Voss legekontor søker fastlege (spesialist eller ALIS) i fast heltidsstilling med rotasjonsordning i Voss, Vestland.
Voss herad søkjer fastlege
Voss Herad Voss Legekontor · Voss, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Voss legekontor lyser ut 1 fast heltidsstilling som fastlege. Stillingen er primært retta mot spesialistar i allmennmedisin, men legar med ønske om å bli spesialist vil òg vurderast. Arbeidsoppgåvene inkluderer kurativ legeteneste, dokumentering i skybasert journalsystem (Webmed), deltaking i folkehelsearbeid, kvalitetsforbetringsarbeid og deltaking i dagleg legevakt lokalt samt ved Voss interkommunale legevakt (ca. 2–4 vakter per månad). Arbeidsstad er Voss i Vestland.
Om arbeidsgiveren
Voss legekontor er ein underenhet av Voss herad og opererer innanfor bransjen allmennlegetenester. Kontoret har 54 tilsette og består av 9 fastlegheimlar, LIS1-lege, sjukepleiarar og sekretærar. Kontoret er inne i ein reorganiseringsfase med mål om å tilbakeføre 2–4 legeheimlar til næringsdrivande fastlegar i løpet av 2026–2027. Voss herad er godkjent utdanningsverksemd og tilbyr ALIS-avtale med rettleiing. Legevakta er samlokalisert med akuttmottaket på Voss sjukehus, noko som gjev eit godt fagmiljø.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 23. august 2026.
Om stillingen
Voss legekontor søkjer etter Spesialist i allmennmedisin
Er du spesialist i allmennmedsin og på utkikk etter nye moglegheiter? Me søkjer etter ein engasjert og fagleg dyktig lege som ynskjer å bli ein del av eit moderne og framtidsretta legekontor.
Me er inne i ein spennande fase med reorganisering og vidareutvikling av kontoret. Der me har stort fokus på kvalitet, effektiv drift og eit godt tilbod til våre pasienter. Du vil få moglegheit til å væra med og påverka utviklinga av arbeidsplassen.
Om arbeidsstaden:
Ved Voss legekontor er det 9 fastlegeheimlar, 1 LIS1 lege, 6 sjukepleiarar, 1 helsesekretær og 1 sekretær ved legekontoret.
I løpet av 2026-2027 skal ein tilbakeføre 2-4 legeheimlar til næringsdrivande fastlegar.
Fastlegane deltek i rotasjon på daglegevakt, som for tida er stasjonert i akuttmottak ved Voss sjukehus. Voss er vertskommune for eit interkommunalt samarbeid om legevakt i distriktet (Voss IKL). Legevakta er velfungerande og held for tida til i same lokale som akuttmottaket på Voss Sjukehus. Dette gjev eit godt fagmiljø med kompetente legar og sjukepleiarar. Vaktbelastning er per i dag ca. 2-4 vakter i månaden.
Me tilbyr:
- Lyse, moderne og trivelege lokale
- Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
- Skybasert journalsystem (Webmed)
- Moglegheita til å bidra aktivt i utviklinga av eit legekontor i positiv retning
- Listetak vert fastsett etter om ein har kommunale oppgåver eller ikkje
- Voss herad er godkjent som utdanningsverksemd , me tilbyr ALIS- avtale med rettleiing og har fokus på kvalitet i tenesta.
- Konkuransedyktige betingelsar med insentiv, med atterhald om politisk godkjenning
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar, og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
Kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som lege
- Spesialist i allmennmedisin eller lege som har ynskje og interesse for å bli spesialist i allmennmedisin
- Godkjent LIS1 tjeneste i Norge
- Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- Førarkort klasse B
- Den som vert tilsett må ha rett til å motta trygderefusjon
Me ynskjer deg som:
- Er spesialist i allmennmedsin
- Både er sjølvstendig og arbeidar godt i tverrfaglege team
- Har gode evner til samhandling og ynskjer å bidra til eit positivt arbeidsmiljø
- Er fagleg engasjert og opptatt av pasientbehandling av høg kvalitet
- Er ansvarleg og løysingsorientert
- Er fleksibel og utviklingsorientert
Arbeidsoppgåver:
- Kurativ legeteneste ved Voss legekontor
- Dokumentering i Webmed journalsystem
- Deltaking i opplysnings- og folkehelsearbeid
- Kvalitetsforbetring og utviklingsarbeid
- Deltaking i daglegevaktsordning lokalt for Voss herad i tillegg til vakter ved Voss interkommunale legevakt
Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustadseller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ver venleg og last opp vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden
Link til søknadsskjema: Søk her
Flere stillinger hos Voss Herad Voss Legekontor
Voss legekontor søker næringsdrivende fastlege til ledig hjemmel i Voss sentrum, fast stilling fra høsten 2026.
Lignende stillinger
Lurøy kommune søker helsefagarbeider i 90% fast stilling ved Lovund omsorgssenter.
Viva Bemanning søker 4 autoriserte vernepleiere til langvarig heltidsvikariat i kommunale tjenester i Finnmark.
Emploi Medic AS søker miljøterapeut på heltid til oppdrag innen migrasjonshelse i Nordland.
Hålogaland Helse og Omsorg i Narvik søker 10 miljøterapeuter/-arbeidere i faste heltidsstillinger, samt tilkallingsvikarer.
Smil Tannlegesenter i Oslo søker 2 tannhelsesekretærer i faste heltid- og deltidsstillinger fordelt på fem klinikker.