Hopp til innhold
Nytt: sokfirma i Claude og ChatGPT – salgslister, soliditet, konsern og mer.Les mer →

Er du medisin- eller sjukepleiestudent som ønsker relevant arbeidserfaring i studietida? Vi har ledige studentstillingar

Bemanningssenteret, Helse Bergen HF · Bergen, Vestland

FastDeltid5 stillingerOffentligHelse og sosial
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Bemanningssenteret, Helse Bergen HF.

AI-sammendrag

Om stillingen

Helse Bergen HF søker medisin- eller sjukepleiestudentar til faste deltidsstillingar (22%) via Bemanningssenteret, med arbeidsstad ved ulike einingar innan somatikk, rus og psykiatri i Bergen. Stillinga er lagt opp etter ein karrieremodell på 4,5 til 6 år, med rotasjon på 1,5-2 år per eining. Arbeidsoppgåvene varierer etter eining: i somatikken hovudsakleg praktisk pleie og pasientoppfølging, i psykiatri og rus fokus på relasjonsbygging og motivasjon. Stillinga inneber om lag 10 helgar i året planlagt i årsturnus, samt om lag 20 timar kvar månad fleksibelt planlagt, og krev arbeid i 4 veker med 100% stilling under ferieavvikling. Det er 5 ledige stillingar. Krav er 400 timar pleieerfaring frå grunnleggande stell/pleie, samt norskkunnskapar på minimum B2/NOR-U3-nivå for ikkje-nordiske statsborgarar.

Om arbeidsgjevaren

Stillingane er knytt til Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus, ei underenhet innan somatiske sjukehustenester med 9 461 tilsette, med forretningskommune i Bergen. Dette gir studentane tilgang til erfaring på tvers av eit av Vestlandets største og leiande sjukehusmiljø.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 30. august 2026.

Om stillingen

Vi søker etter medisin- eller sjukepleiestudentar som ønsker å kombinere studie med relevant arbeid gjennom utdanninga. Stillinga er lagt opp etter ein karrieremodell på 4,5 til 6 år og inneheld arbeid ved einingar innan somatikk, rus og psykiatri. Rotasjon er basert på 1,5 - 2 år på kvar eining. Treng du fleksibilitet for å kombinere studie med relevant arbeid gjennom heile utdanninga? Då er dette ein unik sjanse til å opparbeide seg kompetanse på tvers i Vestlandets leiande sjukehusmiljø. Stillinga føreset arbeid i 4 veker med 100% stilling under ferieavvikling ved sjukehuset gjennom tilsettingsperioden.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene vil variere etter kva eining du jobbar ved
  • I somatikken vil arbeidsoppgåvene i hovudsak vere praktisk arbeid, pleie og oppfølging av pasientar
  • I psykiatri og rus vil arbeidsoppgåvene i hovudsak vere pasientoppfølging med fokus på å skape gode relasjonar, og å motivere pasientar til å meistre problema sine på ein god måte
  • Delta i det daglege miljøarbeidet med pasientar og praktiske oppgåver delegert frå ansvarshavande
  • Stillinga føreset arbeid i 4 veker med 100% stilling under ferieavvikling ved sjukehuset gjennom tilsettingsperioden

Kvalifikasjonar

  • Du må ha 400 timar pleieerfaring frå grunnleggande stell/pleie
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare

Personlege eigenskapar

  • Du har eit ønske om allsidig erfaring innan ulike ulike einingar
  • Du er tilpassingsdyktig og finn deg til rette i ulike miljø
  • Du har utvikla gode samarbeidsevner og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Du taklar endringar i kvardagen og høgt tempo
  • Du er fagleg dyktig og er interessert i å lære meir
  • Du har ei vennleg og respektfull framferd med pasientane, og ønsker å gjere «det lille ekstra» for at dei skal ha det bra

Vi tilbyr

  • Du vil få tilsetting i fast 22% stilling via Bemanningssenteret med arbeidsstad ved ulike einingar i føretaket
  • 10 helgar i løpet av eit år som blir planlagd saman med leiar i årsturnus
  • Resterande timar er fleksible. (ca 20 timar kvar månad) og desse blir planlagde etter kvart i samarbeid mellom tilsett og leiar
  • Det er rotasjon på ulike avdelingar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Cathrine Fauske Haferkamp, Seksjonsleiar, 99426755

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22 5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5165167843 Stillingsprosent: 22% Fast Søknadsfrist: 30.08.2026

Flere stillinger hos Bemanningssenteret, Helse Bergen HF

API og MCPGET /company/974557746/stillinger

API

curl "https://api.sokfirma.no/company/974557746/stillinger" \
  -H "Authorization: Bearer sk_api_..."

Svar (utdrag)

{
  "agg": null,
  "total": 20,
  "hits": [
    {
      "uuid": "f058ea2d-7ea9-4ea0-b1f3-042846f2f8ec",
      "title": "Psykologspesialist",
      "municipal": "BERGEN",
      "application_due": "2026-11-12 00:00:00+00",
      …
    },
    {
      "uuid": "154bd2fe-1658-4cdb-9d29-a28b949a8f9a",
      "title": "Reinhaldsassistent/Reinhaldar",
      "municipal": "BERGEN",
      "application_due": "2026-11-30 00:00:00+00",
      …
    },
    …
  ]
}

MCP

get_company_stillinger({ "org_no": "974557746" })

Spør AI-assistenten

  • Hvilke andre stillinger lyser Helse Bergen HF Haukeland Universitetssjukehus ut nå?
  • Hva er søknadsfristen for «Er du medisin- eller sjukepleiestudent som ønsker relevant…» hos Helse Bergen HF Haukeland Universitetssjukehus?
  • Ansetter Helse Bergen HF Haukeland Universitetssjukehus flere i Bergen nå?
Kom i gang med API og MCP →

Lignende stillinger

Sykepleier til sykehjem i Finnmark
Konstali Helsenor AS · FINNMARK

Konstali Helsenor søker sykepleier i heltidsvikariat ved sykehjem i Finnmark, fra 9. november 2026 til 17. januar 2027.

VikariatHeltidHelse og sosial