Konstali Helsenor søker 1 helsefagarbeider med ALS-erfaring til nattvikariat på heltid i Vestland, fra 1. desember 2026.
Sjukepleiar/paramedisinar
Interkommunale Helsetenester, Stad Kommune · Stad, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Interkommunale helsetenester (IKHT) i Nordfjord søker sjukepleiar eller paramedisinar til Nordfjord legevakt, lokalisert ved Nordfjord sjukehus i Stad kommune. To faste deltidsstillingar er ledige: ei stilling på 82 % (38 % fast og 44 % vikariat inkludert frie timar) frå 15.10.2026 til 20.08.2027, samt eit 25 % helgevikariat frå oktober 2026 til 08.08.2027. Arbeidet er organisert i tredelt turnus med langvakter, inkludert arbeid annankvar helg. Arbeidsoppgåvene omfattar triagering og rådgiving på legevakttelefonen 116117, mottak og behandling av pasientar på legevakta, pasientoppfølging ved øyeblikkeleg hjelp døgnopphald (ØHD), samt akutte vurderingar i samarbeid med lege, AMK og ambulanseteneste.
Om arbeidsgiveren
Nordfjord legevakt/legevaktformidling er ei underending til næringsdrivande og offentleg forvaltning innan allmennlegetenester, med 71 tilsette i verksemda. Eininga dekkjer kommunane Stryn, Stad og delar av Kinn, til saman rundt 22 500 innbyggjarar, og er ein del av den interkommunale akuttberedskapen i Nordfjord.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 11.10.2026.
Annonsetekst
Kjenn pulsen på Nordfjord - bli ein del av oss på Nordfjord legevakt!
Likar du at ingen dagar er like? At du kan gjere ein forskjell når det gjeld som mest? Er du sjukepleiar eller paramedisinar som trivst i akutte situasjonar og når kompetansen din kjem til nytte?
Interkommunale helsetenester (IKHT) i Nordfjord er ein del av akuttberedskapen i Nordfjord, og dekkjer kommunane Stryn, Stad og delar av Kinn (gamle Vågsøy kommune), med til saman 22 500 innbyggjarar.
Stad kommune er vertskommunen for Nordfjord legevakt, og er lokalisert ved Nordfjord sjukehus. Interkommunale helsetenester:
- Legevaktformidling 116117
- Legevakt
- Øyeblikkeleg hjelp døgnopphald (ØHD)
På IKHT jobbar du tett saman med lege, sjukepleiar og anna helsepersonell.
Interkommunale helsetenester har ledig:
- Ei 82 % stilling der 40 % er fast stilling og 42% er vikariat inkludert 10 % frie timar, frå 20.09.26 til 20.08.27. Stillinga har tredelt turnus, og arbeid på to av sju helgar med langvakter.
- Eit 25 % vikariat helg frå oktober 2026 til 08.08.27
Er du ute etter faglege utfordringar, allsidig arbeidskvardag og personleg utvikling? Då er dette jobben for deg!
Arbeidsoppgåver
- Triagering, rådgiving og rettleiing på legevakt-telefon 116117
- Mottak, vurdering og behandling av pasientar på legevakt
- Pasientoppfølging og pleie av pasientar på ØHD
- Akutte vurderingar i tett samarbeid med lege, AMK og ambulanseteneste
Kvalifikasjonar
- Sjukepleiar eller paramedisinar med interesse for akuttmedisin
- Liker å bruke breiddekompetansen i faget
- Kan ta eigne vurderingar og jobbe i ein uføresett arbeidskvardag
- Er løysningsorientert og likar tverrfagleg samarbeid
- Har gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg
- Erfaring frå akuttmedisin - legevakt, akuttmottak eller ambulanseteneste er ein fordel.
- Førarkort kl B for utrykning av legevaktbil saman med lege.
Personlege eigenskapar
- Du arbeider godt både sjølvstendig og i team
- Du kommuniserer godt i akutte og krevjande pasientsituasjonar
- Du er fleksibel, serviceinnstilt og imøtekomande
- Du trivast i ein jobb der ingen dagar er like
- Du tek medansvar for eit godt arbeidsmiljø
- Du er ryddig og held orden rundt deg
- Du tilegner deg relevant fagleg kunnskap
Vi tilbyr
- Ein variert arbeidskvardag
- Godt fagleg arbeidsmiljø med høg trivsel, der ein har høve til å opparbeide seg brei helsefagleg kompetanse
- Tredelt turnus med langvakter helg. Tilrettelagt for kvile på langvakter
- Sjukepleiar i turnus gjev eit rekrutteringstillegg på kr. 30.000 over garantiløna etter hovudtariffavtalen kap. 4.
- Moglegheit for kompetansetillegg på inntil kr. 28 000,- for inntil 60 studiepoeng for relevante studiar/vidareutdanningar
Om du ynskjer 100 % stilling: Vi samarbeider med dei andre einingane i helse og omsorg slik at du kan jobbe i anna eining med samordna turnus.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Vi ønskjer at du oppgir referansar av nyare dato.
Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga. Stad kommune har 6 månader prøvetid.
Vi håpar at nettopp du søkjer og blir vår nye kollega på Interkommunale helsetenester Nordfjord.
Kontaktinformasjon
Terje Andre Drage, Avdelingsleiar Interkommunale helsetenester, 95819005, Terje.Andre.Drage@stad.kommune.no
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 14 6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommune Referansenr.: 5182278137 Stillingsprosent: 82, 25% Fast, Vikar Søknadsfrist: 11.10.2026
Lignende stillinger
Allcare Solutions søker 1 fagutviklingssykepleier/nestleder i hjemmetjenesten i Nord-Troms, fast heltid, med 80 000 kr over tariff.
Konstali Helsenor søker sykepleier til heltids vikariat i hjemmetjenesten i Innlandet, fra 16. november 2026 til 31. januar 2027.
Dignus Medical søker fastlegevikar på heltid til et legekontor på Vestlandet, 04.01.27–26.02.27, med reise og bolig inkludert.
Aalborg Universitetshospital Syd søker 1 anestesisykepleier til fast heltidsstilling i Anaesthesia Unit 1 i Aalborg.
Aalborg Universitetshospital Syd søker 1 anestesisykepleier til Anestesiafdeling 2, fast heltidsstilling i Aalborg.