Haram kommune søker miljøterapeut i fast 100%-stilling ved Solbakken Bukollektiv, botilbud for utviklingshemmede.
Sjukepleiar
Haram Bustader 2, Avdeling Solbakken, Haram Kommune · Haram, Møre Og Romsdal
AI-sammendrag
Om stillingen
Haram kommune søker sjukepleiar i 100% fast stilling ved Haram bustader 2, avdeling Solbakken bukollektiv. Stillinga inneber turnus med dag- og kveldsvakter, med langvakter kvar 4. helg, og oppstart er sett til 1. oktober 2026 eller etter avtale. Arbeidsstad er Ulvestadvegen 6 i Vatne, med enkelte oppmøte ved basen i Brattvåg for medikamenthandtering og møte. Sentrale oppgåver er målretta miljøarbeid, oppfølging av deltakarar med utviklingshemming, dokumentasjon, legemiddelhandtering, rettleiing og primærkontaktrolle. Sjukepleiaren vil inngå i eit tverrfagleg team saman med miljøterapeutar og anna helsefagleg personell.
Om arbeidsgjevaren
Stillinga er knytt til Solbakken bukollektiv, ei underavdeling til Haram bustader 2 og ein del av Haram kommune sitt kommunalområde helse og omsorg. Verksemda er registrert som underenhet med 36 tilsette, og driv omsorgstenester i botilbod for personar med utviklingshemming eller tilsvarande funksjonsnedsettingar. Som kommunal verksemd er dette ein etablert offentleg arbeidsplass med fokus på fagutvikling, mellom anna gjennom prosjektet TØRN og implementering av rettleiaren for gode helse- og omsorgstenester til personar med utviklingshemming.
Søknad og frist
Søknadsfristen er 30. august 2026.
Om stillingen
Butenesta i Haram har ledig 100% stilling som sjukepleiar. Stillinga er for tida ledig i avdeling Haram bustader 2, avdeling Solbakken bukollektiv. Stillinga er ledig frå 1. oktober 2026, eller etter avtale. Turnus for stillinga er dag- og kveldsvakter, med langvakter kvar 4.helg.
Solbakken bukollektiv er ei underavdeling til Haram bustader 2. Solbakken består av bukollektiv for vaksne, samt avlastning. Basen til butenesta ligg i Brattvåg. Oppmøte kan difor enkelte dagar vere på basen i Brattvåg, for medikamenthandtering og andre møte. Som sjukepleiar på Solbakken vil du jobbe i eit tverrfagleg team i lag med dyktige miljøterapeutar og andre med helsefagleg bakgrunn.
Butenesta skal i ein 4-årsperiode framover ha fokus på å jobbe systematisk for å sette i system og implementere krav og mål til rettleiaren "Gode helse og omsorgstenester til personar med utviklingshemming". Som miljøterapeut får du vere ein del av dette arbeidet. I 2025 har avdelinga vore med i prosjektet TØRN, og dette skal no implementerast ut i dei andre avdelingane i Butenesta. Haram kommune er oppteken av gode heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
Arbeidsoppgåver
- Målretta miljøarbeid.
- Vere nytenkande og kreativ for å imøtekome deltakarane sine behov og ønskje.
- Bruk av hjelpemiddel dersom deltakarane har behov for dette.
- Deltaking/samhandling med pårørande/verge og andre samarbeidspartnarar.
- Dokumentering etter gjeldande prosedyrer og lovverk.
- Fagutvikling der miljøterapeut vil ha fagansvar og koordineringsansvar på avdelinga.
- Utarbeide, oppdatere og følgje opp tiltak og planar etter vedtak og behov.
- Rettleiingsansvar, både i gruppe og på individnivå.
- Innleige ved sjukdom, i turnussystemet GAT.
- Primærkontaktrolle.
- Legemiddelhandtering.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar.
- Erfaring med å jobbe tverrfagleg og i team.
- Erfaring med helse og omsorgstenestelova kapittel 9.
- Meistre godt norsk både skriftleg og munnleg.
- Førarkort kl. B.
- Erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming.
- Politiattest er eit krav.
Personlege eigenskapar
- Du viser initiativ og er kreativ.
- Du er kunnskapsrik og fagleg oppdatert.
- Du er pliktoppfyllande og sjølvgåande.
- Du har stor arbeidskapasitet og er ein utprega omsorgsperson.
- Du har evne til å bygge relasjonar med deltakarar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.
- Du har evne til å skape engasjement og har gode haldningar og moral.
- Du er ein lagspelar som bidreg til at felles mål blir nådd.
- Du er lojal og stabil.
- Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Ein kjekk arbeidsplass med høve til personleg og fagleg utvikling.
- Rom for å vere kreativ.
- Løn etter gjeldande tariffavtale.
Kontaktinformasjon
Beate Håholm Dahl, Avdelingsleiar Haram bustader 2 og Solbakken bukollektiv, 96517530, Beate.Haholm.Dahl@haram.kommune.no Linn Borgund, Tenesteleiar, 97595965, linn.borgund@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Ulvestadvegen 6 6265 Vatne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommune Referansenr.: 5157981658 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 01.10.2026 Søknadsfrist: 30.08.2026
Flere stillinger hos Haram Bustader 2, Avdeling Solbakken, Haram Kommune
Lignende stillinger
Viva Bemanning søker 4 autoriserte vernepleiere til langvarig heltidsvikariat i kommunale tjenester i Finnmark.
Emploi Medic AS søker miljøterapeut på heltid til oppdrag innen migrasjonshelse i Nordland.
Hålogaland Helse og Omsorg i Narvik søker 10 miljøterapeuter/-arbeidere i faste heltidsstillinger, samt tilkallingsvikarer.
WRK Bemanning søker 3 trygge voksne til deltidsoppdrag på barnevernsinstitusjoner i Vestfold.
Smil Tannlegesenter i Oslo søker 2 tannhelsesekretærer i faste heltid- og deltidsstillinger fordelt på fem klinikker.
Sunnfjord kommune søker nattevakt (80 %) og helgevikarar (20–25 %) til bufellesskap for utviklingshemmede i Vestland, fast deltid.