Fagskolen Viken søker fast praksiskoordinator for helse og oppvekst på heltid — arbeidssted Fredrikstad, Kjeller eller Kongsberg.
Tilkallingsvikar
Avdeling Lepsøy Barnehage, Haram Kommune · Haram, Møre Og Romsdal
AI-sammendrag
Om stillingen
Lepsøy barnehage søker 2 tilkallingsvikarar i deltidsvikariat. Stillingane er tilkallingsbaserte og kan gjelde korte eller lengre periodar ved sjukdom, ferie og liknande. Oppstart er 3. august 2026. Arbeidsstad er Lepsøyvegen 23, Kjerstad, i Haram kommune i Møre og Romsdal.
Arbeidet omfattar omsorg og pedagogisk oppfølging av barn i alderen 0–6 år, bidrag til sosialt og læringsmessig miljø i barnegruppa, samt gjennomføring av det pedagogiske arbeidet innanfor avdelingas rammer. Relevant utdanning eller erfaring er ønskeleg, men ikkje eit krav — personlege eigenskapar blir vektlagt. Det krevst tilfredsstillande politiattest og tuberkulinattest, samt gode norskkunnskapar.
Om arbeidsgivaren
Lepsøy barnehage er ei undereining av Haram kommune og driv innanfor bransjen førskoleundervisning og drift av barnehager. Barnehagen har 16 barn og 5 tilsette fordelt på to grupper, og totalt er det oppgitt 10 tilsette i eininga. Haram kommune er ein ambisiøs kommune med fokus på heilskaplege tenester til innbyggarane.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 31. desember 2026.
Om stillingen
Lepsøy barnehage ligg sentralt til på Lepsøya med kort veg til fjell, fjøre, butikk og idrettsområde. Barnehagen har 16 barn og 5 tilsette fordelt på to grupper. Visjonen vår er "saman skaper vi tillit, tryggleik og trivsel" og det jobbar vi mot kvar dag - for både barn og tilsette. Vi treng no fleire tilkallingsvikarar som kan trå til på kort varsel ved sjukdom, ferie og liknande. Dette kan vere for korte eller lengre periodar. Vi søker etter dyktige vikarar som er aktive, leikne, omsorgsfulle og trygge vaksne. Haram kommune er ein ambisiøs kommune som har fokus på gode, heilskaplege tenester. Vi jobbar fleksibelt og på tvers for å skape kvalitet for innbyggarane våre – og vi spelar kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver
Arbeid med barn i alderen 0-6 år i tråd med barnehagelov og rammeplan for barnehagar, samt kommunen sine retningslinjer. Herunder:
- Bidra til at det enkelte barnet får medverke, oppleve positiv grensesetting, både enkeltvis og i gruppe
- Gi omsorg, støtte og vere lyttande i møte med det enkelte barnet
- Medansvar for utvikling av det sosiale miljøet, og lærings- og danningsmiljøet i barnegruppa
- Bidra i gjennomføring av det pedagogiske arbeidet på avdelinga/basen, innanfor dei rammene ein har blitt einige om
- Følge opp den rettleiinga ein får
- Ansvar for å sette seg inn i og følge barnehagen sine HMS-prosedyrar
Kvalifikasjonar
Den som vert tilsett vil måtte legge fram tilfredstillande politi– og tuberkulinattest.
- Ha gode norskkunnskapar. Personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk, må fylle språkkrav jamfør Barnehagelova §27.
- Relevant utdanning og/eller erfaring er ønskeleg, men ikkje eit krav
- Personlege eigenskapar blir vektlagt
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som:
- Har eit ønske om å arbeide med barn
- Har god omsorgsevne og evne til å sjå og lytte til barna sine behov
- Har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
- Trivast i ein aktiv kvardag
- Er glad i å vere ute
- Er positiv, fleksibel og løysingsorientert
Vi tilbyr
- Givande arbeid i gode fag- og arbeidsmiljø
- Moglegheit til å bestemme sjølv kor mykje du vil arbeide og når
- Tilgong til kurs og kompetansehevande tiltak
- Løn etter tariff
- Moglegheit til å prøve å jobbe i ulike barnehagar
Kontaktinformasjon
Eirin Buner Otterlei, Styrar, 98082266, [email protected]
Arbeidsstad
Lepsøyvegen 23 6292 Kjerstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommune Referansenr.: 5151534353 Stillingsprosent: 0% Vikar Startdato: 03.08.2026 Søknadsfrist: 31.12.2026
Lignende stillinger
Omsorgsgruppen søker 5 beredskapshjem i Agder på heltid/engasjement for å gi barn og unge trygghet i akutte situasjoner.
Sørnorsk Jazzsenter søker produsent i 10% engasjement for å planlegge ungdomsstorbandets 30-årsjubileum i 2027.
Omsorgsgruppen AS i Østfold søker 5 fosterhjem og spesialiserte fosterhjem på heltid (engasjement) innen barneverntjenester.
Omsorgsgruppen AS søker 5 beredskapshjem på heltid i Akershus for barn og unge i akutte omsorgssituasjoner.