Hopp til innhold
Slik bruker sokfirma.no AI.Les artikkelen

Psykriatribustader

Øygarden Kommune Psykisk Helse Og Rus · Øygarden, Vestland

FastHeltidOffentligUtdanningFrist 27.9.2026

AI-sammendrag

Om stillingen

Øygarden kommune søker medarbeidar til 100% fast stilling ved Psykiatribustader, Blombakkane, lokalisert på Straume i Øygarden. Stillinga er knytt til ein døgnbemanna bustad for personar med utfordringar innan psykisk helse og/eller rus. Arbeidsoppgåvene omfattar rettleiing, praktisk bistand, nettverksarbeid, koordinering av tenestetilbod, oppfølging av individuell plan, journalføring og legemiddelhandtering. Arbeidet går i turnus (dag og kveld) med arbeidshelg om lag kvar 3. helg. Krav til søkjar er godkjent fagbrev innan helse eller barne- og ungdomsarbeidar, førarkort klasse B, og erfaring med aktuell brukargruppe.

Om arbeidsgjevaren

Stillinga er i Øygarden kommune sin avdeling for rus og psykisk helse, sone Straume, ei underining til kommunen som næringsdrivande og offentleg forvaltning. Verksemda driv med dagaktivitetstilbod tilpassa målgrupper og har 124 tilsette, noko som gjer dette til ein relativt stor kommunal arbeidsplass innan helse- og omsorgssektoren.

Søknad og frist

Søknadsfristen er 27. september 2026.

Om stillingen

Om avdelinga:

Ved Psykiatribustader, Blombakkane er det ledig 100% fast stilling. Boligen er lokalisert på Straume.

Avdeling Psykisk helse og rus i Øygarden kommune ligg under kommunalsjefområde Helse og Velferd. Avdelinga yter differensierte tenester til personar med utfordringar knytt til psykisk helse og/eller rus. Den ledige stillinga er knytt til eit døgnbemanna bustad med brukare som bur- og eller får oppfølging frå bustaden.

Vi kan tilby ein variert arbeidskvardag i eitt spennande og godt fagmiljø, der du får god nytte av di faglege kompetanse og der ein gjennom samarbeid med den einskilde, og aktuelle samarbeidsinstansar kan tilby naudsynte og kvalitativt gode tenester.

Arbeidsoppgåver:

  • Sikre at brukarar får naudsynte og kvalitativt gode tenester i høve lovverk, retningslinjer og vedtak.
  • Rettleiing
  • Praktisk bistand
  • Nettverksarbeid
  • Koordinere tenestetilbod, delta i samarbeidsmøta/ ansvarsgruppe
  • Utarbeide og følgje opp i høve Individuell plan / tiltaksplanar
  • Tilvise til behandling
  • Journal- og dokumentasjonsansvar
  • Legemiddelhandtering
  • Oppfølging helse

Kvalifikasjonar:

  • Godkjent fagbrev innan helse eller barne- og ungdomsarbeidar
  • Førarkort klasse B
  • Naudsynt med erfaring frå liknande arbeid med aktuell brukargruppe
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar:

  • Kunne jobbe sjølvstendig og i team
  • Gode samarbeidsevner
  • Stor grad av fleksibilitet
  • Løysingsorientert
  • Evne til å jobbe strukturert og målretta
  • God evne til å takle stress og hektiske situasjonar
  • Fagleg engasjert og interesse for arbeid med brukargruppa
  • Positiv og bidreg til eitt godt arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Anna:

  • Turnus, dag og kveld med arbeidshelg ca kvar 3.helg. Turnusen har nokon langvaktar.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån

Kontakt:

Avdelingsleiar Beate Golten tlg 94020443

Einingsleiar Therese Helgesen tlf 91529795

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Link til søknadsskjema: Søk her

Søk på jobben
Søk senest 27.9.2026
Søk på stillingen →

Flere stillinger hos Øygarden Kommune Psykisk Helse Og Rus

Lignende stillinger

Lærer i realfag
Akershus fylkeskommune, Nes videregående skole · AKERSHUS

Nes videregående skole i Akershus søker vikarlærer i realfag, 25 % deltidsstilling fra september 2026.

VikariatDeltidUtdanning
Lærer i engelsk og historie
Akershus fylkeskommune, Nes videregående skole · AKERSHUS

Nes videregående skole i Akershus søker vikarlærer (60 %) i engelsk og historie fra 7. september til 31. desember 2026.

VikariatDeltidUtdanning
Lærer i norsk
Akershus fylkeskommune, Nes videregående skole · AKERSHUS

Nes videregående skole i Akershus søker vikar i norsk, 70 % deltid, fra 7. september til 31. desember 2026.

VikariatDeltidUtdanning