Hvam videregående skole (Akershus fylkeskommune) i Nes søker lærer i naturbruk med realfag og teknologi, heltid, fast ansettelse.
Lærarvikariat 100 %
Austevoll Kommune · Austevoll, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Storebø skule søker én lærar i vikariat på 100 % (heltid). Vikariatet gjelder frå dags dato til 31.12.27, med moglegheit for forlenging. Arbeidsstaden er Storebø, kommunesenteret i Austevoll kommune i Vestland.
Arbeidsoppgåvene er undervisning, deltaking i utviklingsoppgåver ved skulen og arbeid i team. Kontaktlæraransvar kan vere aktuelt. Det blir kravd godkjend lærarutdanning for undervisning på 1.–7. trinn, kunnskap om og evne til god klasseleiing, og internasjonale gradar må vere godkjende av NOKUT. Ein bør vere strukturert, sjølvstendig og fleksibel, ha gode samarbeidsevner og god IKT-kompetanse.
Det blir tilbode løn etter kvalifikasjonar, eit rekrutteringstillegg for lærarar på 12 300 kr per år og eit kontaktlærartillegg på 32 000 kr per år. I tillegg kjem gode pensjons- og forsikringsordningar og eit godt fagmiljø.
Om arbeidsgiveren
Stillinga ligg under kommunalområdet Oppvekst i Austevoll kommune, ei eining med omlag 145 tilsette. Storebø skule er den største barneskulen i Austevoll, med rundt 310 elevar og 60 tilsette. Skulen er ein Trivselsleiarskule med fokus på aktiv undervisning og uteskule, og er rehabilitert med nye klasserom og oppgradert uteområde.
I registeret er verksemda ført opp som Austevoll kommune barnevern, ei underenhet innan offentleg forvaltning med 5 tilsette, innan barneverntenester. Dette er ei av fleire einingar under Oppvekst, som også omfattar skular, PPT, helsestasjon, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Det ligg ikkje føre økonomital i dataa.
Søknad og frist
Søknadsfristen er 22.11.2026. Søknad og CV skal sendast gjennom søknadsportalen, og søkjar må sjølv sørgje for at attestar og vitnemål er lagde ved innan fristen.
Annonsetekst
Om arbeidsstaden
Kommunalområdet Oppvekst er ei eining med omlag 145 tilsette, og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, derfor er folkehelsa og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.
Storebø skule skal vere ein god stad å vere og ein god stad å læra. Skulen er ein Trivselsleiarskule kor vi har fokus på aktiv undervisning og uteskule. Skulen er den største barneskulen i Austevoll med rundt 310 elevar og 60 tilsette. Skulen er plassert på Storebø, kommunesenteret i Austevoll kommune. Skulen er rehabilitert med nye klasserom, oppgradert uteområde og læraravdeling.
Om stillinga
Storebø skule har ledig vikariat som lærar i 100 % frå dags dato til 31.12.27 med moglegheit for forlenging.
Vi søker etter ein positiv lærar som er klar til å bidra med utvikling til beste for elevar, kollegaer og seg sjølve!
Storebø skule ligg sentralt på Storebø med kort veg til ferje.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
- Undervisning
- Kontaktlæraransvar kan vere aktuelt
- Delta i utviklingsoppgåver som skulen har
- Arbeida i team
Kvalifikasjonskrav
Formelle kvalifikasjonskrav
- Godkjent lærarutdanning for undervisning på 1.-7. trinn
- Kunnskapar om og evner til god klasseleiing
- Internasjonale gradar må vere godkjent av NOKUT
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- At du er strukturert, sjølvstendig og fleksibel
- God IKT- kompetanse
Vi tilbyr
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Spanande utfordringar
- Løn etter kvalifikasjonar, kommunen har eit rekrutteringstillegg for lærarar på 12 300 kr pr år, kontaktlærartillegget er kr 32 000 kr pr år.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Slik søker du
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
API og MCPGET /company/975287920/stillinger
API
curl "https://api.sokfirma.no/company/975287920/stillinger" \ -H "Authorization: Bearer sk_api_..."
Svar (utdrag)
{
"agg": null,
"total": 1,
"hits": [
{
"uuid": "d31a1513-a2a4-453a-8105-1b6840906801",
"title": "Lærarvikariat 100 %",
"municipal": "AUSTEVOLL",
"application_due": "2026-11-22 00:00:00+00",
…
}
]
}MCP
get_company_stillinger({ "org_no": "975287920" })Spør AI-assistenten
Hva er søknadsfristen for «Lærarvikariat 100 %» hos Storebø Skule?
Ansetter Storebø Skule flere i Austevoll nå?
Hvilke andre stillinger lyser Storebø Skule ut nå?
Lignende stillinger
Norskling i Oslo søker norsklærer med polskkompetanse til frilansoppdrag på deltid, undervisning via Zoom på hjemmekontor.
Mobarn Øverland Barnehage i Molde søker pedagogisk leder i 100 % fast stilling.
Omsorgsgruppen søker 5 beredskapshjem i Agder på heltid/engasjement for å gi barn og unge trygghet i akutte situasjoner.