Hopp til innhold
Slik bruker sokfirma.no AI.Les artikkelen

Rådgjevar ved seksjon for operative tenester

Vest Politidistrikt · Bergen, Vestland

FastHeltidOffentligKontor og økonomi
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Vest Politidistrikt.

AI-sammendrag

Om stillingen

Vest politidistrikt søkjer ein rådgjevar (SKO 1434) til Seksjon for operative tenester (SOT) under Felles eining for operative tenester (FOT). Dette er ei fast stilling på heltid, med arbeidsstad i Bergen. Hovudoppgåvene er å utarbeide arbeidsplanar og turnuslister, følgje opp overtidsbruk og fråvær, koordinere bemanning i samarbeid med seksjonsleiinga og sørgje for effektiv ressursutnytting i den operative tenesteproduksjonen. Stillinga krev bachelorgrad og relevant erfaring, plettfri vandel og klarering til nivå HEMMELEG. Årslønn frå kr 710 000,-.

Om arbeidsgivaren

Vest politidistrikt er eit av Noregs største politidistrikt, med ansvar for politi- og beredskapstenester i 38 kommunar i Vestland fylke. Distriktet har hovudsete i Bergen og om lag 1 300 tilsette totalt. Eininga stillinga ligg under — Bergen sentrum politihus — er registrert som underenhet med 794 tilsette og opererer innanfor bransjen aktivitetar utført av politi- og påtalemyndighet. Verksemda er ein del av statleg forvaltning med eit tydeleg samfunnsoppdrag knytt til tryggleik og kriminalitetsførebygging.

Søknad og frist

Søknadsfrist: 9. august 2026.

Om stillingen

Om stillinga

I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for operativ teneste, er det ledig ei fast stilling som rådgjevar SKO 1434. Stillinga er plassert ved Seksjon for operative tenester.

Vest politidistrikt er eit av landets største politidistrikt, med hovudsete i Bergen og ansvar for politi- og beredskapstenester i 38 kommunar i Vestland fylke. Med rundt 1300 tilsette jobbar vi kvar dag for å skape tryggleik, førebyggje kriminalitet og levere operative tenester av høg kvalitet. Distriktet kombinerer eit bredt geografisk ansvar med eit sterkt fagmiljø, moderne beredskapskapasiteter og et tydeleg samfunnsoppdrag. Hos oss blir du del av eit kompetent og engasjert lag som jobber tett på både lokalsamfunn, samarbeidspartnarar og nasjonale aktører. Organisatorisk er stillinga plassert under Felles eining for operative tenester (FOT) , Seksjon for operative tenester (SOT) (Operasjonssentralen (112) og politiets kontaktsenter (02800)

Som rådgjevar i SOT blir du ein sentral bidragsytar i å sikre god bemanning, effektiv drift og høg kvalitet i politiet sine operative tenester. Vi søkjer ein strukturert og systemsterk person som trivst med ansvar, handterer komplekse oppgåver og bidreg aktivt i utvikling og oppfølging av arbeidsplanar, ressursbruk og dagleg drift. Hos oss får du jobbe tett på beredskap, leiing og operative miljø – og vere med på å halde Vest politidistrikt klart for samfunnsoppdraget sitt.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.

Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi søkjer deg som er samfunnsengasjert og motivert for å utvikle politiet til eit kompetent og effektivt politi. Du er fleksibel og evner å håndtere oppdukkande arbeidsoppgåver knytta til fagområdet og beredskapsansvaret. Du har god IT kompetanse og evner å setje deg inn i og forvalte regelverk. Vi søkjer deg som har høg arbeidskapasitet, er serviceinnstilt og er nytenkjande opp mot vidareutvikling av fagområdet. Du har gjerne en profil innan analyse.

I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.

Arbeidsoppgåver

  • Utarbeide arbeidsplanar (turnuslister)
  • Oppfølging av overtidsbruk og fråvær
  • Oppfølging av dagleg drift/bemanningskoordinering i samarbeid med seksjonsleiinga
  • Sørgje for effektiv ressursutnytting og måloppnåing i tenesteproduksjonen
  • Andre oppgåver pålagt av overordna

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • Relevant utdanning på minimum bachelornivå kombinert med relevant arbeidserfaring
  • Relevant arbeidserfaring blir vektlagt og kan i særskilde tilfeller (minimum 10 år) erstatte kravet til utdanning
  • God munnleg og skriftleg framføring på begge målformer
  • Svært god IT og systemkompetanse, med evne til å setje seg raskt inn i nye system
  • Må kunne klarererast for HEMMELEG jf. Sikkerhetslova

Det er også ønskjeleg med:

  • Gode føresetnader for å tileigna seg kunnskap om styringssystemet TTA og Særavtale om arbeidstidsbestemmelsene (ATB avtalen)
  • Kunnskap om verksemdsregulerande lovar, instruksar og interne rutinar

Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved å søkje på stilling i politiet samtykkjer ein til at det vil bli gjort ei skikkaheitsvurdering, herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju.

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide analytisk, sjølvstendig og systematisk
  • Evne til å handtere arbeid knytta til kritiske hendingar, herunder handtere tidspress og kompleksitet
  • Stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
  • Evne til å tenkje kreativt og bruke naudsynte verktøy for å løyse oppdraga

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.

Dette kan vi tilby om du vel oss

  • Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vere ein del av samfunnsoppdraget som politiet forvalter
  • Stillinga vert lønna som rådgjevar, stillingskode 1434, med årslønn frå kr 710 000,- . Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no
  • Gode arbeidsvilkår som til dømes fleksibel arbeidstid og trening i arbeidstida

Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Slik søkjer du

Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.

Flere stillinger hos Vest Politidistrikt

Lignende stillinger

VI SØKER SELVSTENDIGE TAKSTINGENIØRER
Birkeland Takst & Prosjekt As · AKERSHUS

Birkeland Takst & Prosjekt i Nordre Follo søker 2 selvstendige takstingeniører på heltid med oppdragsbasert frihet.

AnnetHeltid2 stillingerKontor og økonomi