Hopp til innhold
Nyttsokfirma i Claude og ChatGPTLes mer →

Postdoktor i språk-, lese- og matematikkutvikling (WORDS2NUMBERS)

Universitetet I Bergen · Bergen, Vestland

ÅremålHeltidOffentligUtdanningFrist 1.12.2026

Annonsetekst

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Postdoktorstilling

Det blir lyst ut ei treårig stilling som postdoktor ved Institutt for pedagogikk, Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen (UiB). Stillinga er finansiert av Noregs forskingsråd som ein del av forskingsprosjektet WORDS2NUMBERS. Arbeidsstaden er i Bergen. Det må reknast med noko reiseverksemd i samband med forskingssamarbeid og datainnsamling.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

WORDS2NUMBERS undersøkjer kvifor lese- og matematikkferdigheiter, og vanskar innanfor desse områda, er tett knytte til kvarandre. Den utlyste stillinga er knytt til arbeidspakke 2 (WP2), som undersøker korleis ulike språkferdigheiter bidreg til matematisk utvikling over tid. Postdoktorkandidaten vil nytte data frå SpedAims-kohort, ei pågåande longitudinell studie som følgjer om lag 750 barn frå førskulealder og oppover i skulealder

Arbeidsoppgåver

  • Utvikle og gjennomføre forsking på dei longitudinelle samanhengane mellom språk, lesing og matematikk, med særleg merksemd på rolla språkferdigheiter spelar i matematisk utvikling.
  • Analysere longitudinelle data ved hjelp av avanserte kvantitative metodar, inkludert randomintercept cross-lagged panel models (RI-CLPM) og relaterte tilnærmingar.
  • Utarbeide og publisere vitskaplege artiklar, inkludert førsteforfattarpublikasjonar, og formidle forskingsresultat på nasjonale og internasjonale konferansar i samarbeid med forskarar i WORDS2NUMBERS og SpedAims-kohort.
  • Bidra til planlegging og vidareutvikling av testbatteri, kartleggingsverktøy og spørjeskjema for komande datainnsamlingsrundar i SpedAims-kohort.
  • Delta i planlegging, koordinering og gjennomføring av kartleggingar av barn i SpedAimskohort, samt førebuing av data og kvalitetssikring.
  • Samarbeide tett med forskingsmiljøa ved UiB og Universitetet i Oslo, inkludert Centre for Research on Equality in Education (CREATE) og SpedAims.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

Du må

  • Ha disputert for ph.d.-grad innan psykologi, pedagogikk, spesialpedagogikk, logopedi, språkvitskap eller eit anna relevant fagområde, eller ha levert doktoravhandlinga til vurdering før søknadsfristen. Doktorgraden må vere oppnådd før tilsetjing kan finne stad.
  • Ha dokumentert erfaring med kvantitativ forsking og statistiske analysar av empiriske data.
  • Kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og samarbeide godt med andre.
  • Ha svært gode munnlege og skriftlege ferdigheiter på engelsk.
  • Ha ei tydeleg interesse for utvikling av språk-, lese- og/eller matematikkferdigheiter hos barn.

Det er ein fordel om du

  • Har erfaring med avanserte longitudinelle analysar eller strukturell likningsmodellering, gjerne ved bruk av R, Mplus eller tilsvarande programvare.
  • Har forskingserfaring innan språkutvikling, leseutvikling, matematisk utvikling eller lærevanskar.
  • Har erfaring med utvikling eller gjennomføring av kartleggingar av barn, spørjeskjema, longitudinelle studiar eller datainnsamling i utdanningssektoren.
  • Meistrar norsk eller eit anna skandinavisk språk, særleg for kommunikasjon med barn og deltakande skular.

Om postdoktorstillinga:

Stillinga som postdoktor er ei mellombels tilsetjing der hovudføremålet er å vidareutvikle forskingsprofilen og kompetansen din, slik at du kan kvalifisere deg for stilling som førsteamanuensis. Tilsetjingsperioden er tre år.

Du kan ikkje vere tilsett som postdoktor i meir enn éin åremålsperiode ved same institusjon. I samsvar med reglane til Forskingsrådet kan du heller ikkje tilsetjast meir enn éin gong som NFRfinansiert postdoktor.

Universitetet i Bergen er underlagt regelverket for eksportkontroll. Regelverket vil bli lagt til grunn ved handsaming av søknadene. Dersom universitetet ikkje har motteke vurderinga frå Utanriksdepartementet innan 6–12 veker etter søknad om eksportlisens, vil eit eventuelt tilbod om tilsetjing bli trekt tilbake

Vi tilbyr:

  • Spennande moglegheiter for forsking og karriereutvikling i eit tverrfagleg miljø med nasjonalt og internasjonalt samarbeid.
  • Stilling som postdoktor (kode 1352) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 685 900 brutto.Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om forskingsinteressene dine og motivasjonen for å søkje stillinga, inkludert korleis forskingsinteressene dine er knytte til WP2 (maks. 2 sider).
  • CV (med oversyn over utdanning, stillingar, pedagogisk erfaring, administrativ erfaring og andre kvalifiserande aktivitetar).
  • Vitnemål og karakterutskrifter. Dersom du ikkje har fullført doktorgraden enno, må du leggje ved ei offisiell stadfesting på at doktoravhandlinga er levert.
  • Namn og kontaktinformasjon til 2–3 referansar (namn, relasjon til kandidaten, e-postadresse og telefonnummer). Éin av desse må vere hovudrettleiar for doktorgraden.
  • Fullstendig publikasjonsliste.
  • Kopiar av dei vitskaplege publikasjonane som skal vurderast.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

  • Førsteamanuensis Bjarte Furnes, telefon: +47 55 58 68 74 •
  • Stedfortredande instituttleiar Liv Eide, telefon: +47 55 58 48 30

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på jobben
Søk senest 1.12.2026
Søk på stillingen →

Flere stillinger hos Universitetet I Bergen

API og MCPGET /company/983455379/stillinger

API

curl "https://api.sokfirma.no/company/983455379/stillinger" \
  -H "Authorization: Bearer sk_api_..."

Svar (utdrag)

{
  "agg": null,
  "total": 2,
  "hits": [
    {
      "uuid": "cdc02a77-7944-4a0e-898b-f4d9bcc3e34d",
      "title": "Postdoktor i språk-, lese- og matematikkutvikling (WORDS2NUMBERS)",
      "municipal": "BERGEN",
      "application_due": "2026-12-01 00:00:00+00",
      …
    },
    {
      "uuid": "0209eb73-1e22-416a-a8d9-ebba73b7301a",
      "title": "Postdoktorstilling i generering av syntetiske data ved AI LEARN",
      "municipal": "BERGEN",
      "application_due": "2026-11-18 00:00:00+00",
      …
    }
  ]
}

MCP

get_company_stillinger({ "org_no": "983455379" })

Spør AI-assistenten

  • Ansetter Universitetet I Bergen Det Psykologiske Fak flere i Bergen nå?
  • Hvilke typer roller ansetter Universitetet I Bergen Det Psykologiske Fak i akkurat nå?
  • Hvilke andre stillinger lyser Universitetet I Bergen Det Psykologiske Fak ut nå?
Kom i gang med API og MCP →

Lignende stillinger

Undervisningsstilling i spansk
Akershus fylkeskommune, Hvam videregående skole · AKERSHUS

Hvam videregående skole i Nes søker spansklærer i ca. 50 % vikariat fra januar til juni 2027.

VikariatDeltidUtdanning
Universitetet I Bergen
Frist 1.12.2026
Søk på stillingen →