Hopp til innhold
Nytt: prøv API og MCP gratis.Kom i gang

Biblioteksjef, i inntil 50% vikariat

Gulen Kommune · Gulen, Vestland

VikariatDeltidOffentligSalg og serviceFrist 6.10.2026

AI-sammendrag

Om stillingen

Gulen kommune søkjer ein vikarierande biblioteksjef i inntil 50% stilling, med oppstart kring november 2026 og varigheit til medio oktober 2027. Stillinga er eit vikariat på deltid, med arbeidsstad i kommunesenteret Eivindvik. Biblioteksjefen har ansvar for dagleg drift og utvikling av bibliotektenestene, deltek i planlegging og gjennomføring av arrangement, administrative oppgåver, rettleiing av bibliotekmedarbeidarar og sikrar at verksemda følgjer gjeldande lover og nasjonale føringar for bibliotek. Kommunen har ei desentralisert bibliotekteneste med hovudbibliotek i Eivindvik og filialar i Brekke, Byrknes og Dalsøyra. Noko kveldsarbeid må påreknast. Krav til søkjarar er godkjent bibliotekarutdanning, gjerne med erfaring frå bibliotek, god IKT-kompetanse og førarkort klasse B.

Om arbeidsgjevaren

Stillinga er knytt til eininga Kultur og mangfald under sektor oppvekst og kultur i Gulen kommune. Verksemda er ein underenhet til næringsdrivande og offentleg forvaltning, innanfor offentleg administrasjon tilknytt helsestell, undervisning, kultur og anna sosial verksemd. Dette er ein kommunal kulturaktør med forretningsstad i Gulen.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 6. oktober 2026.

Om stillingen

Om stillinga

Gulen kommune søkjer ein engasjert og initiativrik vikarierande biblioteksjef. Det vert ledig i inntil 50% vikariat kring november 2026 til medio oktober 2027. Biblioteksjefen skal, saman med bibliotekmedarbeidarane i Gulen kommune, stille bøker og andre medier til rådigheit for innbyggjarane. Biblioteket skal bidra til kunnskap, utdanning og andre kulturelle aktivitetar, samt vere ein offentleg arena og møteplass.

Bibliotektenesta i Gulen kommune er i utvikling og me jobbar med lokasjon for hovudbiblioteket og utvikling av noverande filial. Som vikarierande biblioteksjef vil du vere med i dette utviklingsarbeidet og legge til rette for ein god prosess. Gulen kommune har desentralisert bibliotekteneste. Hovudbiblioteket ligg i kommunesenteret Eivindvik, og det er filialar i skulekrinsane Brekke, Byrknes og Dalsøyra. Det er eigne bibliotekmedarbeidarar ved filialane. Biblioteksjefen har kontor i Eivindvik, og er organisert under sektor oppvekst og kultur og eining kultur og mangfald. Som vikarierande biblioteksjef vil ein ha tett samarbeid med einingane i sektoren, noko som skapar godt tverrfagleg samarbeid.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for og deltaking i dagleg drift og utvikling av bibliotektenestene i kommunen
  • Legge til rette for og gjennomføre arrangement
  • Administrere oppgåver
  • Sikre at bibliotekverksemda følgjer gjeldande lover, reglar og nasjonale føringar for bibliotek
  • Rettleiing og oppfølging av biblioteksmedarbeidarane, deriblant bruk av VismaTid
  • Andre oppgåver som måtte kome til

Noko kveldsarbeid må påreknas

Me tilbyr

  • Ein kjekk arbeidskvardag i ein kommune i utvikling
  • Spanande og varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg miljø
  • Her er gode vilkår for fagleg utvikling og moglegheit for styring av eigen arbeidskvardag
  • Gode forsikring- og pensjonsordningar

Kvalifikasjonar

  • Godkjent bibliotekarutdanning frå høgskule eller universitet jamfør "Forskrift om kvalifikasjonskrav for ansatte i folkebibliotek". Andre kan også verte vurdert dersom me ikkje får kvalifiserte søkjarar
  • Erfaring frå arbeid i bibliotek er ein fordel
  • God IKT- og systemkompetanse
  • Gode skriftleg og munnleg framstillingsevne. Må kommunisere godt på norsk
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Brenn for biblioteket sin plass i samfunnet
  • Må vere engasjert, serviceinnstilt, strukturert og fleksibel
  • Må ha gode evner til både samarbeid og sjølvstendig arbeid
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkarjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Søk på jobben
Søk senest 6.10.2026
Søk på stillingen →

Lignende stillinger

AvdelingslederByggautomasjon
Normatic As · VESTLAND

Normatic i Vestland søker avdelingsleder for Byggautomasjon, 1 fast heltidsstilling i en elektrobedrift med 83 ansatte.

FastHeltidSalg og service
Frist 4.10.2026
Renholder søkes
Renthus AS · AKERSHUS

Renthus AS søker renholder til vikariat på deltid i Akershus.

VikariatDeltidSalg og service
Frist 30.9.2026