Hopp til innhold
Nytt: prøv API og MCP gratis.Kom i gang

Lærar

Ål Kommune Nedre-Ål Skule · Ål, Buskerud

VikariatHeltidOffentligUtdanningFrist om 5 dager

AI-sammendrag

Om stillingen

Ål kommune søker lærar i inntil 100% mellombels stilling (vikariat) ved Nedre-Ål skule, med oppstart snarast og varigheit ut skuleåret 26/27. Det er behov for undervisning på 2. og 6. trinn, med kompetanse i norsk. Godkjent undervisningskompetanse etter opplæringslova er eit krav, og kompetanse innan spesialpedagogikk er ønskjeleg. Skulen legg vekt på praksisnær, leikbasert og innovativ undervisning i profesjonelle lærande fellesskap, og tilbyr rettleiing for nyutdanna, to-lærarsystem og miljørettleiarar. Arbeidsstad er Ål i Buskerud.

Om arbeidsgjevaren

Nedre-Ål skule er ei underining til Ål kommune og driv ordinær grunnskoleundervisning, som del av offentleg forvaltning. Skulen har 77 tilsette, noko som tyder på ein etablert arbeidsplass med fleire fagmiljø. Som kommunal verksemd er lønn og vilkår regulert av Hovudtariffavtala.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 28.09.2026. Vitnemål og attestar skal leggjast ved søknaden, og intervju/tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden.

Om stillingen

Vi har behov for lærar i inntil 100% mellombels stilling ved Nedre-Ål skule frå snarast mogleg ut skuleåret 26/27.

Vi søkjer lærar som brenn for å utvikle praksisnær, leikbasert, spennande og innovativ undervisning i samarbeid med elevar og kollegaer i profesjonelle lærande fellesskap. Det er behov for lærar på 2. og 6. trinn, og med undervisningskompetanse i norsk.

Kvalifikasjonar:

  • Godkjent undervisningskompetanse jf. opplæringslova § 10-1 og 10-2 og forskrift til opplæringslova kapittel 14, sjå særleg §§ 14-1 til 14-3.
  • Før opp i søknaden kva fag du har undervisningskompetanse innanfor.
  • Ønskjeleg med kompetanse innan spesialpedagogikk.

Personlege eigenskapar:

Personlege eigenskapar blir vektlagde. Vi søkjer deg som:

  • Brenn for læraryrket og ønskjer å bidra til god læring for elevane.
  • Er tydeleg på klasseleiing og har evne til å skape gode relasjonar til barn, føresette og kollegaer.
  • Er positiv, fleksibel og løysingsorientert.
  • Har god digital kompetanse og evne til å vurdere når det er føremålstenleg for elevane å arbeide digitalt.
  • Ser på leik som viktig og som ein god metode i undervisninga.
  • Ønskjer å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt.
  • Har engasjement for elevane sitt læringsfellesskap.

Våre lærarar må ha god evne til munnleg og skriftleg framstilling. Ål kommune nyttar nynorsk som målform.

Vi tilbyr:

  • Arbeidsplassar med gode og utviklande arbeidsmiljø.
  • Rettleiing i to år for nyutdanna lærarar.
  • Engasjerte og dyktige skuleleiarar.
  • Skular som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid og kompetanseheving.
  • To-lærarsystem ved fleire av skulane.
  • Miljørettleiarar ved skulane.
  • Hjelp til å finne bustad.
  • Lønn etter gjeldande tariffavtale.
  • Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.

Søknad:

  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
  • Intervju og tilsetting kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden.
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.

Ta gjerne kontakt med oss.

Link til søknadsskjema: Søk her

Søk på jobben
Søk senest 28.9.2026
Søk på stillingen →

Lignende stillinger

Fosterhjem og spesialiserte fosterhjem
Omsorgsgruppen AS · ØSTFOLD

Omsorgsgruppen AS i Østfold søker 5 fosterhjem og spesialiserte fosterhjem på heltid (engasjement) innen barneverntjenester.

EngasjementHeltid5 stillingerUtdanning
Rektor Ål vidaregåande skule
Buskerud fylkeskommune, Opplæring og kompetanse · ÅL, BUSKERUD

Buskerud fylkeskommune søker fast rektor til Ål vidaregåande skule, heltid, med 67 ansatte.

FastHeltidUtdanning