Hopp til innhold
Nyttsokfirma i Claude og ChatGPTLes mer →

GIS-rådgjevar

Luster Kommune Forvaltning Og Utvikling · Luster, Vestland

FastHeltidOffentligNatur og miljøFrist 29.11.2026

Annonsetekst

Vil du jobba med kart, geodata og digitale løysingar i eit nytt fagmiljø i Sogn?

Frå 1. januar 2027 etablerer Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal kommunar eit felles vertskommunesamarbeid for kart, oppmåling og GIS, med Luster kommune som vertskommune.

Me søkjer ein GIS-rådgjevar i 100 % fast stilling, med oppstart 1. januar 2027. Det er opning for å ha arbeidsstad i ein av kommunane i samarbeidet.

Det nye samarbeidet får ni fagtilsette: tre innan kart og GIS, inkludert fagansvarleg, og seks innan oppmåling og matrikkel, inkludert fagansvarleg. I tillegg kjem einingsleiar. Du vert dermed del av eit større fagmiljø som skal levera tenester til alle dei fem kommunane.

Om stillinga

Som GIS-rådgjevar vil du arbeida med forvaltning, produksjon og utvikling av kart og geodata. Du vil samarbeida tett med fagansvarleg for kart og GIS, den andre GIS-rådgjevaren og resten av fagmiljøet i samarbeidet, i tillegg til relevante fagmiljø i kommunane.

Kommunane nyttar Norkart sine løysingar på sentrale delar av fagområdet, med GISLine som ei sentral plattform. Arbeidet omfattar både dagleg forvaltning av kart- og geodata, brukarstøtte og utvikling av løysingar og arbeidsmåtar. Oppgåver og ressursar skal nyttast på tvers av kommunegrensene, slik at alle kommunane får likeverdige tenester.

Sentrale arbeidsoppgåver

  • forvaltning, ajourhald og kvalitetssikring av kart- og geodata
  • produksjon av kart, temakart, analysar og geografiske datasett
  • arbeid i GISLine og andre relevante GIS- og kartløysingar
  • webkart, innsynsløysingar og digitale karttenester
  • planregister, FKB, AR5 og andre relevante kommunale geodata
  • brukarstøtte og rettleiing innan GIS og kartløysingar
  • utlevering og tilrettelegging av kart- og geodata
  • utvikling og standardisering av rutinar og arbeidsmåtar på tvers av kommunane
  • samarbeid med plan, byggjesak, oppmåling, tekniske tenester og andre fagområde som nyttar geografisk informasjon
  • utviklings- og digitaliseringsoppgåver innan fagområdet

Arbeidsoppgåvene er dynamiske og vil kunna endra seg i takt med den teknologiske utviklinga, behova i kommunane og vidare utvikling av samarbeidet.

Kven ser me etter?

Me ser etter deg som har interesse for GIS, kart og geodata og som ønskjer å vera del av eit større fagmiljø.

  • relevant høgare utdanning innan GIS, geomatikk, geografi, IT eller anna relevant fagområde
  • kompetanse innan GIS og geografiske data
  • god digital kompetanse og systemforståing
  • evne til å arbeida strukturert med data og kvalitet
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

Relevant praksis kan kompensera for delar av utdanningskravet.

Erfaring med GISLine og andre løysingar frå Norkart er ein klar fordel. Det same gjeld erfaring frå kommunal GIS- og geodataforvaltning, FKB, Geovekst, planregister, webkart eller andre relevante kart- og fagsystem. Dersom du ikkje har erfaring med GISLine frå før, må du vera førebudd på å tileigna deg denne kompetansen.

Me ser etter deg som

  • er nøyaktig, strukturert og oppteken av kvalitet
  • er løysingsorientert og interessert i teknologi og utvikling
  • samarbeider godt og deler kunnskap med andre
  • tek initiativ og kan arbeida sjølvstendig
  • er serviceinnstilt og trivst med å hjelpa brukarar med ulik fagkompetanse
  • er fleksibel og ser på dei fem kommunane som eitt felles arbeidsområde

Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.

