Tysnes kulturskule søker 2 lærarar i dans og teater i 50 % vikariat fra 01.01.2027 til 30.09.2027 i Tysnes.
Kulturskulelærar i piano og korps
Tysnes Kommune · Tysnes, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Tysnes kulturskule søker kulturskulelærar i piano og korps. Det er 1 fast deltidsstilling på inntil 65 prosent, med tiltredelse frå 01.02.2027. Stillinga kan delast i to og kan kombinerast med stillinga som kulturskulerektor. Arbeidsstaden er Tysnes kommune i Vestland.
Hovudoppgåvene er å planleggje og gjennomføre musikkundervisning, motivere elevar og bidra til eit trygt læringsmiljø, samarbeide med elevar, føresette og kollegaer, delta i forestillingsarbeid og tverrfaglege prosjekt, og bidra til fagleg utvikling i kulturskulen. Det blir ønskt utdanning i rytmisk musikk eller anna relevant musikkutdanning, pedagogisk utdanning eller PPU, og kompetanse innan musikkteknologi. Lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskrav. Politiattest må leggjast fram før tilsetting.
Stillinga er lønsplassert etter sentralt regulativ. Tysnes tilbyr også inntil 25 000 kr i årleg avskriving av studielån frå og med 2026.
Om arbeidsgiveren
Tysnes kulturskule er ei undereining i kommunal forvaltning innan kulturskuleundervisning for barn og unge. Verksemda har 8 tilsette i registeret, medan annonsen nemner omlag 85 elevplassar og 6 tilsette. Kulturskulen tilbyr undervisning i gitar, slagverk, piano, song, teater, dans og messinginstrument, og leverer dirigenttenester til frivillige kor og korps. Han held til i nye lokale i Tysnes skule. Økonomiske tal er ikkje oppgitt.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 06.12.2026. Søknaden må sendast gjennom Jobbnorge, og dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring må leggjast ved.
Annonsetekst
Vil du vere med og skape musikkglede og meistring for barn og unge på Tysnes?
Frå 01.02.2027 har Tysnes kulturskule ledig undervisningsstilling i inntil 65 prosent, primært innan piano og korps. Stillinga kan delast i to og kan kombinerast med stillinga som kulturskulerektor.
Tysnes kulturskule har omlag 85 elevplassar og 6 tilsette. Kulturskulen tilbyr undervisning i gitar, slagverk, piano, song, teater, dans og messinginstrument. I tillegg samarbeidar kulturskulen med fleire einingar i kommunen og leverer dirigenttenester til frivillige kor og korps. Vi held til i nye og trivelege lokaler i Tysnes skule, der vi har mesteparten av undervisninga vår. Noko av undervisninga kan føregå på andre skular og bygg.
Målsettinga til Tysnes kulturskule, er at vi skal vera eit synleg, lokalt ressurssenter for musikk og kulturfagleg arbeid. Kulturskulen skal gi eit frivillig, meiningsfullt og vedvarande opplæringstilbod innan ulike kulturfag, og gi elevane høve til å oppleva meistring gjennom uttrykk og formidling ut frå den einskilde sine føresetnader.
Tysnes kulturskule legg til rette for tverrfagleg samarbeid og samhandling og er ein aktiv bidragsytar til eit rikt og variert kulturliv i kommunen.
Arbeidsoppgåver
- Planleggje og gjennomføre undervisning innan musikk.
- Motivere elevar og bidra til eit trygt og inspirerande læringsmiljø.
- Samarbeide med elevar, føresette og kollegaer.
- Forestillingsarbeid og aktiv deltaking i tverrfaglig prosjekt.
- Bidra til fagleg utvikling i kulturskulen.
Kvalifikasjonar
Vi ønsker at du har:
- Utdanning i rytmisk musikk eller anna relevant musikkutdanning frå høgskule/universitet.
- Pedagogisk utdanning i grunnutdanning eller praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).Lang og relevant erfaring frå fagområdet kan kompensere for utdanningskrav.
- Relevant erfaring frå musikkundervisning er ein fordel.
- Kompetanse innan musikkteknologi og musikkproduksjon.
