Hopp til innhold
Nytt: prøv API og MCP gratis.Kom i gang →

Sjukepleiar 100 % fast

Kvinnherad Kommune Myrane Barnehage · Kvinnherad, Vestland

FastHeltidOffentligHelse og sosialFrist 21.10.2026

Om stillingen

Myrane barnehage lyser ut etter ein 100% sjukepleiarstilling til å fylgjer opp eit barn som har vedtak etter §37. Vedkommande er ynskjeleg startar i stillinga snares mogleg Rolla di i barnehagen vil i hovudsak vera knytt til eit barn. Innhald i rolla vil i hovudsak vera å ivareta helse, fylgje opp og gje medisin. Det er svært viktig at vedkommande som går inn i denne stillinga er roleg og trygg i rolla si, er ein nær og god vaksen med eit godt barnesyn, er god på samarbeid og kommunikasjon (både med kollegaer, foreldre og eksterne instansar).Kjernekomponentar vi ser etter ved tilsetting:

  • rolig, trygg og er i stand til å handle raskt og korrekt dersom ein akutt situasjon oppstår
  • har god klinisk observasjonsevne og fangar opp endringar i barnet sin allmenntilstand
  • arbeidar førebyggande og forstår betydninga av gode rutinar rundt blandt anna måltidet, medisinar, sjukdom og observasjon
  • er trygg på legemiddelhandtering og på å følge individuelle medisinske planer og beredskapsplaner
  • er komfortabel med ansvar og kan arbeida sjølvstendig innanfor eige kompetanseområde
  • kjenna eigne faglege grenser og er trygg nok til å spørre eller innhente rettleiing dersom noko er uklart
  • er lærevillig og motivert for å sette seg grundig inn i barnet sin medisinske behov og individuelle rutiner
  • samarbeida godt med foreldre og øverige personale i barnehagen
  • varm og trygg i møte med barn, samtidig som den medisinske oppfølginga kan føregå på ein naturleg og lite inngripande måte i barnehage kvardagen
  • Du må vera strukturert og har god skriftleg framstillings evne.

Sjukepleiaren si hovudoppgåve vil være å ivareta barnet sin medisinske tryggleik gjennom observasjon, førebyggande tiltak, dagleg legemiddel handtering og beredskap ved behov. barnet skal elles delta i barnehagen sin kvardag og aktivitetar saman med resten av barnegruppa erfaring med akutt situasjonar, klinisk vurdering og/eller oppfølging av barn med medisinske behov er ein fordel. Vi søkjer deg som ynskjer å arbeide i ein hektisk men kjekk barnehagekvardag, samstundes som du får utøve rolla di som sjukepleiar.

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.

Vi tilbyr

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
  • Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring.
  • Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
  • Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.

Gyldig politiattest må framleggjast der det er påkrevd.

Link til søknadsskjema: Søk her

Søk på jobben
Søk senest 21.10.2026
Søk på stillingen →

Lignende stillinger