Anleggsgartner Arnesen As søker erfaren gravemaskinfører til prosjektstilling på heltid i Akershus.
Prosjektingeniør
Åseral Kommune · Åseral, Agder
AI-sammendrag
Om stillingen
Åseral kommune søkjer ein prosjektingeniør til ei fast stilling i 100% stilling ved eininga for drift og vedlikehald. Rolla omfattar ansvar for kommunale drifts-, investerings- og utviklingsprosjekt innan mellom anna bygg og eigedom, vass- og avløpsanlegg, infrastruktur og kommunale planar. Oppgåvene spenner frå prosjektering og offentlege anskaffingar til gjennomføring, oppfølging og evaluering, i tillegg til budsjettoppfølging og rapportering til administrativ og politisk leiing. Arbeidsstad er Åseral.
Om arbeidsgjevaren
Stillinga er knytt til Åseral kommune ved eininga for samfunnsutvikling, ei underdeining innan offentleg administrasjon tilknytt næringsverksemd og arbeidsmarknad, med 12 tilsette. Som kommunal arbeidsgjevar har verksemda ansvar for lokal infrastruktur- og samfunnsutvikling, noko som gjev prosjektingeniøren ei sentral rolle i gjennomføringa av kommunen sine investeringar.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 2. oktober 2026.
Om stillingen
Vil du vere med å forme framtida i kommunen vår? Vi søkjer ein engasjert og kompetent prosjektingeniør til ei sentral og viktig stilling i kommunen. Som prosjektingeniør får du ansvar for å planleggje, koordinere og gjennomføre prosjekt som bidreg til utvikling av lokalsamfunnet og gode tenester til innbyggjarane
Arbeidsoppgåver
Om stillinga Prosjektingeniøren har ei nøkkelrolle i gjennomføring av kommunen sine drifts-, investerings- og utviklingsprosjekt. Stillinga omfattar ansvar for prosjekt frå planleggingsfase til ferdigstilling innan mellom anna:
- Bygg- og eigedomsprosjekt
- VA-anlegg (vatn og avløp)
- Infrastruktur- og vedlikehaldsprosjekt
- Kommunale planar og utviklingsområde Du vil vere involvert i heile prosessen, frå prosjektering og offentlege anskaffingar til gjennomføring, oppfølging og evaluering av prosjekt.
Arbeidsoppgåver
- Leie og koordinere investerings- og vedlikehaldsprosjekt
- Utarbeide og følgje opp prosjektplanar, framdriftsplanar og budsjett
- Gjennomføre offentlege anskaffingar og anbodskonkurransar
- Evaluere tilbod og følgje opp kontraktar og leverandørar
- Følgje opp entreprenørar, konsulentar og samarbeidspartnarar
- Bidra i arbeid med kommunale planar og utviklingsprosjekt
- Sikre god rapportering til administrativ og politisk leiing
- Bidra til god økonomistyring og prosjektkontroll
- Vere ein aktiv bidragsytar i eininga og ta del i tverrfaglege oppgåver og arbeidsprosessar ut over eigne prosjektområde.
Kvalifikasjonar
Vi ønskjer at du har:
- Relevant høgare utdanning innan ingeniørfag, bygg, VA, prosjektleiing eller tilsvarande
- Erfaring frå prosjektarbeid og prosjektleiing
- Kunnskap om offentlege anskaffingar og gjeldande regelverk
- God økonomiforståing og erfaring med budsjettoppfølging
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Personlege eigenskaper
Vi ser etter deg som:
- Arbeider strukturert og sjølvstendig
- Tek ansvar og får ting gjennomført
- Har gode samarbeidsevner
- Er løysingsorientert og initiativrik
- Kommuniserer godt med ulike fagmiljø og interessentar
Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.
Vi tilbyr
- Ei variert og spennande stilling med stor påverknad på utviklinga av kommunen
- Faglege utfordringar og moglegheit for vidareutvikling
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
- Løn etter avtale og gode pensjonsordningar
- Fleksibel arbeidstid etter gjeldande ordningar
- Vi kan hjelpe til å finne bustad
- Gratis SFO
- Barnehageplass
Kontaktinformasjon
Dag Ingvar Sandåker, Einingsleiar drift og vedlikehald, +47 90690845, Dag.Ingvar.Sandaker@aseral.kommune.no
Arbeidssted
Bordalsbakken 10 4540 Åseral
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Åseral kommune Referansenr.: 5177713808 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 02.10.2026
Lignende stillinger
Gravere AS i Lørenskog søker gravemaskinfører til fast heltidsstilling i Oslo og omegn.
Gravere AS i Lørenskog søker steinlegger/grunnarbeider til fast heltidsstilling i Oslo-området.
Per Ola Kihle søker lassbærersjåfør til hogstlag i Gudbrandsdalen/Mjøsregionen, fast heltidsstilling.
Seppänen Gulvleggerfirma i Vestfold søker en allsidig håndtverker til fast, heltids stilling innen bygg og våtrom.
Kranfører AS søker 5 tårnkranførere med G2-sertifikat til faste heltidsstillinger i Akershus.