Konstali Helsenor, vikarbyrå i Oslo, søker 2 sykepleiere til heltidsvikariat ved bolig i Trøndelag fra 16. november 2026.
Fast helgestilling - Heimetenesta Sør
Kvinnherad Kommune Heimetenester Husnes · Kvinnherad, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Kvinnherad kommune Heimetenester Husnes søker helgevikarar til 3 faste helgestillingar i heimetenesta på Halsnøy/Husnes, i tillegg til behov for ringevikarar. Stillingane er deltid og fast, med arbeid kvar 3. helg. Arbeidsstad er Kvinnherad. Søkjarar med helsefagleg utdanning vert prioritert, men opplæring vert gitt til dei utan slik bakgrunn. Det vert lagt vekt på pålitelegheit, gode norskkunnskapar, IT-kunnskap og evne til å arbeide sjølvstendig. Gyldig politiattest må leggjast fram der det er påkrevd.
Om arbeidsgjevaren
Verksemda er ei underavdeling av Kvinnherad kommune og driv sykepleietenester og andre helsetenester i heimen. Underavdelinga har 125 tilsette, noko som gjer det til ein stor arbeidsplass innan kommunal heimeteneste. Som kommunal arbeidsgjevar tilbyr dei tilsetjing etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar, med pensjonsordning og forsikringar gjennom KLP.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 30. september 2026.
Annonsetekst
Fast helgestiling
Omtale av stillinga
Litt usikker på kva du vil her i livet? Kom til oss og test ut arbeid innan helse. Heimetjenesta på Halsnøy/Husnes har eit kjekt og pulserande miljø, med ei god blanding av menn og damer på arbeid. No mistar vi mange studentar til dei store byane og treng difor nye helgevikarar.
Vi er oppteken av å trygge våre tilsette, og det er rom for å feila og rom for å læra. Om du kjenner deg usikker på å søkja, så send søknad, så kan vi ta ein prat, så kan vi i lag finne ut om dette kan vera noko for deg.
Kanskje skal du ha eit friår? Hos oss kan du få nyttig erfaring samt legge deg opp litt kapital.
Vi søkjer:
Vi har ledig faste helgestillinger, og i tillegg har vi trong for ringevikarar som kan stille opp på kort varsel ved sjukdom/anna fråvær. Helgestillinga er knytta til arbeid kvar 3. helg. Søkjarar med helsefagleg utdanning vil verte prioritert i dei faste stillingane. Det er ein føremon med helsefagleg erfaring, men opplæring vil bli gitt. Vi oppmodar menn til å søkja.
Kvalifikasjonar:
- Gjerne helsefagleg erfaring, men opplæring vil bli gitt.
- Påliteleg
- God munnleg og skriftleg norskkunnskap
- God IT kunnskap
Personlege eigenskapar:
- Nysgjerrig og vilje til å læra
- Ikkje redd for å arbeide aleine
- Omsorgsperson
Vi tilbyr:
- Pengar på konto kvar månad, ekstra om du er under helsefagleg høgskuleutdanning.
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
- Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring.
- Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Gyldig politiattest må framleggjast der det er påkrevd.
Link til søknadsskjema: Søk her
Lignende stillinger
Konstali Helsenor søker sykepleier til vikariat på heltid ved bokollektiv for personer med demens i Møre og Romsdal.
Konstali Helsenor søker sykepleier til vikariat på heltid i et bofellesskap i Akershus, 1. desember 2026 til 1. mars 2027.
Konstali Helsenor søker sykepleier i heltidsvikariat ved sykehjem i Finnmark, fra 9. november 2026 til 17. januar 2027.
Ankora i Levanger søker 6 miljøterapeuter til ny barneverninstitusjon for ungdom, fast heltid med medleverturnus.
Hålogaland Helse og Omsorg søker inntil 6 miljøterapeuter/miljøarbeidere på heltid, fast, i medleverturnus i Troms og Nordland.