingserfaring dokumentert gjennom publikasjonar i leiande arenaer innan teoretisk informatikk (som FOCS/STOC/SODA/ICALP) eller AI-konferansar (som AAAI/IJCAI) er ein fordel.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.Teoretisk datavitskap er ikkje klassifisert som eit sensitivt fagområde eller ei sensitiv teknologi etter gjeldande eksportkontrollregelverk.
For stillinga gjeldt følgande
Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr
- eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
- løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 593 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
- medlemskap i Statens pensjonskasse
- gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde
- ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
- relevante attestar
- godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
- eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor ved Institutt for informatikk: Fedor Fomin, på e-post: Fedor.Fomin@uib.no ellar førsteamanuensis ved Institutt for informatikk: Kirill Simonov på epost: Kirill.Simonov@uib.no
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Maria Svåsand, på e-post maria.svasand@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5
Flere stillinger hos Universitetet I Bergen
UiB i Bergen søker vitskapleg assistent i 30% åremålsstilling knytt til to forskingsprosjekt.
UiB i Bergen søker postdoktor (4 år, 100 %) til Norad-finansiert prosjekt om rettferdig helseprioritering.
UiB i Bergen søker postdoktor til Parkinson-forskingsprosjektet DIGI.PARK, fast heiltidsstilling i 3 år.
Universitetet i Bergen søker vitenskapelig assistent (50 %) på 2-årig åremål ved Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst.
Lignende stillinger
Nes videregående skole i Akershus søker 4 tilkallingsvikarer i deltidsvikariat til studieforberedende utdanningsprogram.
Ekspertundervisning søker 3 privatlærere i realfag til frilansoppdrag på heltid i Oslo.
Fagskolen Viken søker fast praksiskoordinator for helse og oppvekst på heltid — arbeidssted Fredrikstad, Kjeller eller Kongsberg.
Omsorgsgruppen søker 5 beredskapshjem i Agder på heltid/engasjement for å gi barn og unge trygghet i akutte situasjoner.
Omsorgsgruppen AS i Østfold søker 5 fosterhjem og spesialiserte fosterhjem på heltid (engasjement) innen barneverntjenester.
Omsorgsgruppen AS søker 5 beredskapshjem på heltid i Akershus for barn og unge i akutte omsorgssituasjoner.