- Grunnleggande IT-kunnskaper, og evne og interesse for å tileigna seg kunnskap innan teknologi.
- Gode kommunikasjonsferdigheiter.
Til stillinga er det krav om framlagt politiattest etter Opplæringslova § 17-11 før tilsetting. Tysnes kommune pliktar og å undersøka om den som blir tilsett oppfyller kriteria for tuberkulosekontroll og MRSA.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- samarbeider godt og kommuniserer tydeleg med elevar, føresette og kollegaer.
- arbeider sjølvstendig og tek ansvar for å gjennomføre oppgåver.
- motiverer elevane og skaper engasjement.
- er ein tydeleg klasseleiar og ein god relasjonsbyggjar.
- held deg fagleg oppdatert og nyttar handlingsrommet som kulturskulelærar.
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
Hos oss får du ei spennande og utfordande stilling i eit kreativt og dynamisk miljø. du får mulighet til å påverke og utvikle kulturskulen sine tilbod innan piano og korpsmusikk, samarbeide med dedikerte kollegaer i eit profesjonelt læringsfellesskap og i gode undervisningslokale.
Stillinga er lønsplassert i sentralt løns- og stillingsregulativ. Ansiennitetstrinna går her frå 0-16 år. Lønna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar. Somme år blir det gjennom dei sentrale forhandlingane også tildelt ein pott til lokale justeringar.
Dersom stillinga skal kombinerast med kulturskulerektor, blir heile stillinga lønsplassert i kapittel 3. Det blir gitt løn etter avtale, samt årleg lønsregulering gjennom lokale forhandlingar.
I Tysnes kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar. Synest du stillinga verkar spennande, eller har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med kontaktpersonane som står oppført i annonsen.
Informasjon til søkar
Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar. Søkarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor- eller mastergrad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Du må sende inn søknaden via Jobbnorge. Søknadar som kjem inn på andre måtar, til dømes på e‑post eller til postmottak, blir ikkje vurderte.
Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge.
Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Vi ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.
Flere stillinger hos Tysnes Kommune
Tysnes kommune søker rektor til kulturskolen i Tysnes, 35 % fast stilling, deltid. Frist 6. desember 2026.
API og MCPGET /company/976830849/stillinger
API
curl "https://api.sokfirma.no/company/976830849/stillinger" \ -H "Authorization: Bearer sk_api_..."
Svar (utdrag)
{
"agg": null,
"total": 3,
"hits": [
{
"uuid": "8245c44c-e819-4bed-9583-9e237020b331",
"title": "Kulturskulelærar dans og teater",
"municipal": "TYSNES",
"application_due": "2026-12-06 00:00:00+00",
…
},
{
"uuid": "b789d629-dfd4-478a-9b68-8a2f8d1a1fe2",
"title": "Rektor i kulturskulen på Tysnes",
"municipal": "TYSNES",
"application_due": "2026-12-06 00:00:00+00",
…
},
…
]
}MCP
get_company_stillinger({ "org_no": "976830849" })Spør AI-assistenten
Hvilke andre stillinger lyser Tysnes Kommune Kulturskule ut nå?
Hva er søknadsfristen for «Kulturskulelærar i piano og korps» hos Tysnes Kommune Kulturskule?
Ansetter Tysnes Kommune Kulturskule flere i Tysnes nå?
Lignende stillinger
Universitetet i Bergen lyser ut 2 stipendiatstillinger på heltid ved European University Institute i Firenze, åremål på 3 år.
Nestwork, et bemanningsselskap, søker 3 barnehageassistenter til vikariat på deltid i Egersund, med fleksible arbeidstider.
Hvam videregående skole (Akershus fylkeskommune) i Nes søker lærer i naturbruk med realfag og teknologi, heltid, fast ansettelse.
Norskling i Oslo søker norsklærer med polskkompetanse til frilansoppdrag på deltid, undervisning via Zoom på hjemmekontor.
Omsorgsgruppen søker 5 beredskapshjem i Agder på heltid/engasjement for å gi barn og unge trygghet i akutte situasjoner.
Tysnes kommune søker 2 pedagogiske leiarar/barnehagelærarar på heltid i faste stillingar i kommunale barnehagar i Tysnes.