Hopp til innhold
Nyttsokfirma i Claude og ChatGPTLes mer →

Fagbioingeniør ved Seksjon for lege- og rusmiddelanalysar 

Laboratorieklinikken/ Avdeling For Medisinsk Biokjemi Og Farmakologi (mbf), Helse Bergen HF · Bergen, Vestland

VikariatHeltidOffentligHelse og sosial

AI-sammendrag

Om stillingen

Helse Bergen HF søker fagbioingeniør til eit vikariat i heiltidsstilling ved Seksjon for lege- og rusmiddelanalysar, ei eining med 18 medarbeidarar under Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) på Haukeland universitetssjukehus. Vikariatet varer frå 26.10.2026 til 26.07.2027, med moglegheit for forlenging. Arbeidsoppgåvene omfattar oppfølging av analysemetoden fosfatidyletanol (PEth), tillaging og testing av løysingar, instrumentvedlikehald, kvalitetskontroll, dokumentasjonsarbeid, opplæring og sertifisering av tilsette, rettleiing av bioingeniørstudentar samt deltaking i dagleg drift, inkludert blodprøvetaking. Arbeidsstad er Bergen.

Om arbeidsgjevaren

Seksjonen inngår i MBF, det største laboratoriet ved Haukeland universitetssjukehus, med om lag 370 tilsette fordelt på 12 analytiske og 4 ikkje-analytiske seksjonar samt tre legegrupper. Laboratoriet er akkreditert etter ISO-standard 15189 og analyserer årleg om lag 30 000 legemiddelprøver og 40 000 rusmiddelprøver for både sjukehuset og primærhelsetenesta. Dette er ein offentleg spesialisthelsetenesteverksemd med betydeleg fagleg tyngde innan medisinsk laboratorieanalyse.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 30.08.2026.

Annonsetekst

Seksjon for lege- og rusmiddelanalysar har no eit ledig vikariat som fagbioingeniør frå 26.10.2026 til 26.07.2027, med moglegheit for forlenging. Seksjonen har 18 medarbeidarar, dette inkluderer 7 kjemikarar og 4 fagbioingeniørar. Vi har eit tett og godt samarbeid mellom faggruppene og eit arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og fagleg engasjement. Analyserepertoaret omfattar meir enn 50 ulike legemiddel og over 40 rusmiddel. Kvart år analyserer vi om lag 30 000 legemiddelprøver og 40 000 rusmiddelprøver frå både sjukehuset sine pasientar og primærhelsetenesta. I tillegg til omfattande rutinedrift driv vi og forsking og utviklingsarbeid. Seksjonen er ein del av Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), det største laboratoriet ved Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga har om lag 370 tilsette fordelt på 12 analytiske og 4 ikkje-analytiske seksjonar, i tillegg til tre legegrupper (Medisinsk biokjemi, Hormonlaboratoriet og Klinisk farmakologi). Laboratoriet er akkreditert etter ISO-standard 15189.

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av analysemetoden Fosfatidyletanol (PEth)
  • Jamleg tillaging og testing av ulike løysingar til drift av analysemetode
  • Instrumentvedlikehald
  • Oppfølging av analytisk kvalitetskontroll
  • Skrive og redigeringsarbeid i EK
  • Opplæring og sertifisering av tilsette på seksjonen
  • Undervisning/rettleiing av bioingeniørstudentar
  • Delta i dei daglege rutinane ved seksjonen, inkludert blodprøvetaking
  • Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør med minimum 2 års praksis etter endt utdanning
  • Erfaring frå arbeid med LC-MS/MS metodar og farmakologiske analysar er ein fordel
  • Gode datakunnskapar er ein fordel
  • Må meistre norsk både munnleg og skriftleg
  • Personlege eigenskapar blir vektlagde

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide nøyaktig, systematisk og konsentrert
  • Positiv, hjelpsam, løysingsorientert og målretta
  • Viser fagleg tryggleik, tillit og respekt
  • Punktleg, påliteleg og ansvarsbevisst
  • Gode gjennomføringsevner
  • Vere ein god teamarbeidar og bidra til godt samarbeid på seksjonen
  • Trivast i eit dynamisk arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
  • Grundig opplæring og innføring i oppgåvene
  • Arbeid på dagtid, med arbeid enkelte helger og helgedagar etter fast turnus
  • Moglegheit for deltaking i vaktordning etter avtale
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Christina Ramsnes, Seksjonsleiar, 55973257 Ingunn Børø, Sjefbioingeniør, 99235074, ingunn.boro@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22 5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5154580489 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 06.09.2026

Flere stillinger hos Laboratorieklinikken/ Avdeling For Medisinsk Biokjemi Og Farmakologi (mbf), Helse Bergen HF

API og MCPGET /company/974557746/stillinger

API

curl "https://api.sokfirma.no/company/974557746/stillinger" \
  -H "Authorization: Bearer sk_api_..."

Svar (utdrag)

{
  "agg": null,
  "total": 22,
  "hits": [
    {
      "uuid": "13d5c0bc-ea11-4732-b7d6-8126bf8fa618",
      "title": "Sjukepleiar og vernepleiar til Rus- og avhengigheitsklinikken (RAK) ",
      "municipal": "BERGEN",
      "application_due": "2026-11-15 00:00:00+00",
      …
    },
    {
      "uuid": "499c88e3-47fc-43b5-82ab-360ab68c31e3",
      "title": "Rådgivar",
      "municipal": "BERGEN",
      "application_due": "2026-11-27 00:00:00+00",
      …
    },
    …
  ]
}

MCP

get_company_stillinger({ "org_no": "974557746" })

Spør AI-assistenten

  • Ansetter Helse Bergen HF Haukeland Universitetssjukehus flere i Bergen nå?
  • Hvilke typer roller ansetter Helse Bergen HF Haukeland Universitetssjukehus i akkurat nå?
  • Hvilke andre stillinger lyser Helse Bergen HF Haukeland Universitetssjukehus ut nå?
Kom i gang med API og MCP →

Lignende stillinger

Sykepleier til sykehjem i Akershus
Konstali Helsenor AS · AKERSHUS

Konstali Helsenor, vikarbyrå med 371 ansatte, søker 1 sykepleier til heltidsvikariat ved sykehjem i Akershus.

VikariatHeltidHelse og sosial
Helsefagarbeider til hjemmetjeneste i Vestland
Konstali Helsenor AS · VESTLAND

Konstali Helsenor søker 4 helsefagarbeidere til heltids vikariat i hjemmetjenesten i Vestland, 1. des 2026 til 1. mars 2027.

VikariatHeltid4 stillingerHelse og sosial
Sykepleier til sykehjem i Vestland
Konstali Helsenor AS · VESTLAND

Konstali Helsenor, vikarbyrå for helsepersonell, søker 6 sykepleiere til deltidsvikariat ved sykehjem i Vestland.

VikariatDeltid6 stillingerHelse og sosial