Hopp til innhold
NyttNæringslivsrapport for oktoberLes mer →

Er du vår nye controller ved Det medisinske fakultet?

Universitetet I Bergen · Bergen, Vestland

FastHeltidOffentligKontor og økonomi
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Universitetet I Bergen.

AI-sammendrag

Om stillingen

Universitetet i Bergen søker ein controller (rådgjevar/seniorrådgjevar) ved økonomiseksjonen på Det medisinske fakultet. Stillinga er fast på heiltid, og det skal tilsetjast 1 person. Arbeidsstad er Bergen.

Hovudoppgåvene er økonomioppfølging av fakultetet og institutta, budsjett- og prognosearbeid, analyse av økonomiske resultat, rådgjeving og beslutningsstøtte til leiarar, oppfølging av fond og legat, samt bidrag til forbetring av økonomiprosessar og rutinar. Den som blir tilsett vil inngå i eit team på 15 medarbeidarar ved økonomiseksjonen og samarbeide tett med økonomar og leiarar ved institutta.

Søkjar må ha mastergrad i økonomiske fag, med erfaring frå controllerarbeid som økonomistyring, analyse og budsjettering. God rekneskapsforståing og digital kompetanse, særleg i Excel, blir vektlagt. Erfaring frå universitets- og høgskulesektoren, samt kjennskap til Unit4-ERP og Tableau, er ein fordel.

Om arbeidsgjevaren

Det medisinske fakultet er ein underining ved Universitetet i Bergen, innan bransjen undervisning ved universitet, og er ein del av offentleg forvaltning. Fakultetet har eit totalt driftsbudsjett på nær 1,3 milliardar kroner. UiB som heilskap har 1327 tilsette, noko som gjer institusjonen til ein av landets største kompetansearbeidsplassar innan forsking og utdanning.

Søknad og frist

Søknadsfristen er 7. september 2026.

Annonsetekst

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Controller (Rådgjevar/seniorrådgjevar)

Vil du bruke din økonomiske innsikt til å støtte forsking og utdanning innan helse og medisin? Ved Det medisinske fakultet søker vi ein controller som ønsker å bidra til god økonomistyring og vidareutvikling av økonomifunksjonane i ein spennande og samfunnsviktig organisasjon.

Som controller ved økonomiseksjonen vil du vere ein sentral rådgjevar for fakultetsleiinga og bidra til strategiske beslutningar gjennom analysar, prognosar og økonomisk styringsinformasjon. Du vil inngå i eit strategisk viktig team på 15 høgt kompetente medarbeidarar, og du vil også jobbe tett saman med andre økonomar og leiarar på institutta og ved UiB. Du vil kunne ta del i ulike forbetringsteam på tvers av de ulike einingane ved UiB og bidra inn i eit spennande fagmiljø med stor samfunnsverdi.

Vi ynskjer oss ein medarbeidar med god økonomiforståing, og med gode analytiske evner. controller har også eit tett samarbeid med dei andre økonomane ved UiB.

Økonomiseksjon arbeider med eit mangfald av oppgåver som rekneskap, innkjøp, budsjettering, langtidsbudsjettering, rullerande prognoser, månadleg økonomirapportering, leiarstøtte både mot fakultetet og institutt, i tillegg til utgreiingar, styrearbeid og prosess- og rutineforbetringar.

Vi nyttar Unit4 ERP som økonomisystem samt Tableau og Excel som dagleg arbeidsverktøy.

Kvifor velje oss?

Ved Det medisinske fakultet får du jobbe tett på forsking og utdanning som bidrar til å løyse viktige samfunnsutfordringar innan helse og medisin. Du vil få innblikk i ein kompleks og kunnskapsintensiv organisasjon med totalt driftsbudsjett på nær 1,3 milliardar kr.

Administrasjonen har ei nøkkelrolle i å gi solid støtte til den faglege verksemda – og du blir ein viktig del av dette. Det medisinske fakultet består av fakultetsadministrasjonen og fem institutt.

Arbeidsoppgåver:

Hovudoppgåvene er økonomioppfølging av både fakultetsøkonomien og institutta sin økonomi i samarbeid med økonomane på institutta. I tillegg skal du utøve analyse, rådgjeving og gje administrativ støtte.

Sentrale oppgåver vil vere:

  • Budsjett og prognosearbeid for fakultet og institutta
  • Analyse av økonomiske resultat og utarbeiding av styringsinformasjon
  • Rådgiving og beslutningsstøtte til leiare på ulike nivå
  • Oppfølging av fond, legat og gåver
  • Utarbeiding av økonomirapportar og saksframlegg til fakultetsstyret
  • Bidra til forbetring og effektivisering av økonomiprosessar og rutinar
  • Saksbehandlingsoppgåver, utgreiings- og utviklingsoppgåver som krev stor grad av sjølvstende og problemløysing
  • Bidra til å sikre korrekte periodeavslutningar og god kvalitet i økonomi- og prosjektstyring
  • Bidra til god økonomiforvaltning, her under enkelte oppgåver knytt til bestillingar og fakturabehandling.

