Åna fengsel i Hå søker én fast heltidsmedarbeider til aktiviseringsteam — fengselsbetjent, miljøterapeut eller verksbetjent.
Fengselsinspektør - aspirantleiar
Åna Fengsel · Hå, Rogaland
AI-sammendrag
Om stillingen
Åna fengsel søkjer ein fengselsinspektør som skal leie aspirantopplæringa ved fengselet. Stillinga er eit 100 % vikariat frå august 2026 til og med juli 2027. Aspirantleiaren inngår i leiargruppa og har personal- og oppfølgingsansvar for aspirantrettleiarar og aspirantar i dei praktisk-teoretiske semestera av fengselsbetjentutdanninga. Arbeidsoppgåvene omfattar planlegging og gjennomføring av opplæring i tråd med studieplan og retningslinjer frå KRUS, fagleg ansvar for undervisning, rettleiing, tryggleiksvurderingar og sensur, samt HMS-arbeid ved eininga. Arbeidsstad er Hå kommune i Rogaland. Årslønn er frå kr 700 000 – 820 000 avhengig av kvalifikasjonar og erfaring.
Om arbeidsgivaren
Åna fengsel er ei undereining under kriminalomsorga med 255 tilsette, og driv innanfor bransjen aktivitetar i rettsvesen og kriminalomsorg. Fengselet er eit opplæringsfengsel i samarbeid med Kriminalomsorgens utdanningssenter KRUS, noko som gjer det til ein sentral aktør i utdanninga av framtidige fengselsbetjentar i Noreg.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 9. august 2026.
Om stillingen
Om stillinga
Åna fengsel søkjer midlertidig fengselsinspektør med ansvar for aspirantopplæring, i 100 % stilling for perioden august 2026 til og med juli 2027.
Åna fengsel er eit opplæringsfengsel i samarbeid med Kriminalomsorgens utdanningssenter KRUS. Dette inneber å leggje til rette for aspirantar under utdanning til fengselsbetjentstudiet i trå med den praktiske og teoretiske opplæringsplanen til KRUS.
Aspirantleiar inngår i leiargruppa i Åna fengsel.
Arbeidsoppgåver
- personal- og oppfølgingsansvar for aspirantrettleiarar og aspirantar i dei praktisk teoretiske semestra av utdanninga på vegne av Kriminalomsorgens høgskule og utdanningssenter KRUS
- ansvarleg for planlegging og gjennomføring av opplæring av aspirantar i trå med studieplan, årsplan og andre føringar frå KRUS
- fagleg ansvarleg for gjennomføring av undervisninga av aspirantar i samarbeid med KRUS, som gjennomføring av undervisning, rettleiing, tryggleiksvurderingar og sensur av innleverte oppgåver.
- disponering og oppfølging av aspirantar i praksis ved eininga bidra til utvikling og gjennomføring av undervisning for vikarar og eksterne samarbeidspartar
- oppgåver innan HMS arbeidet ved Åna fengsel
- det er utarbeid eige stillingsbeskriving for stillinga.
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i arbeids- og ansvarsområde.
Utdanning og erfaring
Du må ha
- bestått fengselsbetjentutdanning frå Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
Det er ønskjeleg at du har
- relevant utdanning på master eller bachelor nivå
- god fagleg forståing for oppdrag og virkemidlar i kriminalomsorgen
- kompetanse og/eller erfaring innan leiing, undervisning og/eller påverknadsarbeid
Personlege eigenskapar
- gode samarbeids- og leiareigenskapar
- god rolle- og systemforståing, og evne til å tenkje heilskapleg
- evne til å planleggje, avgjere og gjennomføre innanfor gjeldande rammer
- fagleg oppdatert og strukturert
- stabil og høg arbeidskapasitet
- evne til å motivera, byggja tillit og formidla kunnskap
Vi tilbyr
- meningsfulle oppgaver i en etat med et viktig samfunnsoppdrag
- gode pensjons, forsikrings- og låneordninger i Statens pensjonskasse
- godt arbeidsmiljø i et mangfold av fagområder
- gratis parkering
- el-billader tilgjengelig for ansatte
- Årslønn er fra kr 700 000 - 820 000 avhengig av kvalifikasjoner og erfaring
- Det blir trukket 2 % innskudd til Statens pensjonskasse
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til Assisterande fengselsleiar Morten Røer på telefon 51799011
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Flere stillinger hos Åna Fengsel
Åna fengsel i Hå søker én vikarbetjent på heltid med skiftarbeid innen kriminalomsorg.
Lignende stillinger
Lofoten Supply Team AS søker selger med distriktsansvar i Finnmark, fast heltidsstilling.
Rentaly AS søker renholder til deltidsstilling i Østfold, fast ansettelse.
Driftspartner Nord AS søker 10 B2B-selgere til SaaS-løsning, fast heltidsstilling i Finnmark.
AllCare Solutions søker 2 B2B-selgere i Innlandet til fast deltidsjobb med hjemmekontor.