Hopp til innhold
NyttNæringslivsrapport for oktoberLes mer →

Spanande stilling ledig som avdeligsleiar på ungdomssteget ved Enge skule!

Etne Kommune Enge Skule · Etne, Vestland

FastHeltidOffentligSalg og service
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Etne Kommune Enge Skule.

AI-sammendrag

Om stillingen

Enge skule søkjer etter avdelingsleiar for ungdomssteget i 100% fast stilling. Leiarressursen utgjer 80% administrasjon og leiing, medan 20% er undervisning. Stillinga inngår i eit leiarteam beståande av rektor og tre avdelingsleiarar. Sentrale arbeidsoppgåver er personalansvar, pedagogisk leiing, eksamensansvar, sakshandsaming knytt til individuelt tilrettelagt opplæring, fag- og timefordeling samt timeplanlegging. Arbeidsstad er Etne, Vestland.

Om arbeidsgiveren

Enge skule er ein kombinert 1–10-skule med 440 elevar og 110 tilsette, organisert som underenhet til offentleg forvaltning innanfor ordinær grunnskoleundervisning. Skulen er delt i tre steg med kvar sin avdelingsleiar, og har i tillegg SFO-leiar og leiar for vaksenopplæringa. Ungdomssteget har 151 elevar. Skulen har nyleg oppgradert uteområdet for ungdomssteget.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 6. august 2026.

Annonsetekst

Enge skule har ledig 100% fast stilling som avdelingsleiar for ungdomssteget, der leiarressursen utgjer 80% medan 20% er undervisning.

Me søkjer etter ein avdelingsleiar som arbeidar godt både sjølvstendig og som ein del av leiarteamet på Enge skule. Leiarteamet på Enge skule består av rektor og tre avdelingsleiarar.

Arbeidsoppgåver

  • Personalansvar på ungdomssteget
  • Pedagogisk leiing
  • Eksamensansvarleg
  • Leie utviklingsarbeid saman med resten av leiarteamet på skulen.
  • Ansvar for sakshandsaming knytt til individuelt tilrettelagt opplæring.
  • Ansvar for fag- og timefordeling saman med resten av leiarteamet
  • Ansvar for timeplanlegging saman med dei andre avdelingsleiarane.
  • Ansvarleg for delegerte oppgåver frå einingsleiar.

Kvalifikasjonar

  • Godkjent fagleg og pedagogisk utdanning.
  • Ønskeleg med erfaring frå ungdomsskule.
  • Ønskeleg med god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Ønskeleg med utdanning i skuleleiing og leiarerfaring frå skule.

Eigenskapar

  • Høg arbeidskapasitet med god gjennomføringsevne.
  • Høg grad av fleksibilitet og gode samarbeidsevner.
  • Trygg, og evner å stå i vanskelege saker.
  • Tydeleg og løysingsorientert.
  • Det vil bli lagt stor vekt på personleg dugleik.

Me tilbyr

  • Ein spanande stilling i eit arbeidsmiljø av hyggelege, engasjerte og utviklingsorienterte kollegaer.
  • Å få vere med å utvikle prosjektet grenser + forventningar = god oppvekst.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Annan informasjon

Enge skule er ein 1-10 skule med til saman 440 elevar fordelt med 178 elevar på småsteget, 111 elevar på mellomsteget og 151 elevar på ungdomssteget.

Det er ein avdelingsleiar for kvart steg, i tillegg har skulen SFO leiar og leiar for vaksenopplæringa.

Enge skule er ein flott skule både ut og inne. Skulen har store uteområde, og ungdomssteget sitt uteområde, Skakkeringen, er heilt nytt.

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Link til søknadsskjema: Søk her

Lignende stillinger

Vi søker en selvstendig renholder/teamleder
Økodamp Renhold As · AKERSHUS

Økodamp Renhold søker en selvstendig renholder/teamleder i fast deltidsstilling i Akershus, med flyttevask og andre renholdsoppdrag.

FastDeltidSalg og service
Frist 2.12.2026
Selger – brenner du for salg?
LA Takpleie · AGDER

LA Takpleie søker 1 selger på heltid, fast ansettelse, med provisjonsbasert lønn og salg av tak- og fasadevask i Agder.

FastHeltidSalg og service
Frist 31.1.2027
En deltidsjobb som kan bli starten på noe stort
Bt Consulting Services AS · AKERSHUS

BT Consulting Services AS søker 1 student til deltidsengasjement i salg mot tannklinikker, med arbeidssted på Billingstad i Akershus.

EngasjementDeltidSalg og service
Frist 22.11.2026