Vil du bli vår nye skipsfører?
Maritim Drift, Fjord1 AS · Surnadal, Møre Og Romsdal
AI-sammendrag
Om stillingen
Fjord1 søker skipsførar til M/F Stangvikfjord i sambandet Kvanne–Rykkjem, ei el-hybridferje frå 2020 og eit av dei mest trafikkerte ferjesambanda i landet. Stillinga er fast på heltid, med 1 ledig stilling og arbeidsstad i Kvanne, Surnadal. Som skipsførar har du overordna ansvar for trygg og effektiv drift av fartøyet, inkludert sikkerheitsstyring, energileiing og oppfølging av rutinar og kvalitetssystem om bord. Ordninga er døgnvakt med 2 veker på og 2 veker av. Krav omfattar minimum D3-sertifikat, ROC/GMDSS-sertifikat, sikkerheitskurs, ferdigheitssertifikat i medisinsk behandling, krise- og passasjerhandtering samt gyldig helseattest.
Om arbeidsgiveren
Fjord1 AS driv innanriks kystruter med passasjerar og er ein stor aktør i bransjen med 1 714 tilsette. Selskapet er registrert som underenhet til næringsdrivande og offentleg forvaltning, med forretningskommune Kinn. Dette er ein solid, landsdekkande ferjeoperatør med etablert drift og eit stort tal tilsette.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 10. august 2026.
Om stillingen
Fjord1 har no ei ledig stilling som skipsførar i sambandet Kvanne - Rykkjem, p.t. MF Stangvikfjord.
Fjord1 søkjer no etter skipsførar til M/F Stangvikfjord på sambandet Kvanne - Rykkjem. Dette er eit av dei eldste og mest intensive ferjesambanda i landet, med 68 daglege avgangar. Her får du verkeleg utvikla dine ferdigheiter innan manøvrering og navigasjon! M/F Stangvikfjord er ei moderne og velutstyrt el-hybridferje frå 2020, med toppmoderne teknologi
Stangvikfjord har ein attraktiv skiftordning med døgnvakt med 2 veker på, 2 veker av. Perfekt for deg som vil ha god balanse mellom jobb og fritid. For dei som bur i nærleiken er det mogleg å dagpendle. Tilrettelegging for pendlere med fri bustad for deg som treng overnatting i arbeidsperiodane. Fjord1 dekker første og siste tur i arbeidsperioden (over 30 km). Gode fasilitetar om bord med eit godt mattilbod gjennom samarbeid med Matvarehuset, og eksternt firma som tek seg av dagleg reinhald. Sterkt arbeidsmiljø: Gode kollegaer, god stemning mellom skifta og solide støttefunksjonar frå landorganisasjonen gjer at du alltid har eit team i ryggen.
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Arbeidsoppgåver
Som skipsførar vil du ha det overordna ansvaret for trygg og effektiv drift av fartøyet. Dette omfattar sikkerheitsstyring, energileiing, den tekniske og operative tryggleiken om bord. I tillegg til ansvar for både personleg og miljømessig tryggleik. Du skal sikre at alle operasjonar blir gjennomførte i tråd med gjeldande regelverk, prosedyrar og krav frå styresmakter.
Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
Som leiar om bord er du ansvarleg oppfølging av rutinar og kvalitetssystem. I tillegg skal du utføre dei oppgåvene som går fram av stillingsinstruksen og sørgje for at alle avgjerder blir tekne med tryggleik og driftseffektivitet i fokus.
Kvalifikasjonar
- Minimum D3-sertifikat
- ROC/GMDSS-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Ferdigheitssertifikat medisinsk behandling
- Krise-og passasjerhandtering
- Gyldig helseattest
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
Personlege eigenskapar
- Vi ser etter ein erfaren og dyktig skipsførar med sterk forståelse for sikker navigasjon, operativ leiing og samarbeid i maritime team. Du må kunne håndtere krevande situasjoner med ro og besluttsomheit, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Erfaring frå ferjedrift eller tilsvarande vil vera ein fordel.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjøoffiserforbund.
- Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar
- Skiftordning: Døgnvakt - 2 veker på, og 2 veker av.
- Første og siste tur i arbeidsperioden dekkes (over 30 km)
- Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår!
Kontaktinformasjon
Jill Mari Juberg, Rekrutteringsmedarbeider, jill.juberg@fjord1.no
Arbeidsstad
6640 Kvanne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 AS Referansenr.: 5158051096 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 10.08.2026
Flere stillinger hos Maritim Drift, Fjord1 AS
Lignende stillinger
Marman Nor As i Dyrøy søker lettmatros som tilkallingsvikar til selvlosser, deltid.
VBS Transport Sentral søker 3 sjåfører/lagermedarbeidere til faste heltidsstillinger i Akershus.
Lavik Transport i Tromsø søker sjåfør/maskinfører til fast heltidsstilling innen transport og anlegg.
Thorleif Rønning Transport i Finnmark søker trailersjåfør, fast stilling på heltid.