Høgskulen på Vestlandet i Førde søker 2 faste førsteamanuenser/førstelektorer/høgskolelektorer i allmennsykepleie, heltid.
Spesialbibliotekar/ universitetsbibliotekar - Eining for studiestøtte
Høgskulen På Vestlandet · Sunnfjord, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Høgskulen på Vestlandet søker ein spesialbibliotekar/universitetsbibliotekar i 100 % fast stilling ved biblioteket si eining for studiestøtte, med arbeidsstad campus Førde. Stillinga inneber å vere kontaktbibliotekar for fagmiljø ved Fakultet for helse- og sosialvitskap og Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap, med undervisning og rettleiing av studentar i informasjonssøking, referansehandtering (Zotero/EndNote) og akademisk skriving. I tillegg inngår samlingsutvikling, pensumlistearbeid, brukaropplæring i system som Bolk og Leganto, samt skranketeneste. Stillinga har òg eit medansvar for samordning av bibliotektenester på tvers av HVL sine fem campusar. Krav er master- eller bachelorutdanning innan relevante bibliotek- eller informasjonsfag, avhengig av kva stillingskode ein blir tilsett i.
Om arbeidsgiveren
Høgskulen på Vestlandet Førde er ei underavdeling til ein næringsdrivande og offentleg forvaltningsinstitusjon, innan bransjen undervisning ved andre høgskolar. Verksemda i Sunnfjord har 118 tilsette, og inngår i eit større statleg utdanningssystem.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 11. oktober 2026.
Om stillingen
Høgskulen på Vestlandet, Biblioteket, har ledig fast stilling i 100 % som spesialbibliotekar/universitetsbibliotekar
Stillinga er knytt til biblioteket si eining for studiestøtte og rapporterer direkte til leiar for eininga.
Arbeidsstad er campus Førde. Stillinga har likevel eit medansvar for samkøyring og utvikling av bibliotektenester på tvers av HVL sine fem campusar. Stillinga medfører utstrekt samarbeid med fagmiljø i HVL samt innad i høgskulebiblioteket.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
- Kontaktbibliotekar for utdanninger og fagmiljø knytt til Fakultet for helse- og sosialvitskap og Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap ved campus Førde
- Undervisning og rettleiing til studentar i informasjonssøking, referansehandtering og akademisk skriving – både fysisk og digitalt
- Opplæring og rettleiing i referansehandteringsverktøy som Zotero og EndNote
- Samlingsutvikling innan aktuelle fagområde, inkludert pensumlistearbeid
- Brukaropplæring i og ansvar for system som Bolk og Leganto
- Skranketeneste
- Andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga ved behov
Kvalifikasjonskrav:
- For tilsetting i stilling som universitetsbibliotekar; masterutdanning innan relevante fag for stillinga, fortrinnsvis med bibliotekfag i fagkrinsen
- For tilsetting i stilling som spesialbibliotekar; bachelor i bibliotek- og informasjonsvitskap, eller tilsvarande bibliotekfagleg utdanning
- Erfaring med undervisning og rettleiing frå fag- og forskingsbibliotek er ønskjeleg
- Kjennskap til kunnskapsbasert praksis i helsefag er ein fordel
- God digital kompetanse
- Relevant arbeidserfaring og personleg eignaheit vert vektlagt
Personlege eigenskapar:
- Vi søker etter ein fagleg engasjert medarbeidar som er utviklings- og resultatorientert, systematisk, serviceinnstilt, oppsøkjande og initiativrik, fleksibel, og med gode samarbeids- og kommunikasjonsevner. Stillinga krev evne til å arbeide sjølvstendig og i team, og føreset god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
- Høve for trening i arbeidstida
Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1515 - Spesialbibliotekar, stillingskode 1199 - Universitetsbibliotekar
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:
1) Biblioteksjef Turid Bogetvedt Hitland E-post: turid.bogetvedt.hitland@hvl.no
2) Einingsleiar Gunhild Austrheim E-post: gunhild.austrheim@hvl.no
Inkludere, utfordre og samhandle
Les meir på våre heimesider.
Flere stillinger hos Høgskulen På Vestlandet
API og MCPGET /company/974798557/stillinger
API
curl "https://api.sokfirma.no/company/974798557/stillinger" \ -H "Authorization: Bearer sk_api_..."
Svar (utdrag)
{
"agg": null,
"total": 1,
"hits": [
{
"uuid": "b76ce142-2229-462b-9e30-3708024d0418",
"title": "Førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor innan allmennsjukepleie",
"municipal": "SUNNFJORD",
"application_due": "2026-11-15 00:00:00+00",
…
}
]
}MCP
get_company_stillinger({ "org_no": "974798557" })Spør AI-assistenten
Hva er søknadsfristen for «Spesialbibliotekar/ universitetsbibliotekar - Eining for st…» hos Høgskulen På Vestlandet Førde?
Lignende stillinger
Nordens välfärdscenter i Stockholm søker én verksamhetsledare på heltid, tidsbegrenset i 12 måneder til 2 år.
CERN i Sveits søker én Export Control Compliance Lead på heltid, fast ansettelse, til å bygge opp et nytt eksportkontrollkontor.
CERN søker en Asset Accountant på heltid i fast stilling i Sveits, med fokus på eiendelsregnskap og varige driftsmidler.
Utenriksdepartementet søker én spesialutsending for politisaker til ambassaden i Kyiv, heltid, engasjement på to år fra august 2027.
Better Business i Trondheim søker en alderskontrollør og mystery shopper på deltid, fast ansettelse, med fleksibel arbeidstid.
Jobs By Nordics AB søker 5 norsktalende kundeservicemedarbeidere til fast heltidsjobb i Hellas, med flyttepakke.