Smil Tannlegesenter i Oslo søker 2 tannhelsesekretærer i faste heltid- og deltidsstillinger fordelt på fem klinikker.
Sjukepleiar - 100% fast
Sjukeheimen Langtidsavdeling, Vinje Kommune · Vinje, Telemark
AI-sammendrag
Om stillingen
Vinje sjukeheim lyser ut 1 fast 100 % stilling som sjukepleiar ved langtidsavdelinga i Vinje, Telemark. Arbeidsoppgåvene spenner frå direkte sjukepleie og prosedyrar til rettleiing av kollegaer, pårørandekontakt, dokumentasjon og fagutvikling. Ved fråvær av leiar på kveld, natt og helg har sjukepleiaren utvida administrativt ansvar. Avdelinga nyttar årsturnus, og det er moglegheit for langvakter i helgane. Nytilsette vert følgde opp gjennom ei mentorordning.
Om arbeidsgivaren
Vinje sjukeheim er ein kommunal eining under Vinje kommune med 98 tilsette, og driv innanfor bransjen sykehjemstjenester. Sjukeheimen har totalt 34 langtids- og korttidsplassar, inkludert ein tilpassa demensavdeling med 13 plassar og ein korttids-/rehabiliteringsavdeling med 9 plassar. Som ein del av kommunal offentleg forvaltning inngår verksemda i Vinje kommunes tenestetilbod til innbyggjarane.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 30. august 2026.
Om stillingen
Vil du vere med på å skape framtidas eldreomsorg? På Vinje sjukeheim får du høve til å bruke kompetansen din der den verkeleg betyr noko.
Me ser etter ein engasjert sjukepleiar som vil bidra til å vidareutvikle eit fagmiljø der trivsel, omsorg og kvalitet står i sentrum. Hos oss får du ein arbeidskvardag med varierte oppgåver, god støtte frå kollegaer og eit miljø der me heiar på kvarandre.
Har du lyst til å jobbe på sjukeheim og set pris på både faglege utfordringar og gode relasjonar – då håpar me du søkjer!
Dette er Vinje sjukeheim: Avdeling tilpassa personar med demens: 13 plassar, fordelt på to grupper Somatisk langtidsavdeling: 12 plassar Korttid/rehabilitering: 9 plassar (2 KAD-plassar)
Me jobbar målretta for å gje kvar bebuar ein kvardag som tek utgangspunkt i deira eigne interesser, ressursar og behov. Pårørande er ein viktig samarbeidspartnar for oss, og saman skaper me gode og meiningsfulle dagar for bebuarane. Som sjukepleiar blir du ein viktig del av eit tverrfagleg team som samarbeider tett for å finne dei beste løysingane for kvar enkelt. Kollegatøtte er viktig for oss. Her får du utvikle deg, påverke, og vere med å forme eit trygt og fagleg sterkt tilbod.
Me nyttar årsturnus, noko som gir deg betre moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag og planleggje fritida di for heile året. Det er moglegheit til å jobbe langvakter på helg dersom du ynskjer det. Sjukeheimen skal igang med mentorordning for nytilsette, noko som vil sei at du som nytilsett får tett oppfølging av ein kollega som er mentor.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiaroppgåver, både admisistrative og prosedyrer i direkte kontakt med bebuarar
- Rettleie og gje opplæring til kollegaer, bebuarar og deira pårørande
- Samtaler og tett kontakt med pårørande
- Dokumentasjon - tiltaksplanar og oppfylging
- Bidra til fagutvikling på avdelinga
- Utvida administrativt ansvar ved fråvær av leiar (kveld/natt/helg)
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskferdigheiter, både munnleg og skriftleg
Me oppmodar nyutdanna til å søkje.
Personlege eigenskapar
- Du har eit smil på lur, ein dose humor og ei vilje til å sjå moglegheiter framfor begrensingar
- Du har fagleg fokus og eit stort hjarte for eldreomsorg
- Du er fleksibel, engasjert og er klar for ein spanande jobb
- Du tek ansvar og viser omsorg - både som menneskje, sjukepleiar og kollega
- Du har god gjennomføringsevne, er fleksibel og endringsvillig
- Du har evne til å arbeide sjølvstendig
- Du held deg fagleg oppdatert på gjeldande prosedyrer
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.
Me tilbyr
- Ein god arbeidsplass med engasjerte medarbeidarar som har fagleg fokus på pasientane og som yter det vesle ekstra
- ABC-kurs innanfor ulike geriatriske tema
- Det blir gjeve støtte til relevant vidareutdanning.
- Dersom du ikkje ynskjer fast stilling er du velkomen til å søkje likevel, me har også behov for tilkallingsvikarar
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
- Me har eit aktivt friluftsliv i kommunen
- Løn etter lokal lønstabell - høgare enn KS sin sentrale minsteløn
Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk. I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet. Sjå lånekassa for vilkår.
Kontaktinformasjon
Hanne Kristin Finkenhagen, Avselingsleiar langtidsavdelinga, +47 99 25 16 24, [email protected]
Arbeidsstad
Vinjevegen 212 3890 Vinje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommune Referansenr.: 5152092671 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 30.08.2026
Lignende stillinger
Sunnfjord kommune søker nattevakt (80 %) og helgevikarar (20–25 %) til bufellesskap for utviklingshemmede i Vestland, fast deltid.
Plant Supervision Denmark ApS søker 10 EU-utdannede tannpleiere til faste heltidsstillinger hos ORIS Tandlægerne i Danmark.
WorkNorway Group AS søker intensivsykepleiere til kortvarige vikariater ved intensivavdeling og akuttmottak i Troms fra august 2026.
Emploi Medic AS søker 4 miljøterapeuter på heltid til forsterket bo- og omsorgstilbud i Finnmark, engasjement med medleverturnus.
Emploi Medic søker 5 miljøterapeuter på heltid til medleverturnus ved asylsøkertilbud i Finnmark.