Hopp til innhold
NyttNæringslivsrapport for oktoberLes mer →

Kommunal lege fast 100% 3. gongs utlysning

Kvinnherad Kommune Helse · Kvinnherad, Vestland

FastHeltidOffentligHelse og sosial
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Kvinnherad Kommune Helse.

AI-sammendrag

Om stillingen

Kvinnherad kommune søkjer ein lege i fast 100 % stilling knytt til legetenesta, med dei første to åra plassert ved Rosendalstunet i Rosendal. Rosendalstunet er eit sjukeheim med seks avdelingar og 60 plassar fordelt på langtid, demens og korttid/rehabilitering. Arbeidsoppgåvene omfattar heilhetleg medisinsk oppfølging, legevisitt, dokumentasjon, tverrfagleg samarbeid og fagutvikling. Ønskt oppstart er 01.08.2026. Dette er ei 3. gongs utlysning.

Om arbeidsgivaren

Rosendalstunet er ein underenhet av Kvinnherad kommune og driv sjukehjemstjenester i Kvinnherad kommune i Vestland. Eininga har 218 tilsette og representerer ein solid kommunal helseinstitusjon. Kommunen tilbyr ALIS-utdanningsløp i allmennmedisin, konkurransedyktig løn, offentleg pensjonsordning, dekning av flyttekostnader og moglegheit for sletting av 25 000 kr studielån etter eitt år i kommunen.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 23. august 2026.

Annonsetekst

Har du hjarte for dei eldre og eit godt lag med menneske? Då kan du vera akkurat den sjukeheimslegen vi gler oss til å få med på laget!

Kvinnherad kommune ønskjer å opprette ei ny 100 % legestilling knytt til legetenesta. Stillinga er knytt til Rosendalstunet dei første to åra. Institusjonen har seks avdelingar og 60 plassar fordelt på langtidsplassar, demens og korttid/rehabilitering. Vi tilbyr eit sterkt fagmiljø, tverrfagleg samarbeid og god tilgang til treningsfasilitetar. Som sjukeheimslege er du ein del av eit tverrfagleg team som består av sjukepleiarar, ergoterapeutar og fysioterapeutar. I tillegg til denne stillinga er det 1,1 årsverk i kliniske legestillingar fordelt på tre legar.

Rosendalstunet ligg i nydelege omgjevnader ved Hardangerfjorden (ja, du får nydeleg utsikt på kjøpet kvar dag).

Omtale av stillinga

Vi søkjer ein dyktig og engasjert lege som har strukturert arbeidsstil, kan jobba sjølvstendig og delta i kvalitetsutviklande arbeid. Vi ønskjer ein lege med kompetanse og erfaring frå sjukeheimsmedisin, allmennmedisin og/eller indremedisin. Søkarar med annan relevant bakgrunn vert òg vurderte. Engasjement, fleksibilitet, gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og personleg eignaheit vert vektlagde. Søkarar bør ha gjennomført LIS1/turnus, ha norsk autorisasjon som lege og ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.

ALIS Kvinnherad kommune er registrert som utdanningsverksemd i allmennmedisin. For kandidatar i ALIS‑løp kan vi tilby individuell utdanningsplan, rettleiing og internundervisning. Detaljar vert avtalte i samband med tilsetjing.

Oppstart Det er mogleg med snarleg oppstart og redusert stillingsprosent.

Arbeidsoppgåver:

  • Gi heilhetlig medisinsk oppfølging av pasientar, inkl. legevisitt, innkomstjournal, epikrise, årskontroll, legemiddelgjennomgong, samtykkevurdering og behandlingsavklaring
  • Sikre god og korrekt dokumentasjon
  • Dialog med pasient og pårørande
  • Tverrfaglig samarbeid med øvrige faggrupper på sjukeheimen
  • Samhandling med fastlegar, andre kommunale tjenester og spesialisthelsetjenesta
  • Bidra til internundervisning, kompetanseheving og fagutvikling
  • Holde seg fagleg oppdatert, mellom anna ved å delta på relevante møter og kurs

Vi tilbyr

  • Engasjert og fagleg sterkt sjukeheimslegeteam med fagmøte annan kvar månad
  • Avsett tid til fag/undervisning og dekning av relevante kurs
  • Høve til å møte mange ulike pasientgrupper og problemstillingar
  • Konkurransedyktig løn (etter avtale)
  • Offentleg pensjonsordning
  • Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet
  • Per i dag er det ingen eigedomsskatt på hus, hytter og næring
  • Gratis SFO, kommunal reduksjon i foreldrebetaling i barnehage og søskenmoderasjon
  • Dekning av flyttekostnader etter nærare reglar
  • Trygt og godt oppvekstmiljø
  • Natur i verdsklasse – fjord, fjell og friluftsliv rett utanfor døra

Legevakt Kvinnherad kommune har eiga legevakt. Det er mogleg å ta legevakter utanom arbeidstid dersom du ønskjer det, men det er ikkje pålagt.

Oppstart Ønskt oppstart er 01.08.2026, eller etter avtale.

Nærare opplysningar om stillinga, økonomiske vilkår m.m. kan ein få hos:

einingsleiar Irina Zimina tlf. 488 94 055

irina.zimina@kvinnherad.kommune.no

Link til søknadsskjema: Søk her

Flere stillinger hos Kvinnherad Kommune Helse

API og MCPGET /company/975270424/stillinger

API

curl "https://api.sokfirma.no/company/975270424/stillinger" \
  -H "Authorization: Bearer sk_api_..."

Svar (utdrag)

{
  "agg": null,
  "total": 1,
  "hits": [
    {
      "uuid": "c0496cb3-cda6-478a-9217-f8c40d4f17fe",
      "title": "Helsefagarbeidar 100% fast stilling, Rosendalstunet",
      "municipal": "KVINNHERAD",
      "application_due": "2026-11-29 00:00:00+00",
      …
    }
  ]
}

MCP

get_company_stillinger({ "org_no": "975270424" })

Spør AI-assistenten

  • Hvilke andre stillinger lyser Rosendalstunet ut nå?
  • Hva er søknadsfristen for «Kommunal lege fast 100% 3. gongs utlysning» hos Rosendalstunet?
  • Ansetter Rosendalstunet flere i Kvinnherad nå?
Kom i gang med API og MCP →

Lignende stillinger

Sykepleier søkes til oppdrag på Vestlandet
Emploi Helse AS · VESTLAND

Emploi Helse AS søker 1 sykepleier i vikariat på heltid til sykehjem og hjemmesykepleie på Vestlandet, 30.11.26–15.01.27.

VikariatHeltidHelse og sosial
Anaesthetic Nurse Wanted – Anaesthesia Unit 1
Aalborg Universitetshospital Syd

Aalborg Universitetshospital Syd søker 1 anestesisykepleier til fast heltidsstilling i Anaesthesia Unit 1 i Aalborg.

FastHeltidHelse og sosial
Frist 31.12.2026