Hopp til innhold
Nytt: prøv API og MCP gratis.Kom i gang →

Kyrkjelydspedagog 2. gongs utlysing

Suldal Kyrkjelege Fellesråd · Suldal, Rogaland

FastDeltidOffentligKultur og kreative yrkerFrist 13.10.2026

AI-sammendrag

Om stillingen

Suldal kyrkjelege fellesråd lyser ut ein fast stilling som kyrkjelydspedagog på 80 % (deltid). Det er andre gongs utlysing, og det er 1 stilling. Stillinga kan bli utvida med andre oppgåver. Arbeidsstaden er Sand i Suldal kommune, Rogaland.

Hovudoppgåvene er å planleggje, administrere og gjennomføre kyrkjelege tiltak i tråd med vedtekne planar, åleine, saman med andre tilsette og med frivillige. Hovudvekta ligg på tiltak for born i alderen 0–12 år. Stillinga omfattar òg medverknad ved omlag éin gudsteneste i månaden, rekruttering og oppfølging av frivillige, nokre administrative oppgåver og ein del kvelds- og helgearbeid.

Det vert kravd utdanning som kyrkjelydspedagog, kateket eller anna pedagogisk utdanning (lærar eller barnehagelærar). Søkjarar må vere medlem av Den norske kyrkja, leggje fram politiattest, ha førarkort og disponere bil. Språkforma er nynorsk. Erfaring frå kyrkjeleg barne- og ungdomsarbeid er ein fordel. Arbeidsgivaren tilbyr fleksibel arbeidstid, pensjonsordning i KLP og løn etter KA sitt regulativ.

Om arbeidsgiveren

Suldal kyrkjelege fellesråd høyrer til bransjen aktivitetar i religiøse organisasjonar og er registrert som undereining til næringsdrivande og offentleg forvaltning. Verksemda har 19 tilsette. Fellesrådet dekkjer fire sokn, fire kyrkjer og to kapell i Suldal kommune, som har i underkant av 4000 innbyggjarar. På kyrkjekontoret er staben to sokneprestar, diakon, kyrkjelydspedagog, organist og kyrkjeverje. Det er ikkje oppgitt tal for omsetning eller resultat.

Søknad og frist

Søknadsfristen er 13. oktober 2026.

Om stillingen

Suldal kyrkjelege fellesråd lyser ut etter ny KYRKJELYDSPEDAGOG. Stillinga er 80%, men det kan vere mogleg at den blir utvida med andre oppgåver.

I fellesrådsområdet (Suldal kommune) er det 4 sokn, 4 kyrkjer og to kapell. Kyrkjekontoret ligg i kommunesenteret, Sand, og i staben er det to sokneprestar, diakon, kyrkjelydspedagog, organist og kyrkjeverje.

Suldal kommune ligg nordaust i Rogaland, og det bur i underkant av 4000 personar i kommunen. Vakker og variert natur som strekkjer seg frå fjord til høgfjell gir gode forhold for friluftsliv heile året. Det er godt barnehage-, skule- og kulturtilbod i kommunen

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, administrere og gjennomføre tiltak i tråd med vedtekne planar - åleine, i samarbeid med andre tilsette og saman med frivillige medarbeidarar. Stillinga har hovudvekt på tiltaka frå 0-12 år, men bidrar óg i tiltak inn mot andre aldersgrupper.
  • Medverknad ved gudstenester (omlag 1 gudsteneste pr månad) i tilknytning til undervisningsarbeidet
  • Rekruttere og ivareta frivillige medarbidarar
  • Ein del kvelds- og helgearbeid må påreknast
  • Nokre administrative oppgåver

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som kyrkjelydspedagog eller kateket, evt. anna pedagogisk (lærar eller barnehagelærar). Dersom det ikkje er søkjarar som oppfyller kvalifikasjonskrava, vil søkjarar med anna relevant høgskuleutdanning bli vurderte

Personlege eigenskapar

  • Har erfaring med kyrkjeleg barne- og ungdomsarbeid vil vere ein fordel
  • Kan arbeide sjølvstendig og i team, har gode samarbeidsevner og evne til å byggja relasjonar
  • Har engasjement for kyrkjeleg undervisning og trusformidling
  • Har gode kommunikasjons- og formidlingsevner i møte med born og unge
  • Er strukturert og fleksibel
  • Har førarkort og disponerer bil
  • Beherskar norsk skriftleg og munnleg. Språkforma er nynorsk.
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagde Særskilde krav
  • Medlemsskap i Den norske kyrkja Den som vert tilsett må kunne identifisere seg med kyrkja sitt trusgrunnlag og mål
  • Politiattest jfr. Trossamfunnsloven §20

Me tilbyr

  • Ein sjølvstendig og variert jobb med born og unge
  • Fleksibel arbeidstid
  • Varierte og meiningsfulle oppgåver
  • Eit raust og fint arbeidsfellesskap på kyrkjekontoret (saman med to prestar, kyrkjeverje, diakon og kyrkjemusikar)
  • Pensjonsordning i KLP
  • Løn etter KA sitt regulativ

Kontaktinformasjon

Hilde Jorunn Arnø Vetrhus, kyrkjeverje, 41213033

Arbeidssted

Sandsvegen 134 4230 SAND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Suldal kyrkjelege fellesråd Referansenr.: 5182842023 Stillingsprosent: 80% Fast Søknadsfrist: 13.10.2026

Søk på jobben
Søk senest 13.10.2026
Søk på stillingen →

Lignende stillinger

Disneyland Paris
Disneyland Paris

Disneyland Paris søker karakter- og paradeutøvere til show i Frankrike, audition holdes i Oslo 6. desember 2026.

FastHeltidKultur og kreative yrker
Frist 6.12.2026
Kantor Borgund sokn 100%
Ålesund kyrkjelege fellesråd · ÅLESUND, MØRE OG ROMSDAL
FastHeltidKultur og kreative yrker
Frist 1.11.2026