Helsefagarbeidar
Kviteseid Kommune · Kviteseid, Telemark
AI-sammendrag
Om stillingen
Kviteseid omsorgssenter søkjer ein helsefagarbeidar i 90% fast stilling ved skjerma avdeling, med oppstart 01.12.26. Stillinga er turnusbasert (35,5 t/v) med arbeid kvar 3. helg. Arbeidsoppgåvene omfattar helse- og omsorgstenester i tråd med lovverk, miljøretta arbeid for personar med demens eller kognitiv svikt, fagutvikling, rettleiing av lærlingar og studentar, samt tverrfagleg samarbeid. Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar er påkravd. Arbeidsstad er Kviteseid omsorgssenter, ein sjukeheim med 32 plassar (26 langtids-, 4 korttids-, 1 avlastings- og 1 ØHD-plass), i Kviteseid.
Om arbeidsgjevaren
Stillinga er utlyst av Kviteseid kommune, ved sentraladministrasjonen som er ei underining innan generell offentleg administrasjon med 27 tilsette i Kviteseid kommune. Som kommunal arbeidsgjevar tilbyr Kviteseid ei fast stilling i offentleg sektor med etablerte tenester innan helse og omsorg.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 24.09.2026.
Om stillingen
Ved Kviteseid omsorgssenter er fylgjande stilling ledig: Helsefagarbeidar 90% fast ved skjerma avdeling, frå 01.12.26
Stillinga er i turnus, 35,5 t/v med arbeid kvar 3 helg.
Vil du vere med og skape trygge og gode dagar, for menneske med demens eller kognitiv svikt? På skjerma avdeling ved Kviteseid omsorgssenter søkjer vi ein fagleg engasjert helsefagarbeidar som trivst med struktur, aktivitet og relasjonsbygging – og som har lyst til å vere ein viktig del av eit lag som spelar kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver
· Helse- og omsorgstenester i tråd med lovverk og kvalitetskrav · Miljøretta arbeid i skjerma avdeling · Bidra aktivt i fagutvikling og kompetanseheving · Rettleiing og støtte til lærlingar, studentar, bebuarar og pårørande · Tverrfagleg samarbeid med dyktige kollegaer
Kvalifikasjonar
· Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar · Anna relevant helse- og omsorgsfagleg utdanning er òg ønskjeleg · Interesse for faget og utvikling av tenesta · God digital kompetanse · Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
· Fleksibel, strukturert og løysingsorientert · Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner · Evne til å jobbe sjølvstendig og ta ansvar · Fagleg nysgjerrig og oppdatert
Vi tilbyr
Hjå oss får du jobbe miljøretta, tett på bebuarar som treng tryggleik, forutsigbarheit og varme. Du blir del av eit arbeidsmiljø som er inkluderande, humorfylt og fagleg nysgjerrig – der vi både tek vare på kvarandre og utfordrar kvarandre til å bli endå betre.
Kviteseid omsorgssenter (KOS) er ein sjukeheim med 32 plassar: 26 langtidsplassar, 4 korttidsplassar, 1 avlastingsplass og 1 ØHD-plass. Her møter du ei variert pasientgruppe og kollegaer som brenn for fagleg forsvarleg helsehjelp, trivsel og gode kvardagsøyeblikk.
Kontaktinformasjon
Helene Stensrud Flatland, Leiar Kviteseid omsorgsenter, +47 90213757, helene.stensrud@kviteseid.kommune.no
Arbeidsstad
Kviteseidgata 13 3850 Kviteseid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kviteseid kommune Referansenr.: 5176343213 Stillingsprosent: 90% Fast Søknadsfrist: 24.09.2026
Lignende stillinger
Konstali Helsenor søker vernepleier til heltids vikariat i bolig i Akershus, oppstart 21. september.
Konstali Helsenor søker 2 fastleger til heltidsvikariat ved legekontor i Vestland.
Konstali Helsenor søker 2 sykepleiere til vikariat på sykehjem i Troms, heltid med oppstart 14. sept. 2026.