Viva Bemanning søker 4 autoriserte vernepleiere til langvarig heltidsvikariat i kommunale tjenester i Finnmark.
Spesialsjukepleiar/sjukepleiar med relevant erfaring
Dps Døgn Allmenn, Helse Førde · Sunnfjord, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
DPS Døgn allmenn søker spesialsjukepleiar eller sjukepleiar med relevant erfaring til en fast stilling i 100% heltid i Sunnfjord. Hovudoppgåvene er utgreiing, behandling og rehabilitering med vekt på miljøterapi, saman med arbeid på sengepost, undervisning/rettleiing, tverrfagleg samarbeid og pårørandearbeid. Turnusarbeid, inkludert langvakter i helg, kan vere aktuelt. Norsk autorisasjon som sjukepleiar er eit krav, medan relevant vidareutdanning (t.d. psykiatri eller SEPREP) blir vektlagd. Startdato er etter avtale.
Om arbeidsgjevaren
Stillinga er knytt til DPS Førde, ei underavdeling av Helse Førde HF innan psykiatriske sjukehustenester for vaksne. Eininga har 67 tilsette og held til i Sunnfjord kommune. Avdelinga psykiatrisk klinikk, som DPS Døgn allmenn er ein del av, har om lag 200 årsverk og driv 14 døgnplassar i Førde og Florø, med ansvar for både frivillig og tvunge psykisk helsevern for pasientar frå Sunnfjord og Ytre Sogn.
Søknad og frist
Søknadsfristen er 23.08.2026.
Om stillingen
DPS Døgn allmenn har ledig 100% fast stilling for spesialsjukepleiar/sjukepleiar med relevant erfaring.
Psykiatrisk klinikk består av to DPS-sengepostar og ein poliklinikk med ambulante tenester som gjev allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn. Avdelinga har også sentralsjukehusoppgåver med akutt døgn med ØH-plikt, sikkerheitspost og ambulant vaksenhabilitering. Avdelinga Psykiatrisk klinikk har om lag 200 årsverk og er lokalisert i Førde og Florø.
DPS Døgn allmenn har 14 døgnplassar, av desse ein brukarstyrt plass. Vi tek imot pasientar frå Sunnfjord og Ytre Sogn. Hovudoppgåva er utgreiing, behandling og rehabilitering med fokus på miljøterapi. Vi tek imot pasientar til både frivillig og tvunge psykisk helsevern.
Vi tilbyr ein lærerik arbeidskvardag i eit inkluderande arbeidsmiljø.
Startdato: Etter avtale
Arbeidsoppgåver
- Arbeid på sengepost
- Undervisning/rettleiing
- Tverrfagleg samarbeid
- Fungere som ansvarsvakt og primærkontakt
- Vere aktiv deltakar i kontinuerleg fagutvikling i seksjonen
- Miljøterapi
- Pårørandearbeid
- Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gi pasientar best mogleg behandling på sengeposten
- Ta del i den til ei kvar tid oppgåver som ligg til sengeposten
- Andre oppgåver etter avtale med leiar
- Turnusarbeid, langvakter på helg kan vere aktuelt dersom ønskjeleg.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Relevant vidareutdanning (f.eks. psykiatri eller SEPREP) blir vektlagd, men er ikkje eit krav.
- Relevant erfaring er ønskjeleg
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
- Gode IKT-kunnskapar er ønskjeleg
Personlege eigenskapar
- Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider strukturert og målretta
- Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du er god til å sjå kva som må gjerast, både tilbyr og mottar gjerne hjelp
- Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar, og arbeider stabilt under press
- Personleg eignaheit vert vektlagt
Vi tilbyr
- Eit meiningsfylt arbeid som gir personleg utvikling
- Opplæring
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Ingun Indrebø, Seksjonsleiar, +47 47890705
Arbeidsstad
Svanehaugvegen 2 6812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Førde Referansenr.: 5156280386 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 23.08.2026
Lignende stillinger
Emploi Medic AS søker miljøterapeut på heltid til oppdrag innen migrasjonshelse i Nordland.
Hålogaland Helse og Omsorg i Narvik søker 10 miljøterapeuter/-arbeidere i faste heltidsstillinger, samt tilkallingsvikarer.
WRK Bemanning søker 3 trygge voksne til deltidsoppdrag på barnevernsinstitusjoner i Vestfold.
Smil Tannlegesenter i Oslo søker 2 tannhelsesekretærer i faste heltid- og deltidsstillinger fordelt på fem klinikker.
Sunnfjord kommune søker nattevakt (80 %) og helgevikarar (20–25 %) til bufellesskap for utviklingshemmede i Vestland, fast deltid.