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha mastergrad i økonomiske fag. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Fleire års relevant erfaring er naudsynt ved tilsetjing som rådgjevar.

Vi søkjer deg som har følgande kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå controllerarbeid som økonomistyring, analyse, budsjettering og prognosearbeid.
  • Erfaring frå å sette seg inn i komplekse regelverk.
  • Svært god skriftleg og munnleg framstillings- og kommunikasjonsevne både på norsk og engelsk.
  • God forståing for rekneskap og økonomiske samanhengar.
  • God digital kompetanse og gode ferdigheiter i bruk av Excel.

Det er en fordel om du har:

  • Erfaring frå universitets- og høgskulesektoren.
  • Erfaring med Unit4-ERP eller liknande økonomisystem.
  • Erfaring med rapportverktøy som Tableau.

Vi søkjer ein person som:

  • Arbeidar strukturert og tar ansvar for egne oppgåver.
  • Har gode analytiske evner og likar å løyse komplekse problemstillingar.
  • Samarbeider godt med ulike fagmiljø og interessentar.
  • Er initiativrik og opptatt av forbetring og utvikling.
  • Kommuniserer tydeleg og byggar gode relasjonar.

I vår samla vurderinga av kva for kandidat som er best kvalifisert, vil vi gjere ei heilskapleg vurdering av utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, motivasjon og andre kvalifikasjonskrav som kjem fram av annonseteksten.

Vi kan tilby:

  • Ei spanande, kompleks og utfordrande stilling ved ein av landets største utdanningsinstitusjon og kompetansearbeidsplassar
  • Ei stor kontaktflate i organisasjonen
  • Gode kollegaer som deler kunnskap
  • Løn i stilling som rådgjevar (stillingskode 1434) i lønsspenn frå kr. 670.000 til kr. 770.000 eller seniorrådgjevar (kode 1364) i lønnsspenn frå kr. 750.000 til kr. 850.000 avhengig av erfaring og kvalifikasjonar.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksibel arbeidstid og andre gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til økonomisjef Kristine Tangen, mobil: 95 11 66 94, eller e-post: kristine.tangen@uib.no. For HR-relaterte spørsmål, ta kontakt med seniorrådgjevar Therese Myhre Odfjell, e-post: therese.odfjell@uib.no.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Nærare om tilsettingsprosessen her.

Flere stillinger hos Universitetet I Bergen

API og MCPGET /company/983455271/stillinger

API

curl "https://api.sokfirma.no/company/983455271/stillinger" \
  -H "Authorization: Bearer sk_api_..."

Svar (utdrag)

{
  "agg": null,
  "total": 7,
  "hits": [
    {
      "uuid": "19b6a969-99fb-45e3-a4fe-525eecb37508",
      "title": "Universitetslektor innen kiropraktikk (20% ekstraerverv)",
      "municipal": "BERGEN",
      "application_due": "2026-12-06 00:00:00+00",
      …
    },
    {
      "uuid": "1f3299ea-5fb4-4779-b783-80c170d0ce28",
      "title": "Professor II/Førsteamanuensis (20% ekstraerverv) i medisin (samfunnsmedisin)",
      "municipal": "BERGEN",
      "application_due": "2026-12-06 00:00:00+00",
      …
    },
    …
  ]
}

MCP

get_company_stillinger({ "org_no": "983455271" })

Spør AI-assistenten

  • Hva er søknadsfristen for «Er du vår nye controller ved Det medisinske fakultet?» hos Universitetet I Bergen Det Medisinske Fakultet?
  • Ansetter Universitetet I Bergen Det Medisinske Fakultet flere i Bergen nå?
  • Hvilke typer roller ansetter Universitetet I Bergen Det Medisinske Fakultet i akkurat nå?
Kom i gang med API og MCP →

Lignende stillinger

Norsktalende jobber i Hellas
Jobs By Nordics AB

Jobs By Nordics AB søker 5 norsktalende kundeservicemedarbeidere på heltid til arbeid i Hellas, med flyttepakke.

SesongHeltid5 stillingerKontor og økonomi
Frist 16.12.2026
Norwegian Customer Consultant in Torrevieja, Spain
Jobs By Nordics AB

Jobs By Nordics AB søker 5 norskspråklige kundekonsulenter til veihjelp på heltid i Torrevieja, Spania. Frist 16. desember.

SesongHeltid5 stillingerKontor og økonomi
Frist 16.12.2026
Verksamhetsledare på Nordens välfärdscenter
Nordens Välfärdscenter

Nordens välfärdscenter i Stockholm søker én verksamhetsledare på heltid, tidsbegrenset i 12 måneder til 2 år.

AnnetHeltidKontor og økonomi
Frist 7.12.2026