Hopp til innhold
Næringslivsrapport for august 2026.Les rapporten

Leiar i skulen?

Hå Kommune Vigrestad Storskule · Hå, Rogaland

FastHeltidOffentligSalg og serviceFrist 23.9.2026

AI-sammendrag

Om stillingen

Vigrestad storskule søker avdelingsleiar for ungdomstrinnet i ei fast 100 % stilling med oppstart 1.1.2027. Stillinga omfattar pedagogisk leiing, utviklingsarbeid, sosialpedagogisk støtte, administrasjon og noko undervisning, saman med dagleg drift av personal og elevar, personaloppfølging, organisasjonsutvikling og koordinering mot PPT og føresette. Ønska kvalifikasjonar er relevant leiarutdanning (kan gjennomførast etter tilsetting), godkjent undervisningskompetanse for ungdomstrinnet, gode IKT-kunnskapar og gode norskkunnskapar. Arbeidsstad er kommune.

Om arbeidsgiveren

Vigrestad storskule er ein underenhet innan ordinær grunnskoleundervisning, med 48 tilsette totalt. Skulen har 5.–10. trinn, om lag 250 elevar og 40 tilsette samla, fordelt på to avdelingar – ei for mellomtrinn og ei for ungdomstrinn. Ungdomstrinnet, som den utlyste stillinga gjeld, har 105 elevar og 20 tilsette. Leiargruppa består av rektor og dei to avdelingsleiarane.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 23.09.2026. Politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding, og det er seks månaders prøvetid.

Om stillingen

På Vigrestad storskule er det ledig ei fast 100 % stilling som avdelingsleiar for ungdomstrinnet, og du startar 1.1.2027. Stillinga består av pedagogisk leiing, utviklingsarbeid, sosialpedagogisk støtte, administrasjon og noko undervisning.

Me er opptekne av å ha eit trygt og godt skulemiljø og gjera undervisning inkluderande. Som tydeleg og omsorgsfull leiar og klasseleiar får du vera med å utvikla Vigrestad storskule vidare.

Vigrestad storskule er ein skule med 5.-10. trinn. Det er to avdelingar ved skulen, ei for mellomtrinn og ei for ungdomstrinn. Avdelingane har kvar sin leiar, som i tillegg til rektor utgjer leiargruppa. Det er omlag 250 elevar og 40 tilsette ved skulen, der 105 av elevane og 20 av dei tilsette er på ungdomstrinnet.

Me kan lova deg ein skule med stort mangfald, mange dyktige og hyggelege kollegaer, god trivsel og eit godt profesjonsfellesskap. Som leiar får du mykje ansvar, stor påverknad på kva skule storskulen skal vera, mange spanande arbeidsoppgåver, personleg vekst, varierte dagar og masse humor.

Arbeidsoppgåver er blant anna: • dagleg drift med personal og elevar, for eksempel timeplanar, arbeidstider, vikarar og liknande • personaloppfølging • organisasjonsutvikling • undervisning • koordinering og samhandling med PPT, føresette og eventuelle andre instansar Kvalifikasjonar • relevant leiarutdanning, for eksempel rektorskulen, er ønskeleg. Det kan leggjast tilrette for at kandidaten gjennomfører relevant leiarutdanning etter tilsetting • godkjent undervisningskompetanse for ungdomstrinnet • gode IKT-kunnskapar • gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar: • trygg og tydeleg som leiar • relasjonsbyggar som skaper gode forhold for samarbeid • evne til å jobba under press • evne til å arbeida sjølvstendig, systematisk og målretta

Attestar og vitnemål Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Politiattest Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.

Tilsetjingsvilkår Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.

Link til søknadsskjema: Søk her

Søk på jobben
Søk senest 23.9.2026
Søk på stillingen →

Lignende stillinger

Teamleder Renhold
Spotless Renhold As · AKERSHUS

Spotless Renhold As i Akershus søker teamleder til renhold, fast heltidsstilling.

FastHeltidSalg og service
Salgsrådgivere nysalg – IT og mobil
Cloudahead As · AKERSHUS

Cloudahead søker 2 salgsrådgivere til nysalg innen IT og mobil, fast heltidsstilling, 100 % remote.

FastHeltid2 stillingerSalg og service
Independent Sales Person
León Bianca As · AKERSHUS

LEÓN BIANCA i Bærum søker én selger til luksusskinnvesker, deltid på prosjektbasis.

ProsjektDeltidSalg og service
Frist 23.9.2026