Vernepleiar eller sjukepleiar i medleverturnus
Miljøarbeidertenesta, Gloppen Kommune · Gloppen, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Gloppen kommune søker ein vernepleiar eller sjukepleiar til eit eitt års vikariat i 100 % stilling etter medleverprinsippet. Det er éi stilling, og arbeidsstaden er Myklebusttunet i Sandane, Gloppen kommune. Vikariatet går frå 01.04.2027 til 31.03.2028, eller frå tidlegare dato etter avtale. Det kan vere moglegheit for forlenging i form av fast stilling i langvakter.
I Miljøarbeidartenesta avdeling 2 arbeider du tett på personar med utviklingshemming og samansette bistandsbehov. Oppgåvene omfattar miljøterapeutisk arbeid, helsefagleg oppfølging, legemiddelhandtering, dokumentasjon, ansvarsvakt og primærkontaktansvar. Turnusen følgjer medleverordninga (2-7-2-7-3-7) med kvilande natt og arbeid kvar fjerde helg.
Krav er norsk autorisasjon som vernepleiar. Autorisasjon som sjukepleiar kan også vere aktuelt, då med ønskt erfaring frå arbeid med utviklingshemming. Det blir også stilt krav om gode norskkunnskapar, digital kompetanse, erfaring med elektronisk pasientjournal og førarkort klasse B. Tilsetting har seks månaders gjensidig prøvetid, og politiattest må leverast før tiltreding.
Om arbeidsgiveren
Stillinga er i Miljøarbeidertenesta, ei teneste i Gloppen kommune. Arbeidsgivaren er dermed ein offentleg kommunal verksemd innan helse- og omsorgstenester. Annonsen gir ingen opplysningar om talet på tilsette eller om økonomi, så desse er ikkje med her.
Søknad og frist
Søknadsfristen er 03.12.2026.
Annonsetekst
Ønskjer du ein jobb der du kan kombinere fagleg ansvar med lange friperiodar?
Vi har ledig eit års vikariat i 100 % stilling etter medleverprinsippet for vernepleiar eller sjukepleiar med erfaring frå miljøarbeid. Det vil vere moglegheit for forlenging i form av fast stilling i langvakter i tenesta. Tilredning 01.04.2027 eller tidlegare etter avtale.
I Miljøarbeidartenesta avdeling 2, Myklebusttunet arbeider du tett på personar med utviklingshemming og samansette bistandsbehov. Du får ei sentral rolle i den daglege oppfølginga av brukarane, med ansvarsvakt, helsefaglege oppgåver og miljøarbeid. Stillinga følgjer medleverordninga (2-7-2-7-3-7), som gir ein fleksibel arbeidskvardag med gode moglegheiter for balanse mellom jobb og fritid. Vi treng deg som ser heile menneske, som har fokus på å skape gode og meiningsfulle kvardagar med fokus på løysingar og ikkje problem.
Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål til stillinga.
Hjå oss kan du få
- Ein turnus som er organisert etter medleverordning etter prinsippet 2 dagar jobb - 7 dagar fri (2-7-2-7-3-7) med kvilande natt. Arbeid kvar 4.helg. Du arbeider som oftast to døgn i vekedagane og tre døgn på helg, med påfølgande friperioder. I tillegg til døgnvakter har vi personalmøter, fagmøter etc som er lagt i turnus.
- Eit engasjerande og inkluderende fagmiljø. Arbeid med fag og fagutvikling, til dømes gjennom deltaking i fagnettverk og eigne fagmøter felles for Miljøarbeidartenesta.
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Arbeidsoppgåver
Oppgåvene er brukarretta og består mellom anna av:
- Gi individuelt tilpassa oppfølging og miljøterapeutisk arbeid til personar med utviklingshemming og samansette bistandsbehov.
- Ivareta helsefagleg oppfølging, legemiddelhandtering, observasjon og dokumentasjon.
- Ha ansvarsvakt og bidra til fagleg forsvarleg drift og kvalitet i tenestene.
- Ha primærkontaktansvar og medverke til planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak.
- Samarbeide tett med brukarar, pårørande, kollegaer og eksterne samarbeidspartnarar.
- Bidra til fagutvikling, rettleiing og kompetansedeling i tenesta.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som vernepleiar.
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar kan også vere aktuelt. For sjukepleiarar er det ønskjeleg med erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming og miljøterapeutisk arbeid.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- God digital kompetanse og erfaring med dokumentasjon i elektronisk pasientjournal.
- Førarkort klasse B.
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt. Vi oppmodar særleg menn til å søkje, då personalgruppa i dag har ei overvekt av kvinner.
Personlege eigenskapar
- Du er trygg, tydeleg og ansvarsmedviten i møte med brukarar, pårørande og kollegaer.
- Du har evne til å arbeide sjølvstendig, ta faglege avgjerder og samstundes vere ein god lagspelar.
- Du er fleksibel, løysingsorientert og trivst i ein variert arbeidskvardag.
- Du har interesse for fagutvikling, kvalitetsforbetring og utvikling av gode tenester.
- Du bidreg aktivt til eit positivt, inkluderande og utviklande arbeidsmiljø.
For tilsetting gjeld ei gjensidig prøvetid på seks månadar. Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Kontaktinformasjon
Sandra Berge, Konst. avd.leiar Miljøarbeidertenesta, 96514406 Kristine Eide Ryssdal, Tenesteleiar miljøarbeidertenesta, +47 911 39 159
Arbeidsstad
Grandavegen 9 6823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommune Referansenr.: 5193869849 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 01.04.2027 Sluttdato: 31.03.2028 Søknadsfrist: 03.12.2026
API og MCPGET /company/927075482/stillinger
API
curl "https://api.sokfirma.no/company/927075482/stillinger" \ -H "Authorization: Bearer sk_api_..."
Svar (utdrag)
{
"agg": null,
"total": 1,
"hits": [
{
"uuid": "e10d83c9-6a30-417b-9433-3968bf8d63b1",
"title": "Vernepleiar eller sjukepleiar i medleverturnus",
"municipal": "GLOPPEN",
"application_due": "2026-12-03 00:00:00+00",
…
}
]
}MCP
get_company_stillinger({ "org_no": "927075482" })Spør AI-assistenten
Ansetter Gloppen Kommune Miljøarbeidertenesta Myklebusttunet flere i Gloppen nå?
Hvilke andre stillinger lyser Gloppen Kommune Miljøarbeidertenesta Myklebusttunet ut nå?
Hva er søknadsfristen for «Vernepleiar eller sjukepleiar i medleverturnus» hos Gloppen Kommune Miljøarbeidertenesta Myklebusttunet?
Lignende stillinger
Emploi Helse AS søker 1 sykepleier i vikariat på heltid til sykehjem og hjemmesykepleie på Vestlandet, 30.11.26–15.01.27.
Nordlys Vikar søker 1 lege til vikariat på heltid ved et fastlegekontor nær Lofoten, oppstart uke 48.
Dignus Medical søker fastlegevikar på heltid til et legekontor på Vestlandet, 04.01.27–26.02.27, med reise og bolig inkludert.
Aalborg Universitetshospital Syd søker 1 anestesisykepleier til fast heltidsstilling i Anaesthesia Unit 1 i Aalborg.