Me Group AS søker 1 møtebooker (B2B) på heltid, fast ansettelse, innen bedriftsrådgivning og rekruttering i Agder.
Prosjektleiar- Samhandling for overgang frå utanforskap til arbeid
Helse, Omsorg Og Velferd · Ørsta, Møre Og Romsdal
AI-sammendrag
Om stillingen
Ørsta kommune søkjer ein prosjektleiar til stillinga «Samhandling for overgang frå utanforskap til arbeid». Prosjektet skal betre samhandlinga mellom Nav, kommunane Ørsta og Volda, og fylkeskommunen, med mål om å få fleire – særleg unge – ut i arbeid og utdanning, primært i den kommunale helse- og omsorgstenesta. Prosjektleiaren skal koordinere felles deltakarforløp, sikre framdrift og kvalitet, følgje opp progresjon for deltakarane, og dokumentere effektar av arbeidet. Stillinga er eit toårig engasjement i 100 % stilling, med moglegheit for forlenging. Det er 1 stilling ledig, med arbeidsstad Ørsta rådhus, men med virkeområde i både Ørsta og Volda. Sluttdato for engasjementet er sett til 31.07.2028.
Om arbeidsgjevaren
Stillinga er knytt til Felles helse, omsorg og velferd, ei offentleg undereining i Ørsta kommune innanfor offentleg administrasjon tilknytt helsestell, undervisning, kultur og annan sosial verksemd. Eininga har 29 tilsette.
Søknad og frist
Søknadsfristen er 4. september 2026. Tiltreding skjer snarast.
Annonsetekst
Vil du vere med og utvikle betre samhandling mellom Nav, kommunane og opplæringsløp for å få fleire ut i arbeid og utdanning? Vi søkjer ein strukturert og målretta prosjektleiar som kan drive fram eit viktig utviklingsarbeid i kommunane Ørsta og Volda.
Prosjektstillinga skal bidra til betre samhandling og koordinering på tvers av Nav, kommunane og fylkeskommunen. Målet er å redusere utanforskap ved å rekruttere primært unge til arbeid i den kommunale helse og omsorgstenesta, og legge til rette for kompetanseutvikling for deltakarane i programmet. På sikt er målet å bidra til auka bemanning og ei meir berekraftig teneste.
Arbeidsoppgåver
Som prosjektleiar får du eit overordna ansvar for å utvikle, koordinere og følgje opp eit felles deltakarforløp. Du skal sikre framdrift, struktur og kvalitet – både på systemnivå og i oppfølging av den enkelte deltakar
Stillinga er i første omgong eit toårig engasjement, men det kan verte høve til lenging dersom føresetnadane for det ligg føre.
Prosjektleiar skal:
- vere bindeledd mellom Nav, kommunar og opplæring
- koordinere og sikre gode deltakarforløp
- sikre framdrift, struktur og kvalitet i arbeidet
- koordinere samarbeid på systemnivå
- følgje opp progresjon i individuelle deltakarforløp
- identifisere flaskehalsar og bidra til kontinuerleg forbetring
- dokumentere effektar og resultat av arbeidet
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer deg som:
- har relevant utdanning innan helse, sosialfag, HR, organisasjon eller tilsvarande. Høgare utdanning er ønskeleg, men kandidatar med annan relevant utdanning og erfaring vert også oppmoda til å søkje.
- erfaring frå prosjektleiing eller utviklingsarbeid er ein fordel
- har kjennskap til helse- og omsorgstenestene
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer at du:
- er relasjonssterk og samlande og har gode samarbeids- og koordineringsevner
- er gjennomføringskraftig
- er analytisk og løysingsorientert
- er tydeleg og arbeider strukturert og målretta
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert sterkt vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
- ei sentral rolle i utvikling av framtidas arbeidskraft
- høve til å påverke samhandling på tvers av sektorar
- spanande og meiningsfull prosjektstilling
- eit tverrfagleg og utviklingsorientert miljø
- utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode forsikrings og pensjonsvilkår: Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette, som også inkl. frivillig ulukkesforsikring på fritida. Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Som medlem i KLP får du i tillegg tilgong til ekstra gode vilkår på bank, forsikring og sparing.
Arbeidsvilkår Tiltreding snarast. Ørsta kommune vil vere arbeidsgjevar, med kontorplassering Ørsta rådhus, men stillinga er ein interkommunal ressurs og skal ha virkeområde i begge kommunane.
Stillinga er plassert i HTA kap. 4.
Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement.
Prøvetid Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk.
Intern søkjar Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf AML §14.
Dokumentasjon Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.
Om offentleglova Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Ingunn Gjengedal, kommunalsjef helse omsorg og velferd, Ørsta, 92436245, ingunn.gjengedal@orsta.kommune.no Svein Berg-Rusten, kommunelsjef helse og omsorg, Volda, 91868329, svein.berg-rusten@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Dalevegen 6 6153 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommune Referansenr.: 5168423686 Stillingsprosent: 100% Engasjement Sluttdato: 31.07.2028 Søknadsfrist: 04.09.2026
Lignende stillinger
Jobs By Nordics AB søker 5 norsktalende kundeservicemedarbeidere på heltid til arbeid i Hellas, med flyttepakke.
Jobs By Nordics AB søker 5 norskspråklige kundekonsulenter til veihjelp på heltid i Torrevieja, Spania. Frist 16. desember.
Jobs By Nordics AB søker 5 norsktalende kundeservicekonsulenter på heltid til veihjelp i Fuengirola, Spania.
NG Nordic søker en forretningsassistent for CEO i Oslo, fast heltidsstilling i et nordisk miljø- og gjenvinningskonsern med 3 400 ansatte.
Nordens välfärdscenter i Stockholm søker én verksamhetsledare på heltid, tidsbegrenset i 12 måneder til 2 år.