Hopp til innhold
NyttNæringslivsrapport for oktoberLes mer →

Funksjonsleiar merkantil

Folgefonn Dps  · Kvinnherad, Vestland

FastHeltidOffentligHelse og sosialFrist 11.12.2026

Annonsetekst

Vil du leie og utvikle merkantile tenester som betyr mykje for både pasientar og medarbeidarar?

Klinikk for psykisk helsevern og rus gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i Helse Fonna-området. Ved Folgefonn DPS tilbyr vi tenester innan psykisk helsevern og rusbehandling til innbyggjarane i Kvinnherad og Ullensvang kommunar, eit opptaksområde på om lag 19 000 innbyggjarar.

Verksemda vår omfattar døgnavdeling, allmennpoliklinikk på Valen og i Odda, FACT-team og TSB/LAR-tenester. Kvar dag arbeider vi for å gi heilskaplege og gode tenester til menneske som treng oss. No søkjer vi ein engasjert og utviklingsorientert funksjonsleiar for merkantile tenester. Dette er ei spennande leiarstilling for deg som ønskjer å bidra til gode arbeidsprosessar, styrkje samarbeid på tvers av fagmiljø og vidareutvikle viktige administrative tenester som understøttar pasientbehandlinga. Som funksjonsleiar får du ei sentral rolle i den daglege drifta og i vidareutviklinga av dei merkantile tenestene ved DPS-et. Du vil ha ansvar for å leggje til rette for gode rammer for medarbeidarane, samstundes som du sikrar effektive og framtidsretta administrative løysingar. Vi ser etter deg som trivst i ei leiarrolle, byggjer gode relasjonar og motiverer andre. Du er opptatt av kvalitet, utvikling og samarbeid, og ser moglegheiter der andre ser utfordringar. Som funksjonsleiar rapporterer du til avdelingsleiar og blir ein viktig del av avdelinga si leiargruppe. Her får du høve til å påverke, utvikle og bidra til ei viktig samfunnsoppgåve. 🤝 Vil du vere med og forme framtida for dei merkantile tenestene ved Folgefonn DPS? Då håpar vi å høyre frå deg!

Kva går jobben ut på?

  • Leie, organisere og vidareutvikle dei merkantile tenestene ved avdelinga
  • Ha personalansvar og leggje til rette for kompetanseutvikling, godt arbeidsmiljø og effektiv ressursutnytting
  • Sikre kvalitet i dei kontorfaglege tenestene og at gjeldande retningslinjer, prosedyrar og arbeidsprosessar blir følgde
  • Bidra til utvikling og effektiv bruk av digitale løysingar, samt delta i forbetrings- og utviklingsarbeid
  • Samarbeide tett med leiarar og fagmiljø ved Folgefonn DPS
  • Utføre rapportering, kontrolloppgåver og andre administrative oppgåver på vegner av avdelingsleiar
  • Ha ansvar for administrative system og arbeidsprosessar, mellom anna GAT, Elements, SAP/LiBRA, innkjøp, fakturabehandling og ressursstyring
  • Handle i samsvar med gjeldande fullmakter og styrande dokument

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Relevant erfaring innan administrasjon, leiing, helsefag eller tilsvarande
  • Lang relevant erfaring med administrasjon og koordinering kan likestillast med utdanning frå høgskule/universitet
  • Gode digitale ferdigheiter
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • Erfaring frå merkantile tenester i spesialisthelsetenesta
  • Erfaring med kvalitets- og forbetringsarbeid
  • Kjennskap og gjerne erfaring med dei aktuelle systema (GAT, Elements, Dips Arena, Sap/Libra)
  • Erfaring med arbeid som krev høg grad av sjølvstende og evne til å prioritere

Kva ser vi etter hos deg?

  • Skaper gode samarbeidsrelasjonar på tvers av faggrupper
  • Arbeider systematisk og har evne til å prioritere
  • Tek initiativ og følgjer opp avgjerder
  • Involverer medarbeidarane i utvikling og endringsarbeid
  • Kommuniserer godt og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Du må kunne arbeide godt sjølvstendig og i team
  • Du må væra løysingsorientert og fleksibel
  • Vi legg vekt på personlege eigenskapar.

Kvifor skal du velje oss?

  • Ei variert leiarstilling med høve til å påverke og utvikle dei merkantile tenestene
  • Samarbeid med ulike fagmiljø innan psykisk helsevern og rusbehandling
  • Høve til å bidra i utviklings- og forbetringsarbeid
  • Ein spennande og utfordrande jobb
  • Eit aktivt og trivelig arbeidsmiljø med fokus på fag og kvalitet
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Medlemskap i offentleg pensjonsordning

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Åse Digranes, Funksjonsleiar, 92647887, aase.digranes@helse-fonna.no Maren Elise Skogseth, Avdelingsleder, 95187657, maren.skogseth@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 13 5451 Valen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5210090207 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 11.12.2026

Søk på jobben
Søk senest 11.12.2026
Søk på stillingen →

Flere stillinger hos Folgefonn Dps 

Overlege i psykiatri
Folgefonn DPS  · KVINNHERAD, VESTLAND

Folgefonn DPS (Helse Fonna) i Kvinnherad søker overlege i psykiatri, fast heltidsstilling.

FastHeltidHelse og sosial
Frist 20.12.2026
API og MCPGET /company/922806586/stillinger

API

curl "https://api.sokfirma.no/company/922806586/stillinger" \
  -H "Authorization: Bearer sk_api_..."

Svar (utdrag)

{
  "agg": null,
  "total": 2,
  "hits": [
    {
      "uuid": "c391ec3a-3568-4f8f-a66a-c06fd0891da7",
      "title": "Funksjonsleiar merkantil",
      "municipal": "KVINNHERAD",
      "application_due": "2026-12-11 00:00:00+00",
      …
    },
    {
      "uuid": "e0a96682-40e0-44a4-aacb-de1d69997fb9",
      "title": "Overlege i psykiatri",
      "municipal": "KVINNHERAD",
      "application_due": "2026-12-20 00:00:00+00",
      …
    }
  ]
}

MCP

get_company_stillinger({ "org_no": "922806586" })

Spør AI-assistenten

  • Hvilke typer roller ansetter Helse Fonna HF Folgefonn Dps Rusbehandling Valen i akkurat nå?
  • Hvilke andre stillinger lyser Helse Fonna HF Folgefonn Dps Rusbehandling Valen ut nå?
  • Hva er søknadsfristen for «Funksjonsleiar merkantil» hos Helse Fonna HF Folgefonn Dps Rusbehandling Valen?
Kom i gang med API og MCP →

Lignende stillinger

Vernepleier til bolig i Nordland
Konstali Helsenor AS · NORDLAND

Konstali Helsenor, vikarbyrå med 375 ansatte, søker 3 vernepleiere til heltidsvikariat i bolig i Nordland.

VikariatHeltid3 stillingerHelse og sosial
Sykepleier til hjemmetjeneste i Vestland
Konstali Helsenor AS · VESTLAND

Konstali Helsenor søker 1 sykepleier til vikariat i hjemmetjenesten i Vestland, heltid, fra 30. november 2026 til 15. januar 2027.

VikariatHeltidHelse og sosial
Sykepleier søkes til oppdrag på Vestlandet
Emploi Helse AS · VESTLAND

Emploi Helse AS søker 1 sykepleier i vikariat på heltid til sykehjem og hjemmesykepleie på Vestlandet, 30.11.26–15.01.27.

VikariatHeltidHelse og sosial
Folgefonn Dps 
Frist 11.12.2026
Søk på stillingen →