Hopp til innhold
Nytt: prøv API og MCP gratis.Kom i gang

Fagleiar

Luster Kommune Grandmo Miljøteneste · Luster, Vestland

VikariatHeltidOffentligHelse og sosialFrist 4.10.2026

AI-sammendrag

Om stillingen

Luster kommune søkjer fagleiar til Grandmo miljøteneste, ei eining som yter tenester til menneske med nedsett funksjonsevne. Stillinga er eit vikariat i 100% stilling, med moglegheit for fast tilsetjing, og gjeld 1 stilling knytt til eitt av tenestas to team. Hovudoppgåver er fagleg oppfølging og fagutvikling, planlegging og evaluering av dagleg drift, samt samarbeid med brukarar, pårørande og tilsette. Det krevst offentleg godkjent vernepleiar eller anna relevant høgskuleutdanning, og det stilles krav om politiattest. Arbeidsstad er Luster.

Om arbeidsgjevaren

Grandmo miljøteneste er ei underenhet i offentleg forvaltning under Luster kommune, og driv omsorgstjenester i botilbod for personar med utviklingshemming eller tilsvarande funksjonsnedsetting. Eininga har vakse dei siste åra og har no om lag 64 årsverk knytt til Grandmo, medan verksemda totalt har 152 ansatte. Dette er ein del av ein større, veletablert kommunal organisasjon med stabile rammevilkår.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 4. oktober 2026.

Om stillingen

Luster kommune søkjer engasjert og tydeleg leiar til Grandmo miljøteneste. Har du lyst til å kombinere leiarskap med eit viktig samfunnsoppdrag? Da kan dette vere stillinga for deg.

Grandmo miljøteneste yter tenester til menneske med nedsett funksjonsevne. Tenestemottakarane bur i bustadar knytt til Grandmo, i eigne bustadar – eller i andre kommunale husvære. Grandmo har dei siste åra fått fleire brukarar, og har blitt ei stor eining med om lag 64 årsverk. Tenesta er organisert i to team og ulike tiltak. Me søkjer no fagleiar i 100% stilling til eitt av teama.

Stillinga er eit vikariat, men det er moglegheiter for fast tilsetjing.

Hovudoppgåver

  • Fagleg oppfølging og fagutvikling
  • Planlegging, gjennomføring og evaluering av dagleg drift
  • Samarbeid med brukarar, pårørande, tilsette og andre instansar
  • Bidra til gode tenester og godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjent vernepleiar eller anna relevant utdanning på høgskulenivå
  • Leiarerfaring er ønskjeleg
  • Relevant praksis
  • God munnleg og skriftleg kommunikasjon
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Det vert stilt krav om politiattest

Personlege eigenskapar

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Me ser etter deg som er:

  • Samarbeids- og løysingsorientert
  • Strukturert og sjølvstendig
  • Ansvarsbevisst og tydeleg
  • Profesjonell i møte med samarbeidspartnarar og medarbeidarar

Me kan tilby

  • Arbeid i ein veldrive kommune med gode og sikre rammevilkår
  • Arbeid i ei eining med eit viktig samfunnsoppdrag
  • Varierte, utfordrande og meiningsfulle oppgåver
  • Eit godt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Gode- og sikre kommunale vilkår med fleksibel arbeidstid
  • Løn etter gjeldane tariffavtale

Andre opplysningar

  • Administrasjonsmålet i Luster kommune er nynorsk
  • I følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit

Link til søknadsskjema: Søk her

Søk på jobben
Søk senest 4.10.2026
Søk på stillingen →

Lignende stillinger

Sykepleier til Helshus- KAD avd i Akershus
Konstali Helsenor AS · AKERSHUS

Konstali Helsenor, vikarbyrå med 377 ansatte, søker sykepleier til vikariat på heltid ved et helsehus i Akershus.

VikariatHeltidHelse og sosial
Tannhelsesekretær - Årnes tannklinikk
Akershus fylkeskommune, Årnes tannklinikk · AKERSHUS

Årnes tannklinikk i Akershus fylkeskommune søker tannhelsesekretær i fast, 100 % stilling.

FastHeltidHelse og sosial