Helse Førde søkjer audiograf i 100 % fast stilling ved Lærdal sjukehus, Vestland.
Sjukepleiarar
Medisinsk Sengepost Lærdal, Helse Førde · Lærdal, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Helse Førde søkjer 5 sjukepleiarar til medisinsk sengepost og dialyse ved Lærdal sjukehus. Det er ei blanding av stillingar: mellom anna 80 % fast stilling, samt fleire vikariat på 90–100 % med varigheit fram til høvesvis 01.09.2027 og 01.11.2027. Arbeidsstad er Lærdal i Vestland. Oppgåvene omfattar mottak og oppfølging av pasientar, teamarbeid på tvers av yrkesgrupper, rettleiing av studentar og arbeid i snitt kvar tredje helg. Norsk autorisasjon som sjukepleiar er eit krav.
Om arbeidsgjevaren
Stillinga er ved Lærdal sjukehus, ei underavdeling av Helse Førde HF innan somatiske sjukehustenester. Eininga har 186 tilsette og er ein del av den offentlege spesialisthelsetenesta, som gir eit stabilt og fagleg breitt arbeidsmiljø ved eit lokalsjukehus.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 24.09.2026.
Om stillingen
Ønskjer du å bu på ein liten stad med store moglegheiter? Ønskjer du å arbeide ved eit lokalsjukehus og få stort fagleg utbytte? Då kan Lærdal sjukehus vere staden for deg!
No søkjer vi sjukepleiarar til ledige stillingar ved medisinsk sengepost og dialyse.
Medisinsk sengepost
- 80 % fast stilling frå snarast
- 100 % vikariat frå snarest til 01.09.2027
- 100 % vikariat frå 01.11.2026 - 01.11.2027
- 90 % vikariat frå 01.11.2026 - 01.11.2027
Kombinasjonsstilling medisinsk sengepost og dialyse
- 80 % fast stilling frå snarast
Stillingane er i utgangspunktet ikkje planlagde delte. Vi ber om at søkjarane opplyser i søknaden kva for stilling(ar) dei ønskjer å bli vurderte for. Om medisinsk sengepost Sengeposten har 14 senger, inkludert 2 overvakingssenger. Vi tek imot pasientar med eit breitt spekter av medisinske problemstillingar innan mellom anna hjarte-, lunge- og infeksjonssjukdomar. Dei fleste innleggingane er augeblikkeleg hjelp.
Om dialysen Dialysen er open mandag til lørdag. Kva kan vi tilby deg ved Lærdal sjukehus Hos oss får du arbeide i eit godt fagmiljø der vi samarbeider tett på tvers av avdelingane. Vi er små nok til at folk kjenner kvarandre, men store nok til å tilby spennande faglege utfordringar og utviklingsmoglegheiter. Bu og arbeide i Lærdal Lærdal byr på storslåtte naturopplevingar rett utanfor døra og gode moglegheiter for friluftsliv året rundt. Med plassering mellom Bergen og Oslo er bygda eit naturleg knutepunkt. Sjukehuset disponerer også personalhytte på Filefjell. Meir informasjon om Lærdal finn du her: Lærdal kommune. Ønskjer du meir informasjon om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med einingsleiaren
Arbeidsoppgåver
- Mottak og oppfølging av pasientar
- Delta i daglege arbeidsoppgåver som ligg til avdelinga
- Samarbeid i team med andre yrkesgrupper
- Delta i opplæring og rettleiing av studentar
- Utføre arbeidsoppgåver delegert frå leiar
- Arbeid i snitt kvar tredje helg, moglegheit for langvakter på helg
Arbeide etter Helse Førde sine verdiar: Respekt i møte med pasienten, kvalitet i prosess og resultat, og tryggleik for tilgjenge og omsorg.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
- Gode IKT-kunnskapar
- Erfaring innen overvaking blir vektlagt
- Må kunne bruke datasystema som ligg til rolla slik at faglege og juridiske krav vert ivaretekne
Personlege eigenskapar
- Har eit tydeleg pasientfokus og utøver arbeidet i tråd med faglege og etiske verdiar
- Arbeider sjølvstendig og strukturert, og tek ansvar for eigne oppgåver
- Gode samarbeidsevner og bidreg til eit positivt fagleg og kollegialt miljø
- Fleksibel og trivst i eit aktivt og travelt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Vi tilbyr
- God innføring og opplæring i arbeidsoppgåver
- Moglegheit for fagleg utvikling og vidareutdanning
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Personalhytte på Filefjell
- Moglegheit for hjelp med bustad ved behov (opplys i søknaden dersom dette er aktuelt)
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Marit Fossheim Ottersen, Einingsleiar, (+47) 479 06 594
Arbeidssted
Sjukehusvegen 9 6887 Lærdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5177847652 Stillingsprosent: 80% Fast, Vikariat Søknadsfrist: 24.09.2026
Flere stillinger hos Medisinsk Sengepost Lærdal, Helse Førde
Lignende stillinger
Konstali Helsenor, vikarbyrå med 377 ansatte, søker sykepleier til vikariat på heltid ved et helsehus i Akershus.
Region Värmland søker sykepleier til fast heltidsstilling ved den psykiatriske mottagelsen i Arvika, med frist 9. oktober 2026.
Konstali Helsenor søker sykepleier til vikariat i bofellesskap i Nordland, heltid ut november 2026.
Dignus Medical/Kletor AS søker fastlegevikar til heltidsvikariat i Troms, oppstart 15.10.26.
Årnes tannklinikk i Akershus fylkeskommune søker tannhelsesekretær i fast, 100 % stilling.
Konstali Helsenor søker helsefagarbeider til heltids vikariat i hjemmetjenesten i Vestland.