Hopp til innhold
Næringslivsrapport for august 2026.Les rapporten

Musikklærar med ansvar for samspel

Solund Kommune Oppvekst Og Kultur · Solund, Vestland

EngasjementDeltidOffentligUtdanning
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Solund Kommune Oppvekst Og Kultur.

AI-sammendrag

Om stillingen

Solund kulturskule søkjer ein musikkpedagog i eit 20 % engasjement frå hausten 2026. Stillinga omfattar individuell undervisning og samspelsarbeid – band, ensemble og gruppeundervisning – tilpassa søkjaren sin kompetanse og elevane sine behov. Det kan òg bli aktuelt med tverrfaglege prosjekt saman med grunnskule, korps og andre lokale aktørar. Arbeidsstad er Solund i Vestland.

Om arbeidsgiveren

Solund kulturskule er ei undereining under offentleg forvaltning og driv kulturskuleundervisning for barn og unge. Skulen har 5 tilsette og er ein liten, nær institusjon med tett kontakt mellom elevar, foreldre og lokalsamfunnet – typisk for kulturskuletilbodet i ein liten kystkommune.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 20. juli 2026.

Om stillingen

Solund kulturskule har ledig ei 20 % stilling som musikklærar frå hausten 2026.

Vi søkjer ein engasjert og fleksibel musikkpedagog som kan undervise elevar individuelt og i grupper, og som har lyst til å utvikle samspel, band og musikkglede i eit lite og nært kulturskulemiljø.

Solund kulturskule er ein liten kulturskule med nært forhold til elevane, foreldra og lokalsamfunnet. Hos oss er det kort veg frå idé til handling, og vi ønskjer å utvikle gode møteplassar der barn og unge får oppleve meistring, skaparglede og fellesskap gjennom musikk.

Stillinga vil omfatte individuell undervisning og arbeid med samspel, band og/eller mindre ensemble, tilpassa søkjar sin kompetanse og elevane sine behov. Det kan også vere aktuelt med prosjektarbeid i samarbeid med grunnskulen, korpset eller andre lokale aktørar.

Arbeidsoppgåver

  • undervisning i musikk, individuelt og/eller i små grupper
  • leiing av samspel, band eller ensemble
  • arbeid med grunnleggande musikalske ferdigheiter
  • førebuing og gjennomføring av konsertar og framsyningar
  • samarbeid med andre lærarar i kulturskulen
  • deltaking i prosjekt saman med grunnskule, korps eller andre lokale aktørar
  • bidra til eit trygt, inkluderande og kreativt læringsmiljø

Kvalifikasjonar

  • relevant musikkfagleg og/eller pedagogisk utdanning
  • erfaring med undervisning av barn og unge
  • kompetanse innan eitt eller fleire instrument
  • erfaring med samspel, bandleiing eller ensemblearbeid
  • evne til å tilpasse undervisninga til ulike nivå og interesser
  • gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig

Personlege eigenskapar

  • er trygg, varm og tydeleg i møte med barn og unge
  • skaper motivasjon, meistring og musikkglede
  • likar å arbeide i små miljø der ein må vere fleksibel
  • har lyst til å bidra til utvikling av kulturskulen
  • ser verdien av samarbeid, fellesskap og lokal forankring
  • kan inspirere elevar til både øving, utforsking og framføring

Vi tilbyr

  • ei meiningsfull stilling i eit lite og nært kulturskulemiljø
  • engasjerte elevar og gode moglegheiter for å påverke innhaldet i stillinga
  • samarbeid med andre fagpersonar innan musikk, visuell kunst og media
  • høve til å vere med og utvikle samspel, konsertar og tverrfaglege prosjekt
  • løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk

Relevant praksis kan kompensere for formell utdanning. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Søknad

Søknaden bør innehalde kort informasjon om utdanning, erfaring, instrumentkompetanse og kva du kan bidra med inn i musikk- og samspelsarbeidet ved Solund kulturskule.

Link til søknadsskjema: Søk her

Lignende stillinger

Lærer i realfag
Akershus fylkeskommune, Nes videregående skole · AKERSHUS

Nes videregående skole i Akershus søker vikarlærer i realfag, 25 % deltidsstilling fra september 2026.

VikariatDeltidUtdanning
Fosterhjem og spesialiserte fosterhjem
Omsorgsgruppen AS · ØSTFOLD

Omsorgsgruppen AS i Østfold søker 5 fosterhjem og spesialiserte fosterhjem på heltid (engasjement) innen barneverntjenester.

EngasjementHeltid5 stillingerUtdanning
Pedagogisk leder
Sandviken barnehage, Bergen kommune · BERGEN, VESTLAND
VikariatHeltidUtdanning
Frist 25.9.2026
Lærer
Storevarden skole, Sola kommune · SOLA, ROGALAND
VikariatHeltidUtdanning
Frist 27.9.2026