Hopp til innhold
Næringslivsrapport for august 2026.Les rapporten

100% vikariat fagarbeidar

Sirdal Kommune · Sirdal, Agder

VikariatHeltidOffentligUtdanning
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Sirdal Kommune.

AI-sammendrag

Om stillingen

Sirdal kommune søker vikar i 100 % stilling som fagarbeidar ved Tonstad skule, i perioden 7. september 2026 til 31. desember 2026. Stillingen inneber oppfølging av elevar i både skule og SFO, med arbeidsoppgåver som å hjelpe enkeltelevar med fag, struktur eller åtferd, planlegging og gjennomføring av SFO-aktivitetar, samt deltaking i SFO sin planlegging. Ønska kvalifikasjon er utdanning innan barne- og ungdomsarbeidarfaget, og den som blir tilsett må levere godkjend politiattest og dokumentere norskkunnskapar tilsvarande B2-nivå. Arbeidsstad er Tonstad skule i Sirdal kommune, ein kombinert 1.–10.-trinns skule med om lag 190 elevar og SFO-tilbod.

Om arbeidsgiveren

Tonstad skule er ein underenhet innan ordinær grunnskoleundervisning, med 60 tilsette, og inngår i Sirdal kommune sin offentlege forvaltning. Som kommunal skule er verksemda ikkje driven for overskot, og løn og tilsetting følgjer kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk.

Søknad og frist

Søknadsfristen er 10. september 2026.

Om stillingen

Det blir ledig 100% vikariat som fagarbeidar ved Tonstad skule i perioden 7.09.26 - 31.12.26 Tonstad skule har om lag 190 elevar og ligg i kommunesenteret Tonstad. Skulen er ein kombinert skule med 1. – 10. trinn og SFO-tilbod. Skulen er oppteken av læring i eit inkluderande læringsmiljø og arbeider med å bygge gode profesjonsfellesskap. Kommunen satsar på og prioriterer barn og unge, og skulen har god vaksentettleik. Tonstad skule ligg i kommunesenteret Tonstad, med kort veg til idrettshall med idretts- ogfotballbanar, fotballhall, kulturhus og ei fin strand ved elva Sira. Skulen har eit moderne bygg og stort uteområde med mange moglegheiter for aktivitetar. Symjehallen ligg vegg i vegg med skulen og Tonstad barnehage er næraste nabo. Det er korte avstandar til alt du treng. Er dette noko for deg, så kom til oss! Sirdal kommune har gode velferdstilbod til sine tilsette, som mellom anna tilgang til leilegheit midt i Kristiansand og hytte nær sjøen. Det er gode tilbod om barnehage og SFO i heile kommunen.

Arbeidsoppgåver: Skulen treng ein tilsett som skal ha ansvar for å følgje opp elevar i SFO og skule. Arbeidsoppgåver i SFO må påreknast i heile SFO si åpningstid, òg i feriar der SFO har tilbod,etter avtale. Den som blir tilsett vil samarbeida med andre på laget rundt elevane, som t.d. lærarar, SFO-leiar, andre SFO-tilsette og skulen si leiing. Du vil mellom anna få ansvar for: * ulike elevretta oppgåver i skuletida, som t.d å hjelpa enkeltelevar med utfordringar i fag,struktur eller åtferd * å planleggja og gjennomføra aktivitetar i SFO * deltaking i års- og månadsplanlegging i SFO, jamfør rammeplan

Ønska kvalifikasjonar: Vi ønskjer søkjarar med utdanning innan barne- og ungdomsarbeidarfaget. Anna relevant kompetanse og praksis, samt personlege eigenskapar vil bli vurdert. Den som blir tilsett,må levera godkjend politiattest og dokumentera kompetanse i både munnleg og skriftleg norsk tilsvarande B2-nivå.

Den som blir tilsett må kunna tiltre snarast.

Personlege eigenskapar: Vi søkjer deg som:

* deltek i det pedagogiske arbeidet med elevane * er tydeleg, reflektert og ansvarleg, både overfor elevar og vaksne * er varm og grensesetjande * har pågangsmot og evne til å handtera og stå i uforutsette og utfordrande situasjonar * er serviceinnstilt, profesjonell og ansvarleg * har evne til å vera i utvikling og reflektera over eigen praksis * har evne til å jobba på lag i eit team, samt å vera sjølvstendig * er positiv til endringar og glad i barn og ungdom

Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetjing. Anna: Opningstidene i skulefritidsordninga er for tida 06.45-16.00, fordelt på morgonøkt 06.45-08.50 og ettermiddagsøkt 13.35-16.00 alle dagar utan onsdagar. Onsdagar og heile dagar iferietilbodet har same opningstid. For stillinga gjeld: Løn og tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk. Tilsettingsforholdet er med Sirdal kommune, ikkje den einskilde arbeidsstaden. Den som blir tilsett, må levera godkjend politiattest før tiltreding jf. §17-11 i opplæringslova. Me tek atterhald om intern overføring/rokkering, omorganisering, forrett etter HTA eller vedovertal.

Søknad til stilling i Sirdal kommune, skjer ved å nytta elektronisk søknadsskjema. Spørsmål om stillinga kan du retta til rektor Petter Røssland tlf 971 62 627

Kort søknadsfrist: 10.09.26

Link til søknadsskjema: Søk her

Lignende stillinger

Lærer i realfag
Akershus fylkeskommune, Nes videregående skole · AKERSHUS

Nes videregående skole i Akershus søker vikarlærer i realfag, 25 % deltidsstilling fra september 2026.

VikariatDeltidUtdanning
Fosterhjem og spesialiserte fosterhjem
Omsorgsgruppen AS · ØSTFOLD

Omsorgsgruppen AS i Østfold søker 5 fosterhjem og spesialiserte fosterhjem på heltid (engasjement) innen barneverntjenester.

EngasjementHeltid5 stillingerUtdanning
Pedagogisk leder
Sandviken barnehage, Bergen kommune · BERGEN, VESTLAND
VikariatHeltidUtdanning
Frist 25.9.2026
Lærer
Storevarden skole, Sola kommune · SOLA, ROGALAND
VikariatHeltidUtdanning
Frist 27.9.2026