Konstali Helsenor, vikarbyrå med 375 ansatte, søker 3 vernepleiere til heltidsvikariat i bolig i Nordland.
Helsefagarbeidar
Herøy Kommune, Myrvåg Omsorgssenter Seksjon B · Herøy (møre Og Romsdal), Møre Og Romsdal
AI-sammendrag
Om stillingen
Herøy kommune søker 1 helsefagarbeidar til ei fast 80 % deltidsstilling ved seksjon B på Myrvåg omsorgssenter. Seksjonen er for personar med demens, med både langtids- og korttidsopphald, og arbeider særskilt med individtilpassa miljøarbeid. Stillinga er ledig frå 04.01.2027, og arbeidsstaden er Gurskøy i Herøy kommune.
Hovudoppgåvene er pleie- og omsorgsoppgåver til bebuarar, individtilpassa miljøarbeid, utarbeiding og oppfølging av tiltaksplanar, dokumentasjon etter gjeldande lovverk, samt rettleiing og samarbeid med pårørande og anna helsepersonell. Arbeidstida er todelt turnus med arbeid kvar fjerde helg, med 12,5 timars vakter i helgene.
Søkjaren må ha norsk autorisasjon som helsefagarbeidar. Vidareutdanning eller erfaring innan demensomsorg, miljøterapi eller psykiatri er ein fordel, det same gjeld erfaring med Gerica. Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Om arbeidsgiveren
Myrvåg omsorgssenter er ei sjukeheimsteneste i Herøy kommune og er registrert som underenhet til offentleg forvaltning. Senteret har 93 tilsette og er ei relativt stor verksemd i lokal samanheng. Det har to seksjonar: seksjon A er somatisk sjukeheimsseksjon med langtids-, korttids- og KAD-plassar, medan seksjon B er demensseksjonen. Senteret høyrer til avdeling pleie og omsorg i sektor helse og meistring. Det er ikkje oppgitt omsetning eller resultat.
Kommunen tilbyr løn etter tariffavtale, pensjon og forsikring gjennom KLP, fagdag i turnus, stipendordningar ved vidareutdanning og sletting av studielån med 25 000 kroner per år.
Søknad og frist
Søknadsfristen er 14.12.2026. Vitnemål og attestar skal lastast opp saman med søknaden. Autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetjing.
Annonsetekst
Ønsker du å bidra til ein trygg kvardag for personar med demens? Vi har ledig ei 80 prosents fast stilling som helsefagarbeidar ved Myrvåg omsorssenter, seksjon B. Her arbeider vi særskilt med individtilpassa miljøarbeid.
Arbeidstida er organisert i todelt turnus, med arbeid kvar fjerde helg med 12,5 timers vakter på helg. Stillinga er ledig frå 04.01.2027.
Myrvåg omsorgssenter består av to seksjonar og høyrer til avdeling pleie og omsorg i sektor helse og meistring:
- Seksjon A: somatisk sjukeheimsseksjon med langtids-, korttids- og KAD-plass (kommunal akutt døgneining)
- Seksjon B: seksjon for personar med demens med langtids- og korttidsopphald
Arbeidsoppgåver
- pleie- og omsorgsoppgåver til bebuarar i sjukeheim
- individtilpassa miljøarbeid
- utarbeide og fylgje opp tiltaksplanar
- dokumentasjon etter gjeldande lovverk
- rettleie og samarbeide med anna helsepersonell
- rettleie og samarbeide med pårørande
- bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald for å kvalitetssikre tenesta
Kvalifikasjonar
- har norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- har vidareutdanning og/eller erfaring innan demensomsorg, miljøterapi eller psykiatri er ein fordel
- kan bruke IKT som arbeidsverktøy, erfaring med Gerica er ein fordel
- har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål. Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting.
Personlege eigenskapar
- tek ansvar for eigne oppgåver og sikrar at dei blir utført på ein god måte
- tilpassar seg ulike situasjonar og behov som kan oppstå i løpet av arbeidsdagen
- kommuniserer klart og tydeleg, både med brukarar, pårørande og kollegaer
- er til å stole på, møter opp til avtalt tid og utfører oppgåvene sine samvitsfullt
- kan handtere utfordrande situasjonar roleg og profesjonelt
- møter brukarar og kollegaer med eit smil og ei positiv haldning, sjølv i krevjande situasjonar
- har vilje til å lære nye ting og utvikle seg i jobben
- bidreg til å skape trivsel på arbeidsplassen og godt samarbeid for å løyse oppgåver
- likar faglege utfordringar der arbeid på tvers av seksjonane gjer kvardagen spennande
- har fokus på heilskapleg pasientforløp
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.
Vi tilbyr
- løn etter gjeldande tariffavtale
- gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP
- fagdag i turnus
- stipendordningar ved vidareutdanningar som er i tråd med kompetanseplanen i helse og omsorg
- godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse
- elektroniske kurs gjennom Glup og Visma Veilederen
- IA-bedrift
Herøy kommune er omfatta av ordning for sletting av studielån med 25 000,- per år. Sjå www.lanekassen.no for utfyllande informasjon og vilkår.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Ane Nærø, Seksjonsleiar, +47 93875336
Arbeidsstad
Åsvegen 13 6080 Gurskøy
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommune Referansenr.: 5212887910 Stillingsprosent: 80% Fast Søknadsfrist: 14.12.2026
API og MCPGET /company/974006049/stillinger
API
curl "https://api.sokfirma.no/company/974006049/stillinger" \ -H "Authorization: Bearer sk_api_..."
Svar (utdrag)
{
"agg": null,
"total": 1,
"hits": [
{
"uuid": "d3ce332c-1187-4ecf-86dd-bbe81676fe50",
"title": "Helsefagarbeidar",
"municipal": "HERØY (MØRE OG ROMSDAL)",
"application_due": "2026-12-14 00:00:00+00",
…
}
]
}MCP
get_company_stillinger({ "org_no": "974006049" })Spør AI-assistenten
Hva er søknadsfristen for «Helsefagarbeidar» hos Myrvåg Omsorgssenter?
Ansetter Myrvåg Omsorgssenter flere i Herøy (møre Og Romsdal) nå?
Hvilke andre stillinger lyser Myrvåg Omsorgssenter ut nå?
Lignende stillinger
Emploi Helse AS søker 1 helsefagarbeider til vikariat på heltid ved et omsorgssenter på Vestlandet, des. 2026–feb. 2027.
Konstali Helsenor søker 1 sykepleier til vikariat i hjemmetjenesten i Vestland, heltid, fra 30. november 2026 til 15. januar 2027.
Emploi Helse AS søker 1 sykepleier i vikariat på heltid til sykehjem og hjemmesykepleie på Vestlandet, 30.11.26–15.01.27.
Nordlys Vikar søker 1 lege til vikariat på heltid ved et fastlegekontor nær Lofoten, oppstart uke 48.
Dignus Medical søker fastlegevikar på heltid til et legekontor på Vestlandet, 04.01.27–26.02.27, med reise og bolig inkludert.