LA Takpleie søker 1 selger på heltid, fast ansettelse, med provisjonsbasert lønn og salg av tak- og fasadevask i Agder.
Avdelingsleiar Teknisk område - Maskin/Rør & HVAC / Stålutrustning
Ulstein Verft AS · Ulstein, Møre Og Romsdal
AI-sammendrag
Om stillingen
Ulstein Verft AS søker ein avdelingsleiar (Department Manager) for det tekniske området innan maskin, rør, HVAC og stålutrustning. Stillinga har både fagleg og personalmessig ansvar for ressursane i avdelinga, og inneber leiing og utvikling av fagmiljøet, ressursstyring på tvers av prosjekt, kvalitets- og framdriftsansvar, samt bidrag i tilbods- og salsprosessar. Stillinga rapporterer til Teknisk sjef og inngår i leiargruppa for teknisk område. Dette er ei fast stilling på heltid, med 1 stilling tilgjengeleg, og arbeidsstad er Ulstein i Møre og Romsdal.
Om arbeidsgjevaren
Ulstein Verft AS er ein aktør i maritim industri/skipsbygging, med fokus på bygging av avanserte fartøy. Stillinga krev erfaring frå maritim industri eller skipsbygging, noko som tydar på at selskapet driv med komplekse skipsbyggingsprosjekt der teknisk kompetanse innan maskin, rør, HVAC og stålutrustning er sentralt.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 27.09.2026.
Annonsetekst
Vil du leie eit sterkt fagmiljø for nokre av verdas mest avanserte fartøy? Vi søker ein engasjert avdelingsleiar til vårt tekniske miljø, innanfor fagområda maskin,rør, HVAC og stålutrustning. Stillinga Department Manager Engineering Machinery/Pipe & HVAC/Steel Outfitting vil ha fagleg og personalmesseg ansvar for ressursane innanfor ansvarsområdet. Som leiar vil du spele ei sentral rolle i utviklinga og gjennomføringa av komplekse skipsbyggingsprosjekt, samtidig som du bidreg til å vidareutvikle kompetanse, arbeidsprosessar og organisasjonen. Stillinga rapporterer til Teknisk sjef og inngår i leiinga for teknisk område.
Arbeidsoppgåver
- Leie og utvikle avdeling for Engineering Machinery/Pipe & HVAC/Steel Outfitting
- Personalansvar for avdelinga sine tilsette
- Planlegge og styre ressursar, eigne og innleigde, på tvers av prosjekt
- Sikre kvalitet, framdrift og leveransar i samsvar med prosjektkrav
- Bidra i tilbods- og salsprosessar med tekniske vurderingar, kalkylar og ressursestimering
- Vidareutvikle arbeidsprosessar, metodar og digitale verktøy
- Samarbeide tett med prosjekleiing, produksjon, innkjøp, klasseselskap, leverandørar og kundar
- Bidra til rekruttering og utvikling av framtidige talent innan fagområdet
- Ivareta HMS, kvalitet og kontinuerleg forbetringsarbeid i avdelinga
Kvalifikasjonar
- Høgare teknisk utdanning innan maskin, marine system, HVAC eller tilsvarande
- Erfaring frå maritim industri, skipsbygging eller relatert verksemd
- Erfaring med prosjektarbeid og tekniske leveransar
- Leiarerfaring er ønskeleg, men kandidatar med sterke leiareigenskapar og ambisjoner vert òg oppmoda til å søke
- God forståing av tekniske system om bord på fartøy
- Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk
Personlege eigenskapar
- Byggjer tillit og motiverer medarbeidarane
- Er strukturert og løysningsorientert
- Trivst med å skape resultat gjennom andre
- Har god gjennomføringsevne og kommersiell forståing
- Bidreg til samarbeid på tvers av fagområde
Vi tilbyr
- Ei sentral leiarrolle
- Spanande prosjekt og moglegheit for å påverke utviklinga av fagområdet
- Godt fagmiljø
- Fleksitidsordning
- Konkurransedyktige vilkår
Kontaktinformasjon
Vidar Gjerdsbakk, Technical Manager, +47 95086886 Ann Kristin Hatløy Fiskaa, HR Manager, +47 95022468
Arbeidsstad
Osnesvegen 110 6065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ulstein Verft AS Referansenr.: 5171459925 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 27.09.2026
Lignende stillinger
BT Consulting Services AS søker 1 student til deltidsengasjement i salg mot tannklinikker, med arbeidssted på Billingstad i Akershus.
Kirppis Norge AS i Møre og Romsdal søker butikk- og markedskoordinator, fast heltid.
Kvik Helgeland i Rana søker kjøkkenselger i fast heltidsstilling, med fokus på kundeveiledning, tegning og salg.
Sande Barbershop i Vestfold søker 1 erfaren barber i vikariat på deltid, ca. 20–30 % stilling.
Face2face Creatives International i Oslo søker 1 promotør til feltsalg, fast og heltid, uten krav til salgserfaring.