Hvam videregående skole (Akershus fylkeskommune) i Nes søker lærer i naturbruk med realfag og teknologi, heltid, fast ansettelse.
Faglærar – Teknologi- og industrifag
Opk-Fl - Flora Vgs, Vestland Fylkeskommune · Kinn, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Flora vidaregåande skule søkjer ein faglærar i teknologi- og industrifag i 100 % fast stilling med oppstart ved skulestart 2026–2027 (tidspunkt kan avtalast nærare). Stillinga omfattar planlegging og gjennomføring av undervisning på Vg1 og Vg2 Industri og teknologifag, både i klasserom og på verkstad, samt undervisning i yrkesfagleg fordjuping (YFF). Kontaktlærarfunksjon kan òg verte aktuelt. Arbeidsstad er Florø i Kinn kommune, Vestland.
Om arbeidsgiveren
Flora vidaregåande skule er ei offentleg vidaregåande skule med 104 tilsette, organisert som underenhet av Vestland fylkeskommune. Skulen tilbyr seks utdanningsprogram innan både studieførebuande og yrkesfag, og legg vekt på tett samarbeid med lokalt næringsliv og opplæringskontor.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 08.06.2026.
Annonsetekst
Vi søkjer faglærar i teknologi- og industrifag frå skulestart 2026-2027. Tidspunkt kan avtalast nærare. Flora vidaregåande skule, ligg i Florø og har seks utdanningsprogram innan både studieførebuande- og yrkesfag. Vi er omlag 80 tilsette som kvar dag bidreg til læring, inspirasjon og trivsel for ungdom og vaksne. Meir informasjon om skulen finn du på flora.vgs.no. Søknadsfrist 08.06.2026
Arbeidsoppgåver
Arbeidet omfattar planlegging og gjennomføring av undervisning og oppfølging av elevar på både Vg1 og Vg2 Industri og teknologifag, både i klasserom og på verkstad. Undervisning i yrkesfagleg fordjuping (YFF) vil òg vere ein del av stillinga. Du får ansvar for oppfølging og vurdering av elevar, og vil vere ein del av eit fagmiljø som legg vekt på samarbeid, pedagogisk utviklingsarbeid og tett kontakt med lokalt næringsliv og opplæringskontor for å gi elevane ei relevant opplæring og ein trygg overgang til lære og arbeidsliv. Du held deg orientert om utviklinga i bransjen og i fag- og yrkesopplæringa. 100 % fast stilling med undervisning i programområde Det kan bli aktuelt med kontaktlærarfunksjon i tillegg til undervisning
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg med fagbrev innan mekaniske eller relevante fag og minst fire års yrkeserfaring etter fagbrev. Teknisk fagskule, høgare utdanning eller yrkesfaglærarutdanning er ønskjeleg, men ikkje eit krav. Har du ikkje formell tilsettings- og undervisningskompetanse, kan du tilsetjast på vilkår om å fullføre slik utdanning innan ein nærare gjeve frist. Politiattest må leggjast fram. Det er ynskjeleg med: - Undervisningserfaring. - Erfaring i bruk av IKT og varierte digitale undervisningsmetodar. - God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
Personlege eigenskapar
Som lærar må du trivast med å arbeide med ungdom og vere ein tydeleg og inkluderande rollemodell. Vi ønskjer deg som er oppteken av å skape eit godt læringsmiljø, og som kan kombinere fagleg tyngde med evne til samarbeid, refleksjon og utvikling. Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt i vurderinga av søkjarar. Du tek initiativ til samarbeid og er ein aktiv deltakar i samarbeid, men er òg sjølvstendig i eige arbeid. Du trivst i eit hektisk arbeidsfellesskap med elevar, miljøarbeidarar, lærarar og andre hjelpeinstansar i laget rundt eleven
Vi tilbyr
Vi tilbyr eit spennande fagmiljø med framtidige fagarbeidarar og gode kollegaer, samt tilrettelegging for vidareutdanning. Lønn etter avtale og gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. For meir informasjon om stillinga kontakt avdelingsleiar og handverk- og industrifag Ole Hennøy tlf 91 87 27 26.
Søknadsfrist 08.06.2026
Kontaktinformasjon
Knut Christian Clausen, rektor , 41530684
Arbeidsstad
Professor Gjelsvikveg 22 6906 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5135414488 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 07.08.2026
Lignende stillinger
Norskling i Oslo søker norsklærer med polskkompetanse til frilansoppdrag på deltid, undervisning via Zoom på hjemmekontor.
Mobarn Øverland Barnehage i Molde søker pedagogisk leder i 100 % fast stilling.
Omsorgsgruppen søker 5 beredskapshjem i Agder på heltid/engasjement for å gi barn og unge trygghet i akutte situasjoner.
Storevatn barnehage i Kinn kommune søker pedagogisk leder i 100 % vikariat fra februar til juli 2027, heltid i Florø.