Produktspesialist / teknikar brann- og tryggleikssystem
Tussa · Ulstein, Møre Og Romsdal
AI-sammendrag
Om stillingen
Tussa Installasjon søkjer ein produktspesialist / teknikar innan brann- og tryggleikssystem til fast tilsetting på heltid ved avdelinga i Ulsteinvik. Arbeidsoppgåvene omfattar tilgangskontroll, brann- og innbrotsalarm, kameraovervaking, nettverkssystem og andre byggautomatiseringsprodukt. Nøyaktig ansvarsområde blir tilpassa kompetansen til den som blir tilsett. Arbeidsstad er primært søre Sunnmøre, men oppdrag utanfor området må påreknast.
Om arbeidsgiveren
Tussa Installasjon er ein av dei leiande elektroentreprenørane i regionen med over 75 års erfaring. Selskapet har om lag 160 medarbeidarar fordelt på avdelingar i Ørsta, Ulsteinvik, Fosnavåg og Stryn, og tilbyr tenester innan sterkstraum, svakstraum, automasjon, tele og data. Selskapet er tilknytt Tussa-konsernet og er registrert med bransjetilknyting til telekommunikasjon.
Søknad og frist
Søknadsfrist: 3. juli 2026.
Annonsetekst
Tussa Installasjon
Tussa Installasjon er ein av dei leiande elektroentreprenørane i regionen, med over 75 års erfaring i bransjen. Selskapet tilbyr eit breitt spekter av elektrotekniske tenester for både privatkundar og næringsliv. Med avdelingar i Ørsta, Ulsteinvik, Fosnavåg og Stryn, er vi tett på kundane våre og har eit sterkt lokalt fotfeste.
Tussa Installasjon har om lag 160 medarbeidarar, som til saman utgjer ein sterk fagleg organisasjon. Vi har bygd opp solid kompetanse og lokalkunnskap gjennom fleire tiår, og arbeider målretta for å levere framtidsretta og miljøvennlege løysingar.
Vi tilbyr tenester innan dei fleste elektrofaglege disiplinane – inkludert sterkstraum, svakstraum, automasjon, tele og data. Faget vårt er i stadig utvikling, og vi legg stor vekt på kontinuerleg fagleg oppdatering for å møte krava både i dag og i framtida.
Video: https://vimeo.com/1045278634?share=copy&fl=sv&fe=ci
Produktspesialist / teknikar brann- og tryggleikssystem
Er du fagleg dyktig, ansvarsbevisst og serviceinnstilt, og ønskjer å jobbe med framtidsretta og miljøvenlege løysingar? Då kan du vere rett person for oss!
Vi tilbyr eit sterkt og inkluderande fagmiljø med varierte oppdrag og moderne teknologi.
Arbeidsplassen vil primært vere på søre Sunnmøre, men oppdrag utanfor området må påreknast. Kontor og oppmøteplass er ved avdelinga vår i Ulsteinvik, i nye og moderne lokale i Saunesmarka.
Arbeidsoppgåver:
Som produktspesialist vil du jobbe med:
- Tilgangskontroll
- Brann- og innbrotsalarm
- Kameraovervaking
- Nettverkssystem
- Andre byggautomatiseringsprodukt
Du blir del av eit lag med fleire kompetente medarbeidarar. Nøyaktig ansvarsområde blir tilpassa kompetansen din og dine interessefelt.
Kvalifikasjonskrav:
- Elektroutdanning, fortrinnsvis teknikar eller høgare utdanning. Erfaring kan kompensere for manglande utdanning
- Meistre norsk og engelsk, munnleg og skriftleg.
- Sertifikat klasse B.
Du likar å samarbeide med andre, men er og sjølvstendig i arbeidet ditt. Vi vil leggje vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr:
- Relevant produktopplæring
- Interessante og utfordrande oppgåver i eit aktivt konsern
- Uformelt arbeidsmiljø som legg vekt på utvikling, sjølvstende og trivsel
- Gode løn-, pensjons- og forsikringsordningar
Lignende stillinger
Arexa i Innlandet søker en sikkerhetstekniker til fast heltidsstilling med installasjon og service av integrerte sikkerhetsanlegg.
Aarstad Anlegg i Inderøy søker 1 erfaren anleggsmaskinfører på heltid, fast ansettelse, i Trøndelag.
NES Fircroft Norge i Sandnes søker 1 mekanisk feltingeniør til engasjement på heltid i Vestland.
R.S Stål & Montasje AS i Ørland søker 1 montør av bygg på heltid, fast ansettelse, til stålbygg og sandwichelementer.
EGB Enterprises AS i Rogaland søker 5 faglærte tømrere til faste heltidsstillinger innen nybygg og rehabilitering.