Hopp til innhold
Nyttsokfirma i Claude og ChatGPTLes mer →

Vassenden heimeteneste har ledige stillingar

Sunnfjord Kommune Vassenden Heimeteneste · Sunnfjord, Vestland

FastHeltid2 stillingerOffentligHelse og sosial
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Sunnfjord Kommune Vassenden Heimeteneste.

AI-sammendrag

Om stillingen

Sunnfjord kommune ved Vassenden heimeteneste søker sjukepleiarar til 2 ledige stillingar: ei 100 % fast stilling frå snarast, og eit 100 % vikariat i perioden 01.10.2026–31.08.2027. Arbeidsstaden er Vassenden i Sunnfjord, med tredelt turnus og arbeid kvar 3. helg (moglegheit for langvakter og kvar 4. helg med samla langfri). Arbeidsoppgåvene omfattar sjukepleiefagleg oppfølging og behandling av pasientar, kartlegging, observasjon og dokumentasjon, medikamenthandtering, tverrfagleg samarbeid og bruk av velferdsteknologi. Krav er norsk autorisasjon som sjukepleiar, gode norskkunnskapar og førarkort klasse B. Politiattest må leggast fram før tiltreding.

Om arbeidsgiveren

Vassenden heimeteneste er ei undereining i Sunnfjord kommune innan sykepleietjenester og andre helsetjenester i hjemmet, med 55 tilsette. Verksemda gir helse- og omsorgstenester til pasientar i alle aldrar, med hovudvekt på eldre, både i omsorgsbustad og i eigen heim. Som del av kommunal helseteneste tilbyr arbeidsgivaren eit etablert fagmiljø med fokus på fagutvikling og bruk av velferdsteknologi.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 25.08.2026.

Annonsetekst

Er du sjukepleiar og ønskjer ein variert og fagleg spennande arbeidskvardag? Då kan dette vere jobben for deg!

Vassenden Heimeteneste gir helse- og omsorgstenester til pasientar i alle aldrar, med hovudvekt på eldre. Pasientane bur anten i omsorgsbustad eller i eigen heim rundt om i bygda.

Hos oss blir du ein del av eit kompetent og engasjert fagmiljø der du får høve til å lære av dyktige kollegaer og bidra til vidareutvikling av tenesta. Vi legg vekt på samarbeid, fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø.

Ingen dagar er heilt like i heimetenesta. Du møter pasientar med ulike behov og vil jamleg stå overfor nye situasjonar og utfordringar som krev faglege vurderingar og løysingar. Dette gir deg ei unik moglegheit til å utvikle breiddekompetanse og bruke både kliniske ferdigheiter, fagkunnskap og sjølvstende i praksis.

Dersom du trivst med ansvar, variasjon og meiningsfulle arbeidsdagar, håpar vi du vil søkje stilling hos oss.

Vi har følgande stillingar ledig:

  • 100 % fast stilling som sjukepleiar frå snarast
  • 100 % vikaritat som sjukepleiar i perioden 01.10.2026 - 31.08.2027

Stillingane inneheld ein variert arbeidskvardag med tredelt turnus og arbeid kvar 3. helg . Det er mogleg å jobbe langvakter og kvar fjerde helg med samla langfri dersom du ønsker det.

Arbeidsoppgåver:

  • sjukepleiefagleg oppfølging og behandling av pasientar
  • kartlegging, observasjon og dokumentasjon
  • medikamenthandtering
  • tverrfagleg samarbeid med pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar
  • bidra til fagutvikling og kvalitet i tenesta
  • aktiv bruk av velferdsteknologiske løysingar

Kvalifikasjonar:

  • norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
  • førarkort klasse B

Vi søkjer etter deg som er:

  • er fagleg engasjert og løysingsorientert
  • kan arbeide sjølvstendig og ta ansvar
  • har gode samarbeidsevner
  • er fleksibel og trivst i ein variert arbeidskvardag
  • har interesse for teknologi og utvikling av framtidas helsetenester
  • bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø

Personleg eignaheit vil bli vektlagt ved tilsetjing

Kva tilbyr vi?

  • eit godt og inkluderande fagmiljø
  • fokus på trivsel, samarbeid og godt arbeidsmiljø
  • ein variert og spennande arbeidskvardag
  • faglege utfordringar og utviklingsmoglegheiter
  • arbeidsmetodar med bruk av velferdsteknologi
  • fleksible turnusløysingar med moglegheit for langvakter og arbeid kvar fjerde helg med samla langfri
  • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning

Politiattest av nyare dato må leggast fram før start i stilling. Du søker elektronisk

Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!

Link til søknadsskjema: Søk her

Lignende stillinger

Sykepleier til sykehjem i Finnmark
Konstali Helsenor AS · FINNMARK

Konstali Helsenor søker sykepleier i heltidsvikariat ved sykehjem i Finnmark, fra 9. november 2026 til 17. januar 2027.

VikariatHeltidHelse og sosial