Bjørnafjorden kommune søker 5 helgevikarer (deltid, fast) til Fusa bu- og behandlingssenter – pleie og omsorg i turnus.
Sjukepleiar - 100 % fast
Bjørnafjorden Kommune Fusa Bu-Og Behandlingssenter Og Heimetenester · Bjørnafjorden, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS) søkjer 2 sjukepleiarar i 100 % stilling. Stillingane er i utgangspunktet vikariat for sjukepleiar i foreldrepermisjon, men det er mogleg å gå i redusert stilling om ønskeleg. Arbeidsstad er FBBS og Heimetenester Fusa avd. 1 i Eikelandsosen, Bjørnafjorden kommune i Vestland. Stillingane er knytte til ressursbemanningsteamet, noko som gir høve til å jobbe på fleire avdelingar i tverrfagleg team.
Hovedoppgåver inkluderer klinisk sjukepleie, forbetringsarbeid, dokumentering i Profil, undervisning av anna helsepersonell og samarbeid med brukarar og pårørande. Norsk autorisasjon som sjukepleiar er påkravd.
Bjørnafjorden kommune tilbyr eit grunnlønnstillegg på kr 25 000 over garantilønnstabellen for sjukepleiarar i turnus, og eit eingongsutbetaling på kr 30 000 i rekrutteringstillegg etter fullført prøvetid.
Om arbeidsgivaren
FUSA BU- OG BEHANDLINGSSENTER er ein underenhet i offentleg forvaltning innanfor bransjen sykehjemstjenester, med 140 tilsette. Senteret er ein heildøgns institusjon sentralt i Eikelandsosen med sansehage og fjordutsikt, og er ein del av Bjørnafjorden kommune sitt tenestetilbod innan eldreomsorg.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 1. september 2026. Intervju og tilsetting skjer fortløpande, og det vert oppmoda om å søkje så snart som mogleg.
Om stillingen
Har du eit hjarta for eldreomsorg, ønsker ein god arbeidsplass og faglege utfordringar? Då kan du vera den rette medarbeidaren for oss! Som sjukepleier hos skal du vere med å bidra til å utvikle tenestetilbodet i tråd med gjeldande lovverk, eininga/avdelinga og kommunen sin visjon/misjon og verdisyn.
Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS) søkjer etter ein engasjert og fagleg dyktig sjukepleiar i 100 % stilling. Stillinga er i turnus etter gjeldande turnusavtale. Det er mogleg å gå i redusert stilling om ønskeleg. Stillinga er lagt til ressursbemanningsteamet, i første omgang som vikariat for sjukepleiar som er i foreldrepermisjon. Du vil få høve til å jobbe på fleire avdelingar i tverrfagleg team, noko som gir deg varierte arbeidsoppgåver og utfordringar. Vi ser etter deg som ønskjer å vere med å vidareutvikle sjukepleien i eldreomsorga, og som vil bidra aktivt i møte med framtidige utfordringar. Hos oss arbeider vi målretta med nye former for oppgåvedeling.
Arbeidsstad Fusa Bu- og behandlingssenter (FBBS). FBBS er ein heildøgns institusjon som ligg sentralt i Eikelandsosen, Bjørnafjorden kommune med flott sansehage og utsikt over fjorden.
Arbeidsoppgåver
- Utøva klinisk sjukepleie som sikrar kvalitet og at pasientane sine rettar vert teken i vare
- Drive forbedringsarbeid og videreutvikle tenestene
- Dokumentering av helsehjelp i Profil
- Undervisning retta mot anna helsepersonell i høve til medisinske prosedyrar, legemiddelhandsaming osb.
- Samarbeide med og rettleie yrkesgrupper innan eige fagområde
- Samarbeida med brukarar, pårørande, og andre helsetenester
- Ansvarleg for å halda seg fagleg oppdatert
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
- Søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått " Bergenstest" (test i norsk - på høgare nivå.)
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Personlege eigenskapar
- Fagleg engasjement og interesse for eldreomsorg
- Kunne arbeide sjølvstendig og ta ansvar
- Løysingsorientert med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Fleksibel, serviceinnstilt, lojal og pliktoppfyllande
- Gode evner til observasjon og dokumentasjon
- God evne til etisk refleksjon over eigen praksis
- Bidra til godt arbeidsmiljø
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldende avtaler. For sjukepleiarar og vernepleiarar i turnus, samt helsesjukepleiarar i pasientnært arbeid, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnlønn på kr. 25.000 over garantilønnstabellen
- Tilsett i stillinga kan etter lokal ordning få eingongsutbetaling på kr. 30.000 i særskilt rekrutteringstillegg, etter fullført og dokumentert prøvetid
- Nyutdanna som har hatt fast deltidsstilling med stipendordning i Bjørnafjorden kommune under utdanninga, kan etter lokal ordning få tilbod om eingongsstipend på kr. 50.000 ved oppstart i stillinga
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Gode kollegaer
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Vi gjennomfører intervju og tilsetting fortløpande, og oppmodar til å søkje så snart som mogleg.
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Flere stillinger hos Bjørnafjorden Kommune Fusa Bu-Og Behandlingssenter Og Heimetenester
Bjørnafjorden kommune søkjer 2 helsefagarbeidarar på heltid, fast stilling, ved Fusa bu- og behandlingssenter i Eikelandsosen.
Lignende stillinger
Viva Bemanning søker 4 autoriserte vernepleiere til vikariat på heltid i kommunale helse- og omsorgstjenester i Finnmark.
Dignus Medical søker 1 allmennlege til fastlegevikariat på heltid i Innlandet, med dekket reise og bolig.
Konstali Helsenor, vikarbyrå for helsepersonell, søker 2 sykepleiere til vikariat på heltid ved et helsehus i Østfold.