Læringsverkstedet Sæ barnehage på Stord søker 2 assistenter til vikariat på heltid, oppstart 15.12.2026.
Ungdomsklubbarbeidar
Hå Kommune Fritid · Hå, Rogaland
AI-sammendrag
Om stillingen
Hå kommune Fritid lyser ut ei 20 % prosjektstilling som ungdomsklubbarbeidar, knytt til Vigrestad ungdomsklubb, i perioden frå oktober 2026 og ut 2028. Arbeidet går primært føre seg ettermiddag/kveld på mandagar, med noko helgearbeid. Kommunen driv òg tre andre ungdomsklubbar: Ogna, Lensmannsløa og Loen. Stillinga inngår i eit pilotprosjekt knytt til fritidsklubbløftet, der målet er å etablere ein ny klubb, forbetre eksisterande klubbar, styrke kompetansen til tilsette og sikre ungdomsmedverknad. Arbeidsoppgåvene omfattar å bistå klubbleiar i drift og arrangement, vere ein trygg vaksenperson for ungdommane, leggje til rette for aktivitetar, delta i praktiske oppgåver og planleggje arrangement. Erfaring med barn og unge, gjerne frå fritidsklubbfeltet, er ønskeleg, og politiattest må leggjast fram før tiltreding. Arbeidsstad er Hå kommune, Rogaland.
Om arbeidsgjevaren
Virksemda er ei underining til Hå kommune, organisert som offentleg forvaltning, innanfor bransjen dagaktivitetstilbod for barn. Fritidsklubbverksemda har 22 tilsette.
Søknad og frist
Søknadsfristen er 4. oktober 2026.
Om stillingen
Hå kommune driv i dag tre godt besøkte ungdomsklubbar: Ogna ungdomsklubb (på Ogna – torsdagar), Lensmannsløa ungdomsklubb (på Varhaug – tysdagar) og Loen ungdomsklubb (på Nærbø – onsdagar). Det er ledig ei 20 % prosjektstilling i perioden oktober og ut 2028 som ungdomsklubbarbeidar i Hå kommune. Arbeidsområdet er for tida knytt til Vigrestad ungdomsklubb. Arbeidet går primært føre seg på ettermiddag/kveld på mandagar. Det blir òg gjennomført ulike arrangement gjennom året i tillegg til vanlege opningskveldar. Ungdomsklubbane i Hå er med i eit pilotprosjekt i samband med fritidsklubbløftet. I prosjektperioden skal det etablerast ein ny klubb, eksisterande klubbar skal forbetrast, kompetansen til dei tilsette skal styrkjast, det skal gjennomførast forsking på effektane av arbeidet, og ungdomsmedverknad og inkludering skal sikrast. Arbeidsoppgåver • Bistå klubbleiar med å drive ungdomsklubben og gjennomføre arrangement • Vere ein trygg og tilgjengeleg vaksenperson i møte med ungdommane • Skape og leggje til rette for aktivitetar og prosjekt i tråd med ønskje frå ungdommane • Delta i felles oppgåver som matlaging og rydding • Jobbe for å gi ungdommane kjensle av meistring og verdi • Planleggje og gjennomføre arrangement • Noko helgearbeid må påreknast Kvalifikasjonar • Erfaring frå og interesse for arbeid med barn og unge, gjerne frå fritidsklubbfeltet • Utdanning innan relevant fagfelt er ein fordel • Politiattest må leggjast fram før tiltreding Personlege eigenskapar • Gode kommunikasjonsevner • Ein tydeleg vaksen som evnar å setje grenser • Likar å vere saman med unge og er komfortabel med å ta ansvar • Engasjert i menneska rundt deg • God på relasjonsbygging og konflikthandtering • Praktisk anlagt • Godt humør og stå-på-vilje • Evne til å jobbe både sjølvstendig og i team • Løysingsorientert og fleksibel • Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt Vi tilbyr • Ein variert og spanande arbeidskvardag der du sjølv kan vere med og skape innhaldet • Løn etter tariffavtale
Attestar og vitnemål Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Politiattest Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.
Tilsetjingsvilkår Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.
Link til søknadsskjema: Søk her
Lignende stillinger
Læringsverkstedet Sæ barnehage på Stord søker 2 barnehagelærere i vikariat på heltid, oppstart 15.12.2026.
AllCare Solutions AS, et rekrutteringsselskap, søker 1 barnehagelærer til fast 100 % stilling i Trondheim-området. Frist 15. oktober 2026.
Omsorgsgruppen søker 5 beredskapshjem i Agder på heltid/engasjement for å gi barn og unge trygghet i akutte situasjoner.
Omsorgsgruppen AS i Østfold søker 5 fosterhjem og spesialiserte fosterhjem på heltid (engasjement) innen barneverntjenester.