Universitetet i Bergen lyser ut 2 stipendiatstillinger på heltid ved European University Institute i Firenze, åremål på 3 år.
Ledige stillingar for fagarbeidarar og assistentar i skule og SFO
Oppvekst Og Kulturetaten · Ulstein, Møre Og Romsdal
AI-sammendrag
Om stillingen
Ulstein kommune søker fagarbeidarar/assistentar til skule- og SFO-tilbodet ved Ulsteinvik barneskule. 3 faste stillingar på heltid er ledige. Arbeidsoppgåvene omfattar å følgje opp enkeltelevar og elevgrupper fagleg og sosialt i undervisning, friminutt og SFO, organisere leik og aktivitetar, samt samarbeide med føresette, lærarar og skuleleiing. Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ønskeleg, men søkjarar utan fagbrev med relevant praksis kan også bli vurderte. Arbeidsstad er Ulsteinvik i Ulstein kommune.
Om arbeidsgiveren
Stillingane er knytte til Ulsteinvik barneskule, ei underending til næringsdrivande og offentleg forvaltning innanfor bransjen ordinær grunnskoleundervisning. Skulen har 100 tilsette, noko som tyder på ein forholdsvis stor arbeidsplass i kommunal sektor.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 23.08.2026.
Annonsetekst
Ulstein kommune har fire grunnskular. Her kan du lese om skulane.
Ulsteinvik barneskule har ledige stillingar som fagarbeidar/assistent i skule- og SFO-tilbodet. Stillingane som er ledige no er faste stillingar.
Det kan også bli ledige stillingar på andre skular. Omfanget vil vere avhengig av eventuelle oppseiingar, permisjonar, interne overføringar og tildelte ressursar.
Vi arbeider for kjønnsmessig balanse i personalgruppa, og oppmodar difor menn om å søkje på stillingane.
Arbeidsoppgåver
- Hjelpe enkeltelevar og elevgrupper i skulekvardagen, både fagleg og sosialt, i undervisningssituasjonar, friminutt og på SFO
- Vere aktivt saman med elevane, og kunne organisere og sette i gong leik og aktivitetar med elevgrupper
- Bidra til å skape eit trygt og inkluderande fellesskap for elevane
- Samarbeide med føresette
- Samarbeide tett med lærarar, fagarbeidarar og leiinga ved skulen
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
- Erfaring frå arbeid i skulen eller anna arbeid med barn og unge
- Søkjarar utan fagbrev med relevant praksis kan bli vurdert
Personlege eigenskapar
- Du har eit positivt barnesyn og eit blikk for barnet sine gode sider og styrker
- Du evnar å etablere gode relasjonar til barn/ungdom og er ein tydeleg vaksen
- Du er trygg, omsorgsfull og har godt humør
- Du har gode samarbeidsevner og kommuniserer godt med elevar, føresette, kollegaer og leiing
- Du er strukturert, fleksibel og løysingsorientert
- Du har høg arbeidskapasitet og bidreg aktivt til et godt arbeidsmiljø Personlege eigenskapar vert lagt stor vekt på.
Vi tilbyr
- Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Varierande og spennande arbeidsoppgåver
- Tilsetting på vanlege kommunale vilkår Den som vert tilsett må legge fram politiattest av nyare dato.
Kontaktinformasjon
Karen Strand, Kommunalsjef, +47 99412490
Arbeidsstad
Sjøgata 63 6065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Oppvekst og kulturetaten Referansenr.: 5164476994 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 23.08.2026
Lignende stillinger
Nestwork, et bemanningsselskap, søker 3 barnehageassistenter til vikariat på deltid i Egersund, med fleksible arbeidstider.
Hvam videregående skole (Akershus fylkeskommune) i Nes søker lærer i naturbruk med realfag og teknologi, heltid, fast ansettelse.
Norskling i Oslo søker norsklærer med polskkompetanse til frilansoppdrag på deltid, undervisning via Zoom på hjemmekontor.
Mobarn Øverland Barnehage i Molde søker pedagogisk leder i 100 % fast stilling.
Omsorgsgruppen søker 5 beredskapshjem i Agder på heltid/engasjement for å gi barn og unge trygghet i akutte situasjoner.