Me tilbyr

  • ei sentral fagrolle i eit nytt interkommunalt samarbeid
  • varierte oppgåver innan kart, GIS og geodata i fem kommunar
  • eit større fagmiljø med tre tilsette innan kart og GIS og tett samarbeid med fagmiljøet innan oppmåling og matrikkel
  • eit tverrfagleg arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
  • moglegheiter for fagleg utvikling og relevant kompetanseheving
  • tilgang til relevant fagprogramvare og digitale verktøy
  • fleksitidsordning
  • løn etter avtale/gjeldande tariffavtale
  • kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar

Andre opplysningar

  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
  • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

Link til søknadsskjema: Søk her

Søk på jobben
Søk senest 29.11.2026
Søk på stillingen →

Flere stillinger hos Luster Kommune Forvaltning Og Utvikling

Rådgjevar
Luster kommune Luster kommune · LUSTER, VESTLAND

Luster kommune søker en rådgiver innen IKT og digitalisering i 100 % fast stilling, med frist 15. november 2026.

FastHeltidIT
Frist 15.11.2026
API og MCPGET /company/974615231/stillinger

API

curl "https://api.sokfirma.no/company/974615231/stillinger" \
  -H "Authorization: Bearer sk_api_..."

Svar (utdrag)

{
  "agg": null,
  "total": 4,
  "hits": [
    {
      "uuid": "c7d3e597-4e4f-4ae1-8fd1-ce1d71570cc3",
      "title": "GIS-rådgjevar",
      "municipal": "LUSTER",
      "application_due": "2026-11-29 00:00:00+00",
      …
    },
    {
      "uuid": "5c97ad75-96fc-4e83-9d4f-5b8efbc358b0",
      "title": "Beredskapskoordinator",
      "municipal": "LUSTER",
      "application_due": "2026-11-22 00:00:00+00",
      …
    },
    …
  ]
}

MCP

get_company_stillinger({ "org_no": "974615231" })

Spør AI-assistenten

  • Hvilke andre stillinger lyser Luster Kommune - Administrasjon ut nå?
  • Hva er søknadsfristen for «GIS-rådgjevar» hos Luster Kommune - Administrasjon?
  • Ansetter Luster Kommune - Administrasjon flere i Luster nå?
Kom i gang med API og MCP →

Lignende stillinger

Fagarbeider husdyr
Akershus fylkeskommune, Hvam videregående skole · AKERSHUS

Hvam videregående skole i Nes søker fagarbeider husdyr i vikariat, inntil 60 % stilling, 1.1.–30.6.2027.

VikariatDeltidNatur og miljø
Anleggsgartner med fagbrev
Anleggsgartner Arnesen As · AKERSHUS

Anleggsgartner Arnesen AS i Akershus søker 1 anleggsgartner med fagbrev på heltid, fast ansettelse.

FastHeltidNatur og miljø
Frist 30.11.2026
Veterinær Bjerka
Mattilsynet · HEMNES, NORDLAND

Mattilsynet på Bjerka i Hemnes søker 3 veterinærer til faste heltidsstillinger innen slakteritilsyn og dyrevelferd.

FastHeltid3 stillingerNatur og miljø
Frist 17.11.2026
Work as a Paver in Bergen – Good Salary
Skuteviken Personell AS · BERGEN, VESTLAND

Skuteviken Personell AS i Bergen søker 8 erfarne brosteinleggere på heltid, fast ansettelse, med timelønn 295–320 kr.

FastHeltid8 stillingerNatur og miljø
Frist 30.11.2026
Ytre miljø-koordinator
Investeringsprosjekter, Drammen kommune · DRAMMEN, BUSKERUD

Drammen kommune søker 1 ytre miljø-koordinator i fast heltidsstilling i Investeringsprosjekter 1, med søknadsfrist 30. november 2026.

FastHeltidNatur og miljø
Frist 30.11.2026
Luster Kommune Forvaltning Og Utvikling
Frist 29.11.2026
Søk på stillingen →